Folkeaukeseminar i Værlandet Ungdomshus 1. og 2. mai 2009.
 

Ein del driftige personar fant ut av vi måtte ha ei folkeaukeseminar i  Værlandet og Bulandet.  Under her kan ein sjå nokre bilde frå folkeaukeseminaret.
Eventuelle resultat og anna stoff angåande folkeaukeseminaret vil verte dokumenter etter kvart som da dukka opp.

Den mannlege heimesideskrivaren fekk spørsmål om å være med i tilfelle teknisk krise, og da var liksom noko av da einaste han viste om seminaret på førehand.
Tekniske krise er alltid interesante, om en noko skremmande  for  gamle satte ingeniøra, so da vart eg no med på.
Asbjørn frå 10. klasse skulle hjelpe til, og da gjekk som forventa. Ingeniøren lytta og gjorde som han fekk beskjed om, mens Asbjørn fortalte korleis ting fungerte.
Fyrste dagen letta ingeniøren på ræva eit par gonger for å trykke på nokre knappar, mens han andre dagen berre øvelet alt til Asbjørn som har greie på tekniske ting.
Spesielt imponert vart eg når Roar Werner fekk problem med musa før presentasjonen sin. Asbjørn skjønte problemet med ein gong, nølte ikkje eit sekund, og hoppa fram for å fikse sakene. Heimesideskrivaren hadde same tanken om problemet som Asbjørn , men skinkeflesket hans fekk ikkje tid å bevege seg frå stolen før alt var under kontroll.
Ei nærmast usynlig sak for dei fleste, men ein viktig liten detalj for å få seminaret til å fungere greit.

Den viktigaste ingrediensen for å få eit slikt seminar til å fungere er no uansett dei som finn på å arrangere noko slikt.
Tenk å våkne ein morgon med den ideen at no må eg få i sving eit folkeaukeseminar, og så få da til.
Nok om det, her under er nokre bilde frå seminaret.
 

 

Bilde frå folkeaukeseminaret fredag 1.mai.
Du må klikke ein gong på bilda for å få dei større.
 

Anita, Sølvi, Lisbeth og Heidi er tidleg i gong med å dandere stands og spekulere på korleis ting skal gjerast.

Asbjørn sjekka opp i om da tekniske virkar.

På kjøkenet i ungdomshuset er da full aktivitet for å lage mat til ivrige folkeaumeseminar deltakarar.

Janne har eit godt grep om sleivene mens ho tenkje på folkeaukeseminar og slikt. På blikket hennars ser da ut som ho har fått noko god inspirasjon som sikkert får utløp i løpet av helja.

Ved slike store arrangement må ein ty til barnearbeid og. Her er Ida i full gong med å hjelpe den litt eldre generasjonen med å få skikk på sakene.

Malene i full gong med å lage kaffi til folket, og kaffien vart skikkeleg god.

Anita skal være konfransièr, i ekte folkeaukeseminar ånd har ho herja så på at skjørtet har revna.

Heimesideskrivaren blei og grepen av skikkeleg god folkeaukeseminar ånd, og her er litt meir detalja angåande da revna skjørtet. Foreløpig provisorisk fiksa med ei sikkerthetsnål.

Ein ivrig mannleg heimesideskrivar lyt berre fylje med i heile prosessen når da gjeld revna skjørt. Her vert da fiksa med nål og tråd. Heimesideskrivaren måtte gje seg på fleire detalja, då nåla kom faretruande nær linsa og nasen på slutten.

Irene ser og ut til å ha nokre gode folkeaukeseminar idèar, mens ho legg ut program på borda.

Folkeaukeseminar og 1. Mai krev flagging på full stang. Malvin og Sølvi er i full gang med flaggheising. " Korleis var ditta flagdstikket att no? Var da unde her og øve dar?"

Flaggstikket er i boks og flagde går til topps.

Anita har fått skikk på skjørtet og åpna seminaret på ein profesjonell måte, som om ho aldri hadde gjort anna enn å være konfransièr i heile sitt liv.

Heidi tek ein siste sjekk på om PC'n er like oppegåande som resten av forsamlinga. Jau då, alt under kontroll.

Kulturskulen er fyrste innslag på seminaret. Per Vidar fortel litt om kulturskulen og introduserar dei ulike banda.

Bandet "Bris" startar opp. Frå venstre Jostein, Ida og Ola. Ka dissa gitarane og instrumenta heiter har ikkje den mannlege heimesideskrivaren så mykje greie på, men da var fint å høyre på.

Bandet "Kuling" var neste på programmet. Frå venstre Jaymarie, Bjarte, Ida og Petter. Chris Adrian er og med i bandet, men rakk ikkje fram i tide.

Bandet "Nordaråk" eller " Nordarock", heimesideskrivaren er noko usikker på skrivinga av navnet. Frå venstre Karina, Mariel, Eivind, Steinar og Anja.

Bandet "Marine". Frå venstre Karina, Mariel og Eivind.

Den nye næringsministeren i kommunen, Roald Nordeide, heldt innlegg.

Ruth Bakke fortalte om ka ho putla på med. Er da nokon som vil ha guiding og få vite mykje kjekt om Værlandet og Bulandet, så er Ruth rette personen å kontakte.

Heidi og Irene presenterte fiskebåtar og fiskeindustrien i Bulandet. Omsetninga og skatteinntektene frå fiskebåtar og fiskeindustri i øyane våre ligg på långt øve 100 millionar, ein draum for kvar ein kommune. Draumen for øyane er å få ei samferdsle som gjere da enkelt og raskt å få frakte dissa produkta ut på markedet til svolte folk, og omsett da i verdia som heile kommunen vil nyte godt av.

Audun fortel om Værlandet Fiskeredskap, frå dei starta på eit 16m2 bualoft til dei no har 800m2 nytt anlegg. Ei rivande utvikling, alt takka være stor klok innsats og at dei høyrer på kva fiskarane ynskjer og ikkje fortel dei kva dei bør ynskje. Dei har Noregs einaste garnhotell og har patentert eige garn, Værlands garn. Garnet er blitt ein sopass suksess at dei til og med sel da til Møre, utanom resten av landet og utomlands og.

Elin styrer powerpoint presentasjonen med ei konsentrert og stødig hand etter kvart som Audun fortel.

Roar fortel om Landøy Fiskeoppdrett AS. Mykje gledeleg optimisme og gode framtidsplanar, og fleire gode innspel om kvifor rask og god samferdsle er så viktig for øyane våre, og for kommunal inntekt og sysselsetting.

Berit Mjåseth fortel om nettverkskreditt, korleis småbedrifter kan utvikle kvarandre og å få lån til å utvikle ein god ide til ei levedyktig bedrift.

Så var da pause. Beate utnytta pausen til da fullkomne og gjer katten i resten av seminaret. Mamma Sølvi, som eig den gode varme armkroken da er så godt å sove i, heldt ut til siste nikk.

Etter pausen starta da opp med danseoppvisning.

Dansegjengen, som Heidi styrer med, heldt ei imponerande oppvisning. Og da lyste lang vei at dei kosa seg skikkeleg med å danse.

Dei kunne all slags dansa dinna gjengen her. Den mannlege heimesideskrivaren fekk masse god inspirasjon til danseaktivitetar seinare på kvelden, sjølv om han då stort sett putla på for seg sjølv med ein stakkars dansepartnar han tvinga med seg ut på golvet.

Rolf Kleiven frå Dale Vidaregåande Skule heldt eit drivande godt innlegg om skulen og samarbeid mylja skule og bygdesamfunn. Da var nesten so den mannlege heimesideskrivaren fekk lyst å søke om jobb dar, sjølv om han er i den gamle aldersgruppa som dei har flest utav dar inne. Her er da berre å utdanne seg unga!! Her er da månge arbeidsplassa i nærmiljøet om eit 10-år eller so.

Ordførar Aud Kari Steinsland avslutta dagens økt med å fortelje om oppgåvene kommunen har, korleis dei kan bidra og om planar i framtida. Stakkars Aud Kari, ho var ei av dei som heimesideskrivaren drog med seg og nauherja på dansegolvet seinare på kvelden, men like smilande var ho då og.

Bilde  frå seminaret laurdag 2. mai.

Asbjørn i full sving med å sjekke att alle lydkabla er stappa i rett hol, og at da er lys og lyd dar da skal være slikt for noko.

Så er Asbjørn i full sving med å fortelje Heidi korleis ein kopla om frå DVD til PC. Heidi ser ut som om ho kanskje har logga ut frå systemet, men ho berre lytta nøye itte.

Heidi har nok ein gong full kontroll.

Anita åpna dagens seminar på same profesjonelle måte som i går. Ho hadde byta ut da karva skjørtet med bukse i dag, slik at den mannlege heimesideskrivaren fekk fokusert meir på da faglege innhaldet av seminaret.

10. klasse på Bulandet Skule har laga ein film om øysamfunnet vårt, og dagens seminar starta med den filmen. Her er nokon av dei som har vore med å lage filmen. Frå venstre Asbjørn, Anja, litt av nasetippen til Marlene, Martin og Jostein. Kari står skjult bak i rua, og resten er vekk på komfirmasjonar rundt omkring.

Heidi fortel litt om arbeidet med å lage filmen. Ho skrytte masse av elevane som har stått bak filmprosjektet. Men ho skrytte ikkje nok, for da går nemlig ikkje an, filmen var so god at den berre må sjåast, den mannlege heimesideskrivaren har heller ikkje ordforråd stort nok til å beskrive kor god filmen er.

Kari fortalte litt om filmen og takka for støtta dei har fått til den, på vegne av klassen. Kommunen har bidrege med pengestøtte og skulen har kjøpt inn utstyr for å lage film. Filmen varer ca. 15 minuttar og kan kjøpast for 100 kroner. Inntekta går til skuletur for 10.klassingane. Utgiftene til filmen er verdt kvart sekund filmen varer.

Grendalaga Værlandet Vel og Bulandet Grendalag presenterte seg.Tidlegare grendalagsleiar Heidi representerte Bulandet Grendalag, då leiar Frank Hatlø befinn seg ute i havet, Laila Blom er leiar i Værlandet Vel.

Laila sit og i bassengnemda, og ho presenterte planane for bassenget i Bulandet. Da ser ut som om vi får basseng i løpet av dei neste få åra, og vi gleda oss stort alle saman. Laila kom til Værlandet for nokre år sidan, ho fant seg ein nogenlunde staut Værlenning. Ho lurte fælt på kva slags tullinga som gjekk her ute og drømde om basseng når ho kom, no er ho like tullete sjølv og vi er utruleg glad for da. Da ser endeleg ut som om vi får basseng, og vi er alle evig takknemlige for kva "Bassengnemda" har fått til gjønna mange års hardt slit.

Per Arne Tveit fortel om Lutelandet Utvikling. Her er da mykje gode plana og mange gode tankar. Vi får alle håpe at nokre av planane vert realisert, her er da eit stort potensiale som alle kommunane i nærområda og innbyggarane i kommunane vil nyte godt av.

Laila presenterte Brimmen Quarry, som vi lokale kjenne best som Landøy Steinindustri. Ho har nett vore i Chicago på seminar, og dar borte viste dei meir om Black Beauty enn kva dei fleste her heime veit, og alle var imponert. Ho Laila såg optimistisk på framtida, og ligna i grunn mykje på steinen dei er kjent for, i navnet då, Black Beauty.

Gry heldt innlegg om Værlandet Båt, Informasjonsenteret for sjøfugl, Værlandet Gjesteheim, ørnekamera og mykje meir. Da er utruleg ka dinna jenta får tid til. Her dreiv ho pub til seine natta på fredagen, til glede for alle, og lørdagen morgon er ho like blid, våken og tilsynelatande full av energi. Ikkje berre da, men omtrent heile slekta, inkludert svogra og svigerinnne, var involvert i å lage da kjekt for folk fredag kveld. Da er nok noko positivt og inkluderande i dinna Leite-gjengen som andre sikkert kunne ha god nytte av å få lærdom frå. Heimesideskrivaren tenkje då ikkje lengre perspektiv enn si eiga slekt.

Så er da pause. Anja og Kari passa på kake og kaffisalet, mens Malvin tek eit øveslag over kakene han kunne tenke seg. Da ser ut som om han kan tenkje seg da meste, i god folkeaukeseminar ånd.

Da er flott veir på seminardagen, og dei fleste nyt veiret ute i pausa. Her står Håvard og Einar og drøsa litt øve kva dei kan bidra med i folkeaukesamanheng. Dei er nok einig om at dei har levert stafettpinnen vidare, og den pinnen ser no ut til å virke godt.

Når da er pause så ser ein liksom kor mange folk som har komme på seminaret, og som ein kan sjå så er parkeringsplassen full

Menga har hivd i seg kake og kaffi og komme seg ut i fineveiret. Men 10. klassingane må halde stand i tilfelle da forvilla seg inn ein ny sjel som vil ha kake og kaffi.Frå venstre står ein ukjend kar for heimesideskrivaren, Martin, Asbjørn og Anja. William og Cris Adrian står på galleriet for å lære litt salgsteknikk og folkeskikk av 10. klassingane.

Ein del av da framtidige håpet for bygdene våre ligg lettare henslengt i sofaen på kaffirommet, "Flekke-rommet" som da vistnok vert kalla etter ein revy som var eingong i tidene. Frå venstre, tidlegare nabo som heimesideskrivaren eingong var julenisse for, han såg forskremd på nissen medan bleia vart tyngre og tyngre og lukta meir og meir ufjelgt, Bjørnar ( han var ikkje mykje forskremd i dag), tvillingane Steffen og Andrè ( heimesideskrivaren ser ikkje forskjel uansett kva ein seie), ein for heimesideskrivaren ukjend kar, Wencke, Janette og endå ein ukjend kar. Heimesideskrivaren trur da var ein kar Janette kom dragande med, og då er da nok i tilfelle ein skikkeleg vetig kar.

Lisbeth og Sølvi styra på ute på kjøkenet i pausa. Takk og pris at vi har sleke jente, ellers hadde da ikkje vorte mykje seminar, for ikkje å snakke om kor lite kake og kaffi da hadde vorte i pausane.

Hilde nytta pausa til å komme med inspirasjonsfulle forslag til kallen, Helge. Han ser ut til å være åpen for dei fleste forslag i so måte.

Etter pausa hadde Tae Kwondo gruppa innslag. Mathilde fortel litt om gruppa og kva dei held på med.

Tre representantar frå Tae Kwondogruppa klar til innsats. Frå venstre Magnus, Wenche og Mathilde.

Her går da so fort føre seg at kamera til heimesideskrivaren ikkje klara knipse fort nok.

Tor-Arin simulerte ein potensiell voldsforbrytar, og her prøve han seg på Monica. Han vart lagd so fort i bakken at heimesideskrivaren ikkje klarte å knipse so fort på kamera.

Tor-Arin gjer ikkje opp så lett, og her prøve han seg på nytt. Dinna gongen er da Ida han prøve seg på.

Stakkars Tor-Arin må nok prøve andre metoda for å tilnærme seg jentene, da var snakk om sekunda før han vart sleng i bakken.

Vegard er neste voldsforbrytar som skal prøve seg. Heimesideskrivaren klara ikkje komme på navnet på jenta no på seine natta, her må eg ha hjelp.

Sjølv om heimesideskrivaren ikkje kjem på navnet til jenta, so gjorde ho kort prosess på Vegard.

Tae Kwondo gruppa takka for seg. Ein utruleg dyktig gjeng.

Roar Werner Vangsnes heldt eit glødande innlegg om distriktssenteret i fylket vårt, og overbeviste både ungdommane våre, og oss gamlingane om at byråkrata i fylket i grunn ikkje er so fæle og farlige som vi trur. Roar Werner hadde T-skjorte med tekst, (fritt øvesatt) "Kjeringa åpen", noko som medførte endå meir inspirasjon i salen.

Torbjørn Løland er no berre eit mirakkels utav ein kar. Han var lærar på Værlandet eit tak i tidene, og han er ein slik type alle teie stilt og lytta på når han skal sei noko. Da er ikkje fordi at alle forventa at da kjem noko komplett vetigt utav han, men alle veit at da som kjem ut er nogenlunde vetige ting, innpakka i løgne ting, eller motsatt. Ei utruleg formidlingsevne.

Torbjørn har komme litt i siget med formidlinga si, litt kry øve den staselige mikrofonen han har fått på deg. Roar Werner står bak og fotografera. Enten fotografera han Torbjørn, baksida av den avanserte mikrofonen, folket i forsamlinga, den mannlege heimesideskrivaren som fotografera eller so berre vise han fram kamera sitt. Same kan da være, da vart no eit godt heimesidemotiv uansett då.

Torbjørn har fått klikka fram powerpoint presentasjonen sin. Her ved Sølvi, Gry og Elin. Fingrane til Torbjørn peika mot framtida og ungdommen vår, mens auga våre kvila på den vakre powerpoint presentasjonen hans.

Anders Lien fortalte om fond og midlar som kommunen kan bidra med, pluss mykje anna intressant som ein i grunn ikkje var so klar over. 10. klasse fekk bidrag til å lage filmen sin, men da er ellers mogeligheiter til å søke om da meste.Så sant søknadane er vetige og formålet er nyttige for andre ein kun seg sjølv, så er da berre å søke.

Aud Kari heldt ei avslutningstale, og var godt fornøgd med alt som hadde komme fram under seminaret. Ho var litt lei seg fordi da var so få kommunepolitikarar tilstades, men ho skulle kjefte grundig på dei når ho kom heim.

Avslutninga på seminaret var oppsummering og diskusjon. Kallen til konfransièra Anita, som heimesideskrivaren ikkje klarte å somle seg til å få navn på eller bilde av, stilte nokre kritiske spørsmål angåande kommunen sitt engasjement og vilje til å drive gjønna bygging i strandsona og vilje til å få næringsliv til kommunen. Da viktige innlegget heldt på å verte forbigått i stillheit, men heldigvis har vi Jardar som tek tak i slike ting. Her ser ein Jardar mens han stoppa den tilsynelatande endelause stillheita.

Fleire hivde seg ut i diskusjonen. Her er da Frida som som held eit engasjert innlegg.

Anita takka alle for deltakinga i seminaret. Ho vert nok konfransièr fleire gonger den tutta dar. :o)

Her ser ein nokre av folkeaukingseminarstartarane. Dei har gjort ei formidabel oppgave, som blei avslutta med stor suksess. Frå venstre: Dag Ove, Sølvi, Lisbeth, Heidi og Anita.