Næringskonsulenten

 

Til AK portalen – v. 42-2010:

 

-------------------------------------------------------------------------------------------------------

Viktige datoar i Omstillingsarbeidet i Askvoll

 

Set av kvelden 10. november og dagane 11.-12. januar.

Askvolll kommune vart Omstillingskommune frå 2010. Kommunen får økonomisk og fagleg støtte frå fylkeskommunen til å styrke det næringsretta arbeidet.  For å oppnå dette må næringslivet ha eit godt samarbeid seg i mellom, og det må vere eit tett samarbeid mellom næringslivet og kommunen.

Omstillingsarbeidet er prosjektretta, og både næringslivet og kommunen skal vere med i styringsorgana.

 

 

10. november 2010 kl. 17.45 på Askvoll Fjordhotell – Skiping av næringsorganisasjon i Askvoll.

 

Næringsdrivande i kommunen vil verte invitert til å skipe næringsforening.

Styret  eller deler av styret vil gå inn som næringslivet sine 3 representantar i Styringsgruppa for Omstillingsarbeidet. Kommunestyret oppnemner dei to andre.

 

Omstillingsarbeidet er under omorganisering, og to modellar har vore vurdert:

-den eine med ein felles nærings- og omstillingsorganisasjon.

-den andre med to organisasjonar: eit eige omstillingstyre og ein frittståande næringsorganisasjon.

 

Invitasjonen vil innehalde framlegga  i detalj.

 

 

 

Tysdag og onsdag 11.-12. januar 2010 vert det kurs i Prosjektleiing (PLP) på Askvoll Fjordhotell. PLP står for Prosjekt-Leiar-Prosessen og er eit kurs utvikla av Innovasjon Norge for bruk i offentleg og privat utviklingsarbeid.

Kurset er for både næringslivet og det offentlege. Omstillingsarbeidet er organisert som prosjektarbeid, og alle som vil vere aktivt med i delprosjekta eller i ”hovud”-prosjektet bør ta kurset.

 

 

 

Passar ikkje våre datoar, kan du ta kurset i regi av Innovasjon Norge i perioden oktober til november, i Hermansverk, Førde eller Eid:  sjå linken nedanfor:

 

http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/($All)/0AE41492226732DDC12577B5002A3B35?OpenDocument