Nordisk Film har eit filmprosjekt på gang, og øysamfunnet vårt er eit av alternativa.

Nordisk Film har plana om å lage ein dokumentarserie om eit bygdesamfunn.
Bygdesamfunnet skal være livskraftig i seg sjølv, og ikkje være avhengig av dagleg pendling  inn til større byar eller tettstadar. Det skal være eit oppegåande samfunn med folk i alle aldre, butikk,skule, næringsliv og alt slikt som høyrer til i eit godt sjølvdreve bygdesamfunn litt utanfor sentrale strøk. Så er da sjølvsagt ein fordel att folk i bygda er velvillig innstilt til å bidra i filmprosjektet.
Blir da øysamfunnet vårt som vert valgt ut til å delta i dokumentarserien så blir ingen tvinga til å delta på filmen, alt er frivillig.
Nordisk Film har allerede vore å kikka på rundt 30 bygdesamfunn i landet, og no har dei plukka seg ut 8 kandidatar som dei skal sjå nærmare på. Øysamfunnet vårt er er ein av dei kandidatane.
I dag 17. april var to karar frå Nordisk Film ute og kikka på oss, om vi er brukandes på film. Da var Martin Ramstad som er noko som heiter castingansvarlig og Per Jørgen Østby som er produsent. Dei heldt eit lite opplysningsmøte på Joker Bulandet etterpå.
Når dei no har vore å besøkt dei 8 bygdene, skal dei velge ut 3 stykker som går vidare i utvelgelsen. Er vi med blant dei 3 så kjem da ein ny delegasjon på ein 6-7 stykker som skal spekulere endå meir.
Så får vi berre sjå om vi vert utvalgt, spennande er da no.

Her er nokre bilder frå opplysningsmøtet.

Du må klikke ein gong på bilde for å få da større.
 

Martin Ramstad som er castingansvarlig gjer seg klar til å skrive ned på PC'n alt da vetige som vert sagt på møte. Men litt mat må han ha i skrotten først, da same er no Anbjørg og Håvard opptekne av og.

Per Jørgen Østby som er produsent fortel om prosjektet. Alle potensielle filmskuespelerar føl nøye med, mens dei tygg på maten sin so stilt dei berre kan.

Per Jørgen Østby litt nærmare. Da er litt stas for heimesideskrivaren å vise att han kan både zoome og fokusere kamera når da er profesjonelle filmfolk til stades.

Martin Ramstad har oppfatta noko lurt som blei sagt, og har begynt å skrive for harde livet. Håvard høyrer nøye etter mens han putla på med å få middagstallerken sin skikkelig dandert.

Etter kvart so blei da mykje intressant Martin Ramstad måtte skrive ned, her er han nesten ferdig med første sida.

Magni var intressert i å høyre kva filmfolket fortalte, men straks heimesideskrivaren tok fram kamera so prøvde ho å rømme. Utanom Magni sjølv, so er no skuldera og handa hennars makelaust fotogene dei og. Så her har vi nok med ei stor framtidig filmdiva å gjere, da er berre å få ho til å stå iro framfor kamera.