Bilete frå Floren til Liv Gjørøy 4.september 2006

Kvelden før kronprinsparet skulle komme på vitjing til Bulandet var da samling i
Floren til Liv Gjøry for dei involverte i mottakelsen. Her blei da servert suppe, krabbe,
kaffe og kaker. God drikke kunne ein og få.

Lunsjpakken som kronprinsparet og pressa skulle få servert ombord i båten vart presentert.
Lunsjpakken bestod av 5 smårettar av sjømat og ein dessert.

Lunsjen var sett saman av MarinVest som er eit samarbeidsprosjekt for næringsutvikling innan sjømat
og havbruk på Vestlandet.
Menyen er utarbeid av Tore Skarstein ved Hjørnebua Restaurant i Flora.
Kokkar var frå Bestebakken, Bulandsferie, Hardbakke Gjestehus, Lingalaks, Mat og sirkus, Vågsberget og AS Nikøy.

Dei 5 kulinariske lunsjrettane var som fyljer:
Steikt fersk kamskjell frå Bulandet
Blomkålkrem og vinagrette

Røykt ål frå Nordalsfjorden
Sylta sopp, balholmsirup og valnøttbrød

Sylta sjøkreps frå fjorden
På pærechutney og toast

Røykt sild frå Nikøy
Fennikel i crème fraîche med dill, potet moussé

Oppdrettstorsk i tartarsaus
Hvitvinsgelé, lodderogn, urtesalat og toast

Desserten var:
Tradisjonell sagokrem
Kompott av blåbær med vanilje, i nøttekorg.

Reportasja frå sjølve kronprinsbesøket dagen etterpå finn ein her.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.

Småprating i sofakroken før maten vert servert

Linda og Astri frå Værlandet Vel i samtale med ordførar Aud Kari Steinsland

Heidi, Asgeir og Liv diskuterar eit eller anna kjekt

Den mannlege heimesideskrivaren prøve å sjarmere ho Frida litt, men kom til kort igjen.Da var vist nokon som var endå meir intressant å snakke med i dinna forbaska mobilen

Eli Melvær i full sving med å dandere ein eller anna spanande rett

Kultur og næringssjefen, Per Arne Tveit, inspiserar loftet på Floren til Liv.

Heidi ynskjer alle velkommen til bords

So har folk begynt å hive i seg mat

Ordførar Aud Kari Steinsland og Heidi Kjempenes

Anne Britt Sandøy forsyner seg med suppe, mens Jermund Landøy lurer på om da vert att litt te han og

Per Arne Tveit held ei lita tale, og introduserer dei som har utarbeid lunsjpakken

Lunsjpakken og historia bak vert presentert. Tore Skarstein som har utarbeid menyen ser ein i kvit skjorte ved bordet

Sånn ser lunsjpakken ut, før lunsjen vert plassert der då. Den fine dama som presenterer lunsjpakken huskar ikkje heimesideskrivaren navn på, men han skal nok finne da ut

Roar og Tore er godt opplærde på kjøkkenet, og hiv seg i oppvasken utan vidare dikkedarier.