Ferje aksjon den 24. august 2006

Den 24. august kom ferja "Fjalir" på sin fyrste tur til Værlandet. Lokalbefolkningen har uttrykt at dette er ei ferje vi ikkje ynskje å
ha i dette sambandet.

Ferjestrekninga mylja Askvoll, Fure og Værlandet er svært værutsatt, og ei opa ferje som "Fjalir" vil gjere alle bila som kjøyre strekninga
vinterstid oversprøyta og omtrent lagt i saltlake. So vidt som heimesideskrivarane veit ,so er da enno ikkje laga bila som er beregna på å ligge
i saltlake. "Fjalir" er og ei ferje som har ord på seg for å slingre mykje, da er heller ikkje nokon fordel når ferja skal nyttast i ope og særdeles
værutsatt farvatn.
Eit anna ankepunkt er at ferjestrekninga sommerstid er mykje nytta av turistar som kjem av ei årsak, og da er å sjå på den vakre naturen som omkransa strekninga Askvoll - Værlandet. Denne attraksjonen vert da ikkje so mykje av nå dei må sitje i ein salong utan vindauge langt under dekk. Da er ikkje berre berre for turistane å ta seg ein tur utomhus for å sjå på utsikta når skjørta fyk øve haue og kameralinsene vert fulle i saltvatn.

Omtrent alt so kunne krype og gå ute i øyane hadde møtt opp for å markere motstanden mot den nye ferja. Ferjekaia var full av folk og kjøyretøy i alle varianta, alt frå elektriske bila til gravemaskiner var representert. Øyafolket veit å sei frå når dei ikkje er fornøgd, men som vanligt føregjekk alt seg i ordna former heilt utan antydning te vold eller ukvemsord. Men da var ingen som kjørde eller gjekk ombord i ferja, so den reiste tom tilbakers til fastlandet.

Under her kan ein sjå nokre bilete frå tildragelsen


Du må klikke ein gong på bilete for å få da større.
 

Her ser ein litt av bilane som hadde stilt seg opp, og fleire kom da seinare.

So lång har aldri ferjekøa på Værlandet vært før.

Her har da samla seg mykje av både folk og bila.

So kjem ferja og alle tusla ned til ferjekaia for å uttrykje misnøya si

Kaia er full av folk og bila men ingen vil være med ferja.

Heidi frå Bulandet Grendalag og Linda frå Værlandet Vel er ikkje goe å bryne seg på for verken Fylkesmanna eller ferjeselskap. Vi ute i øyane er i alle fall skikkeligt fornøgd med å ha sånne engasjerte dame som ordna opp for oss.

So har ferja gått tom attende mot fastlandet, og aksjonistane tusla seg heimatt

Rolv Landøy har skrive fylgjande kommentar etter demonstrasjonen:

Den bakvende visa!

Med bildekka flate og tom for bensin

eg køyrde avstad nedpå kaia

og Nybø-band spelte med dobbel sordin

og Høgkletten svinga og svaia

 

Eg låg og eg datt eg drøymde i natt

eg totte den visa var bakvendt radt

 

Når Fjord – ferja "Fjalir" stemnde mot vest

Då såg eg at øyfolket tende

dei samla seg alle i stille protest

då ferja gjekk tomhendt attende

 

For mange er redde for lekam og liv

dei skjelv for den store sjøboren

når ferja er open og sjøroket driv

dei gruvar for Aldefjorden

 

Turistane elskar og reise og sjå

og vandre på øverste klasse

men her må dei værs’ go i kjellaren gå

i fall dei vil bli med på lasset

 

Her ute det struttar av vilje og von

av trivsel og framgang og viten

vi kan ikkje godta komplett stagnasjon

vi let oss ’kje trakke i skiten

 

Om Fjord – styret no berre rota da te

og vildrar i villaste skogen

så må dei av gull – taburettane ned

vi vil ikkje har dei for plogen

 

Eg låg og eg datt og eg drøymde i natt

Eg totte den visa var bakvendt radt.

 

Rolv Landøy, august 2006.