Folk på Bulandet i gamle og, litt frå ikkje fullt så dager.

Er da nokon som har tilleggsopplysningar eller ser dåke noko som er skreve feil, so må
dåke gje beskjed ved å sende mail til ---> Her er noko lurt heimesideskrivarane må få vite.

Er da nokon som ikkje vil ha bilda som eg legg ut, liggande her, så sei frå og dei vil verte fjerna. Ved tvilstilfelle vil motiva på bilde verte kontakta før bilda vert lagt ut, men da vert litt arbeid å kontakte alle vist da er bilde med mykje folk på. Så gje tilbakemelding vist de er misfornøgd.

Her kan du sjå gamle bilete frå albumane til Håvard og Anbjørg Halsøy.

Du må klikke ein gong på bilda for å sjå korleis dei ser ut i virkeligheita.
 

Er da nokon som har bilde og historie frå fiskeri eller daglegligliv frå tidligare dager, da treng ikkje være so gamalt, so kontakt oss heimesideskrivarane. Da er berre so kjekt å legge sånt ut på nett.
 

Eit bilde teke på Veineset , truleg eingong på 1930-talet. Den vaksne mannen til venstre er "Mattern" og han hette vel Mathias Kjempenes, mannen til høgre er "Snusken" og han hette i alle fall Mathias Kjempenes. Ungane er foreløpig ukjente, men er nok nokre av dei eldste ungane frå "heime i Hola" på Vadøy.
 
   

Eit litt mørkt og uklart bilde, men er likevel ein god dokumentasjon på fiskeriaktiviteter i gamle dager. Bildet er frå ein sildefangst i Kyllaren, truleg på 1930/40 talet. Kyllaren ligg midt mylja Nordre- og Søre Guriøyna, på vestsida.  Kyllaren betyr på "fint" det same som lagune.
Motorbåten som vi ser på bilete frå Kyllaren er “Reidar” SF-163-A
Bygd i Hardanger i 1928
27 X 9,4 X 3,5 fot
Wichmann 6Hk. år 1928
Eigar: Alf Mælver
seld 1945 til Morten Kjæmpenes, går ut som merkepliktig fiskefartøy i 1950.
 
     


Tre bilder av  Ds Anna Rehder som lastar storsild for nedising i Nikøy-osen, Bulandet. Fartøyet 1921/stål/brt:723 var eigd av Carsten Rehder, Altona, Tyskland . Kjøpte opp storsild på Vestlandet vinteren 1939 for ising i kassar om bord. Silda vart eksportert fersk og nedisa til Europa. Her henta dei sild frå steng

Eit bilde fra Veineset på slutten av 1930-talet. Det er truleg frå begravelsen til "Madam Norstrand", og ho døde 1938 eller 1939, trur eg.

Eit bilde frå Melvær 1945, teke på vestsida av huset der han Jardar og kompani bur. Då hadde dei inngong mot vest, og no er kjøkenglaset omtrent der som døra på dette bildet er. Dei som heiter Jansen til etternavn er søskenbarn til Jardar, og er borna til Bjørg Jansen f. Melvær.
Frå venstre ser vi Kristian Jansen, Alv Melvær, Åse Melvær, Liv Nikøy, Jofrid Melvær, Rigmor Melvær, Gunn Jansen og Jardar Melvær.
 
 
To bilder teke i Neasaosen i Bulandet, frå to tidsepoker.
Første bilde viser søre enden av Vadøy og Thistelen  rundt 1930/40. Årstal ukjent, og tek gjerne imot hjelp.
Andre bilde er av same motiv i 2002. Det har skjedd endringer etter det her bilde er teke også, så om ikkje so brått vert bildet bytta ut med bilde frå 2012.

Eit bilde frå Sandøyna 1956 eller 1957. Det er jul, og dei store sit å kosa seg med kaffi og kaker, etter at småungane er jagde til sengs.
Frå venstre Lina og Johan Kjempenes ( blant anna besteforeldre til Steinar Kjempenes, som er ein av småungane som er jagd til sengs), Astrid Kjempenes, Johan Kjempenes ( drukna i Trondheim i 1958) og Andreas Kjempenes.

Eit bilde frå Sandøyna, truleg på begynnelsen av 1950-talet. Det er Kitty og Andreas Kjempenes som står synnai huset og held på dattera Astrid.
 
    
Det første bildet viser floren og naustet i Låsvågnesa, truleg eingong på slutten av 1930-talet. Låsvågnesa ligg rett sør for vegen, før ein begynne på Ytre Melværsundbrua når ein kjem innaifrå. Det andre bildet viser tufta av floren i dag , og siste bildet viser tufta av naustet.
 

Eit bilde frå midten av 1930-talet, som er teke i Melvær. Motivet er Einar Norstrand, som er fødd i 1928, og hunden "Stubben" som han har mylja beina. Haugen bak er Synderhåjen, som ligg rett innai huset hans Jardar og som idag er full av skog. Bilde av dagens Synderhåg kjem om ikke så brått.
 

Eit bilde teke på Holmen (der Fiskeindustrien er no) i 1936, bildet er teke mot Nikøy. Kitty og Bergljot er på vei til Stryn for å begynne på husmorskule, og resten av gjengen var med for å fylje dei til rutebåten, som la til ved Holmen.
Bak frå venstre står Bergljot, Kitty og Andreas Kjempenes.
Framme frå venstre  står Marit Nikkøy ( litt usikkert), Jorunn Hillersøy (Nikøy), Bjarne Hillersøy og Knut Hillersøy bror til Jorunn.
 

Eit bilde frå i alle fall før 1940. Bildet viser Melværvågen, der moloen og havna er i dag.

Ein vakker sommerdag ca. 1936 i Sandøyna, nordai huset der Steinar Kjempenes kjem frå.
Frå venstre Edvard J. Kjempenes f. 1927, Johan f. 1882 og Lina Kjempenes f. 1892 ( besteforeldrene til Steinar), Johan Kjempenes f. 1932.
Gutane Edvard og Johan er onklane til Steinar. Johan drukna i Trondheim i 1958, berre 26 år gammel.


Eit bilde frå Bjørnøyna, teke ein gong tidlig på 1950 talet, og eit bilde av same motiv frå 26. februar 2012.
 


Marie f. Vilnes og Magnus Melvær. Det er besteforeldrene til blandt anna Rigmor Norheim ( Melvær) . Bildet er nok frå slutten av 1940-talet. Begge er fødd i 1877, Magnus døde i 1951 og Maria i 1961.
 

Eit bilde teke frå Tistelen sånn ca. 1960.
Frå venstre ser vi Antonette Mjømen. Ho var opprinnelig frå Borge i Lofoten, og kom til Bergen med ei jekte i 1916. Der gifte ho seg med Ingolf Mjømen, som var bror til Kristoffer Elias Mjømen, og som budde på Tistelen.
I midten ser vi Anita Kjempenes ( Rogne) og mor hennars Kitty Kjempenes. Kitty var dotter til Kristoffer Mjømen.

Eit bilde frå Stormhåjen på midten av 1960-talet. Bildet er teke på austsida av gamlehuset på Stormhåjen.

Anders Norstrand står og held på Oddlaug Norstrand, mens Pippi Norstrand står lettare henslengt ved gjerdet og kikka på.
 


Eit bilde teke i Bjørnøyna eingong på første halvdel av 1960-talet.
Framme frå venstre sit Liv Kjempenes, Morten Kjempenes og Andreas Kjempenes.
I midten frå venstre Line Kjempenes, Jensine
(Herland) Kjempenes, Anita Kjempenes ( Rogne).
Bakerst står frå venstre Arne Kjempenes, Kitty (Mjømen) Kjempenes og Sigrid Kjempenes.
Andreas døde 1966, berre 48 år gammel.

Ein kjekk liten kar ute i Sandøyna på midten av 1950-talet. Han er like kjekk den dag i dag, om enn litt større, Steinar Kjempenes.

Eit koseleg bilde av 2 søstre som sit å nyt livet inne i Bjørnøyna ein sommerdag i ca. 1937. Jenta til venstre er fødd i 1933, derav ca. 1937. Ho er vel rundt 4 år her.
Til venstre Liv og så søstra Fredny, begge Kjempenes.
 
 
To staute karer ombord i "Hendanes" på midten av 1960-talet. Båten var i Bulandet i tidsrommet 1961 til 1967. Ein kan lese meir om "Hendanes" rett under her.
Dei staute karane i slutten av 20 års alderen er frå venstre Anders Norstand og Mathias ( Dullen) Kjempenes.

Eit bilde teke i nore staua på Stormhåjen i 1969. Dei har kaffislabberas rett etter komfirmasjonen til Paul.
Frå venstre ser vi Augusta Hermanda Norstrand, Bjørg Norstrand, Oddlaug Norstrand, Britt Norstrand og Herborg Karlsen.

Her ser vi eit bilde av "Hendanes" rett før den kom til Bulandet. Det var Arne, Anders, Einar og far deira Anders Norstrand som kjøpte den til Bulandet.

 

Her er eit bilda av ein søndagstur med "Hendanes". Framme til venstre sit Arve Norstrand. Bak han sit Bjørg Norstrand og Malvin Hillersøy. Dama meg ansiktet mot kamera er Dagmar Hillersøy. Så har vi Einar Norstrand, Britt Norstrand og Finn Hillersøy. Bildet er frå rundtomkring midten av 1960-talet.
Her er litt info om Hendanes:
Mk «Hendanes» SF-15-SV
Bygd i Romsdalen 1915
41 x 12,7 x 6.3 fot.
Bolinder 20Hk..
Union 30Hk 1937
Ombygd 1944
48 x 12,7 x 6.3 fot.
Partr. Lars I. Oppedal, Vågsvåg
Overtatt av Hans L. Oppedal, Vågsvåg
Seld 1961 til Arne, Anders, Anders A. og Einar Nordstrand Bulandet SF-313-A
Seld ca 1967 til Ragnar P. Igland mfl. Bremanger SF-37-B
 

Eit kjekt bilde frå midten av 1960-talet. Bildet er truleg teke på Stormhåjen.
Framme frå venstre Pippi og Oddlaug. Bak frå venstre Paul og Arve. Alle Norstrand til etternavn.

Eit bilde som er teke i staua til gamlehuset på Stormhåjen. Bildet er teke på 7-års dagen til Pippi i 1966.
Frå venstre sit Oddlaug , Torill ( Vårdal), Kjell Håvard og Pippi ( Rogne). Alle med etternavn Norstrand i dei dager.
 

Eit badebilde frå Melværen frå 1948 +/- 1 år.
Frå venstre Erling Hillersøy med Karen Marie Melvær på fanget, Annemor på Skjera ( Karlsen), Åse Melvær, Klaus Karlsen, Magnus Melvær, Anna på Stormhåja ( Norstrand). Dei to med badehette er Rigmor Norheim og Audhild Hovland ( kusina til Rigmor frå Dale). Guten i vatnet er Alf Melvær og jenta i framkant er Jofrid Melvær. Jenta som sit på berget heiter Lillian og er frå Finnmark, det var ei jente som mor til Rigmor tok med seg heim etter krigen.
 

Dette bilde er teke ombord i MK Peto, som blei leigd av Edvard Norheim. Den blei leigd 3 sesonger frå 1948.
Peto var ein engelskmann kutter på 70-75 fot, med ein 60 Hk Wichmann motor. Den hørte heime på Bømlo.
Karane eg har fått navn på er øverst : Reidar Thistel. Dei som står, er frå venstre: Ukjent, Torolf Norheim, Karl Kjempenes, ukjent, ukjent.

Tek gjerne imot hjelp for å bestemme nøyaktig årstal og navn på dei ukjente.
Her er litt info om Peto:
Mk «Peto» H-122-BO
Bygd ved Sanders i Galmpton, England i 1910
69,9 x 18,9 x 8.6 fot
Wichmann 60Hk år 1930
Innkjøpt 1930 av Steinar A, Karl Andreas A, og Andreas S. Vespestad ,Bømlo i 1930.
Seld 1970 til Brynjulf Sætre Hjartolm i Sogn
Seld 1977 til Tyskland, vidare lagnad ukjend
Peto vart brukt til sildedriving på Island, makrellfrakt til England og Tyskland, snurpefiske etter sild, størjefiske. frakting.
 


Eit bilde teke ved kirka, truleg på siste halvdel av 1960 talet. Det er flagg på båtane, så det er nok ett eller anna som skal feirast. Bryllup kanskje.
Er det nokon som veit årstal og anledning, og kjenner personer på bildet så er det berre å sei frå.
 

Ett bilde frå rundt 1960.
Til høgre ser vi Ragnhild Merkesvik, ho var søstra til Gudrun Fedøy, og var tjenestejente hos Lisa Nikøy på den tida.
Til venstre er Anders Nikøy, som fylte 80 år i år      (2011). Han har ikkje forandra seg mykje med åra, ser like ungdommelig ut enno og er like stille og beskjeden den dag i dag.
 

Eit bilde frå Melværen frå slutten av 1940 talet. Jenta fremst er fødd i 1943, og mannen bakerst døde 1951.
Framme sit Karen Marie Melvær. Jentene som står, er frå venstre: Ukjent, Åse Melvær og Rigmor Melvær ( no Norheim).
Bak står Magnus Melvær.

Heimesida tek gjerne imot hjelp om den ukjende jenta.
 


3 bilder frå 3 forskjellige tidsepoker i Bjørnøyna.
Første bilde er eldst, der er fjøsen nybygd og har ikkje fått gangvei opp til andre etasje enno. Truleg på 1930 talet.

Andre bilde kan du lese litt meir om litt lenger ned på sida. Det er frå før 1949 og her har fjøsen fått gangveg, men vi ser ikkje noko til den store bua som er på neste bilde. Bua vi ser i taket på, bles ned under ein orkan i 1949,i dagane etter begravelsen til Fredrik Kjempenes som omkom på storsildfiske det året.

Tredje bilde er yngst, og her ser vi den noværande bua og. Det vesle huset mellom fjøsen og hovedhuset var utedassen. Den hadde en lei tendens til å blåse ned kvar gong det var en storstorm, med masse påfølgande skjetarbeid for å få det oppatt. Det blei bygd ein vasskumme ved huset på starten på 2. verdenskrig, den viser ikkje på bildet, så det er før den tid. Vasskummen sprakk og blei ødelagt i midten av 2.verdenskrig, då tyskerane sprengde to miner som hadde reke på land ved Bjørnøyna. Ristingane etter eksplosjonen knuste glas og ødela kummen. Men den blei fiksa før krigen slutta.

Eg tek gjerne imot hjelp for å fastsette årstal.
Bilde frå notid kjem om ikkje so brått
 

Bilde frå 1965, Liv og Roald Kjempenes har nett gifta seg.

Bak frå venstre Anna og Mathias ( foreldre til Roald), Morten og Jensine ( foreldre til Liv), Edvard ( alle Kjempenes), Maria (Kjempenes) Rutledal.
Bak frå venstre Mathias ( Dullen) Kjempenes, Kurt Rutledal, Anne Karin Rutledal, Liv og Roald Kjempenes.

Undertegna huska godt dette bildet. Tante Edith hadde nett klipt meg, med saks og ei sukkerskål på haue mitt som mal. Ho fekk aldri meir røre hårtustane mine, og såg eg ho med saks så sprang eg å gjømde meg. Eg var ikkje særlig fornøgd med sveisen.


Eit bilde frå 1950 eller 51. Gunnar Kjempenes er komfirmant.
Frå venstre Liv, Gunnar og Fredny. Alle med Kjempenes som etternavn.

Eit bilde frå slutten av 1950 talet. To spreke karer er på båttur ein fin sommerdag. Arne Kjempenes til venstre og Gunnar Kjempenes.
 

Eit bilde frå ca. 1954. Det er fire karer som står på Sandøylykta.. Frå venstre Bjørnvald, Leidulf, Ottar og Sigmund. Alle med Sandøy som etternavn.
 

Eit bilde frå ca. 1950 som viser 3 søskenbarn i Sandøyna. Frå venstre Jorunn Leknesund (Årethun), Magna Sandøy (Flokenes) og Sigrid Marit Sandøy (Horne)

Eit bilde frå slåtten i Bjørnøyna på slutten av 1930-talet.
Frå venstre Fredrikka ( ho trur eg hette Alden til etternavn opprinnelig, bestemor til Liv), Morten Kjempenes, ei ukjend tjenestejente, Liv Kjempenes og Fredny Kjempenes.
 

Eit bilde av ei såkalla laksegilje, som stod på innsida av Hovden i Bulandet på 1950-talet.
Laksegilja blei bygd av Endre Hanekam som var dreng hos Edvard Kjempenes (skruen). Det blei ingen suksess, og det seiast at dei fanga ein laks så lenge gilja stod opp. Det var vist for mørkt i sjøen her ute i havet, til at dei
såg kor tid det var laks i nota og dermed kunne stenge ho. Inne i fjorden er da brevatn som gjer sjøen grønare, og dermed lettare å sjå dei mørke ryggane på laksen
Frå venstre Kjellaug Gjørøy, Sverre Mathisen og Aud Leite.
 

Første skuledagen til Liv Kjempenes. Ho er fødd i 1933, så då må vel dette være 1939 eller 1940.
Ho Liv gjekk første skuleåret på Herland, og bildet er derfrå.

Eit bilde frå Bjørnøyna frå før 1949. Grunnen til at ein veit at det var før 1949 er at naustet som vi ser taket på til venstre i bildet bles ned det året, pluss halve taket på løa. Uveiret som  gjorde så mykje skade kom når det var samla mykje folk på Bjørnøyna, slik at dei heldigvis hadde mange hjelpande hender for å rydde opp i elendigheita. Grunnen til at det var samla mykje folk, var ei anna elendigheit. Dei var samla for å delta i begravelsen til Fredrik ( far til Ingunn og Arne Kjempenes), som omkom i ei ulykke under vintersildfiske det året.
 
   
Bilder frå første del av 1960 talet. Det er styrjesløying i Nikøyna, der Fiskeindustrien er no. På første bilde ser vi frå venstre ein ukjend gut, Mathias Kjempenes ( Snusken), ein ukjend kar, Karl Kjempenes, Birger Rogne, Gunnar Kjempenes, Atle Nikøy og ein ukjend med ryggen til.

Det andre bildet er frå same seansen. Vi ser Mona og Kåre Olger Steinsvik, saman med mora Ruth ( Kjempenes) Steinsvik.

 

 


Eit bilde av frå slutten av 1930-talet, Liv til venstre er fødd i 1933. Bildet er teke i Bjørnøyna, og det er torvstakking som står på dagens program.
Frå venstre Liv, Fredny, Gunnar og Morten, alle Kjempenes.

SF-312-A, Bueland. Bildet er teke i 1971, og er vel kanskje det siste bildet som er teke av båten. Den er her klar til si siste reis for å kondemerast, og senkast sør i fjorden
 

Det her er jentene i 6. og 7.klasse 1953 som syng på juletrefesten jula 53.
Frå venstre: Hildegunn Rogne (Årseth) Kirsten Alisøy (Grane) Asta Halsøy (Hestenes) Sigrid Marit Sandøy (Horne) Liv Hågøy (Hopland) Kari Kjøpstad (Ukjend)
 

Eit bilde frå Bjørnøyna frå truleg slutten av 1940 talet. Det er Morten og Jensine ( foreldrene til Liv på Dalsnesa) som driv på med gardsarbeid.

  
Ein del av mannskapet på størjebåten "Bueland", som Olai Hillersøy leigde, har teke seg ein tur opp i fyrlykta på Utvær. Bildet er truleg frå siste halvdel av 1960-talet.
Bildet er teke heilt i toppen på fyrlykta på Utvær.
Frå venstre står fyrvoktaren ( navn ukjent), Jarl Vilnes, Kristian Kjempenes, Roald Kjempenes, Arnfinn Rogne, Einar Magne Hillersøy og Tore Hillersøy. Fotografen er Liv Gjørøy.

På bilde til høgre er Liv Gjørøy under same seansen, men på andre sida av kamera.
 

Grensepass bilde av Morten Kjæmpenes i frå Bjørnøyna. Han er far til blandt anna Liv på Dalsnesa. Bildet er frå 2. november 1940.
Morten var rasande galen fordi han måtte ta bilde av seg sjølv, for å reise på tur i sitt eige land, så han hadde ikkje vaska eller kjemba seg på fleire veker i forveien.
 


Framover på venstre side Anton K, Øyvind, Teodor, Jostein, (i lys frakk) Kjell, Leidulf, og heilt i baugen Sigmund. Bakover på høgre sida: Ottar, Jan Tore, Sigrid Marit, Bertha, Solfrid, Hilda og Sigrun i fanget, alle Sandøy. Biletet kan vere frå 1948-49.
 

Langorvslått nordom Storetjønna på Sandøyna.
Frå høgre Guro (ho var fantastisk flink å slå med langorv), Teodor og Sigrid Marit med rive. Truleg frå 1954.
    
 2 Bilete frå framføring av julespel på julefesten ( barnefesten) i 1953. Det er første gongen at det vart framført julespel i Bulandet.
1. bilete, frå venstre sitjande (gjetarane): Kirsten Alisøy (Grane), Sigrid Marit Sandøy (Horne), Asta Halsøy (Hestenes) og ståande (engelen) Hildegunn Rogne ( Årseth)

2. bilete: Hildegunn Rogne ( som Maria) og Sigrid Marit Sandøy (som Josef)
 

Gutar frå Sandøy. Frå venstre: Sigmund Sandøy, Jan Tore Sandøy, Kjell Sandøy og Johan ( Dullen) Kjempenes.

Veit ikkje heilt når det er teke, men Sigrid Marit tippa på 1940-41. Sigmund er fødd i 1938, 0g han er i allefall 2 år.


Ett bilde av 6. og 7. klasse på Bulandet Skule 1953.
Bak frå venstre står Anbjørg Halsøy, Sigfrid Fedøy (Sandøy), Sigrid Marit Sandøy (Horne), Asbjørg Gillesøy, Asta Halsøy (Hestenes), Hildegunn Rogne (Aarseth), Kirsten Alisøy (Grane). Framme frå venstre har vi Arild Håstein, Elmar Norheim og Kristian Kjempenes.
 
   
Dette bildet er frå Sandøyna, når dei hadde offisiell åpning av moloen. Årstal 1946.
Bildet er teke synnapå huset til Guro og Teodor Sandøy.
Dei som jobba med moloane vart berre kalla "statenskarane", og den nevninga er brukt under.

1 Leidulf Sandøy. 2 Sigrid Marit Sandøy. 3 Jan Tore Sandøy. 4 Solfrid Sandøy. 5 Ottar Sandøy. 6 Sigmund Sandøy. 7 Kjell Sandøy. 8 Magna Sandøy. 9 Lina Kjempenes. 10 Selma Sirevåg (kokka til st.karane) 11 Elisabeth Rogne. 12 Anna Mjømen. 13 Bertha Sandøy. 14 Johan Kjempenes. 15 Målfrid Gjørøy. 16 Guro Sandøy 17 O. Hjelmeset (smeden til st.karane) 18 Oddmund Sandøy. 19 Kristoffer Mjømen. 20 Mathias S Løken (st.kar) 21 Ordførar Sverre Ringstad 22 Knut Rogne 23 Bernhard Udal (arb.formann st.karane) 24 Magnus Sandøy 25 Ukjend. 26 Øvreli. (st.kar) 27 Anders Norstrand. 28 Teodor Sandøy. 29 Olai W. Alisøy. 30 Anton K. Sandøy 31 Rolf Molvik (st.kar) 32 Anton J Sandøy. 33 ukjend. 34 Kolbjørn Sandøy. 35 Øyvind Sandøy. 36 Jostein Sandøy 37 ukjend. 38 Leif Sandøy. 39 ukjend. 40 ukjend.

         

Eit bilde frå 1947, og det er søndagsskulen i Bulandet, som er på tur til Gjørøykletten.

Sigrid Marit Sandøy Horne har navnsett bildet, og det er teksten hennars som er brukt under her.

Bak 24 og 25 sit to som ikkje har fått nr. Dei kallar eg for 24 b, og 24 c.Eg brukar berre jentenamna på jentene.

1 Else Halsøy. 2 Reidun Rogne. 3 Maria Kjempenes. 4 Ragnhild Gjørøy. 5 Marit Gjørøy. 6 Liv Nikøy. 7 Solfrid Kjempenes. 8 Magnhild Kjøpstad. 9 Aud Halsøy. 10 Marit Nikøy. 11 Jorunn Rogne. 12 Magna Sandøy. 13 Laila Leite. 14 Audhild Karlsen. 15 ukjend (kanskje Edvard Hillersøy?) 16 Einar Hillersøy. 17 Asbjørg Gillesø. 18 Inga Gillesø. 19 Kjellaug Gjørøy. 20 Sigrid Marit Sandøy. 21 Liv Hågøy. 22 Edith Kjempenes. 23 Magnhild Rogne. 24 Solfrid Sandøy. 24 b Agnar Halsøy. 24 c Sigmund Sandøy. 25 Matias Kjempenes. 26 Leif Thistel. 27 Målfrid Karlsen. 28 ukjend. 29 ukjend. 30 Lina ? (var hushjelp på Hågøyna trur eg) 31 ukjend. 32 ukjend. 33 Elborg Alisøy. 34 Arvid Gillesø. 35 Dagfinn Alisøy. 36 Margit G. Halsøy. 37 Anbjørg Halsøy. 38 Ingunn Kjempenes. 39 Kari Kjøpstad. 40 Kirsten Alisøy. 41 ukjend (vanskeleg å sjå då ho snur seg.Kan vere Annemor Karlsen, men det er berre gjetning) 42 Jofrid Halsøy. 43 Sigrid Halsøy. 44 Kanskje Tore Lutt Hansen. 45 Trygve Håstein. 46 Reidar Thistel. 47 Sverre Mathisen. 48 Bjørn Thistel. 49 Sigrun Håstein. 50 Kjell Sandøy. 51 Håvard Halsøy.
 


Eit bilde frå siste halvdel av 1960-talet. Dei tre karane er frå venstre Magnar Hillersøy, Einar Magne Hillersøy og Rune Breck. Ho som sit framme er Oddlaug Norstrand.
 
    

Eit bilde frå 1940-talet. Anledninga er søndagsskule og bildet er teke sør for kyrkja i Bulandet.
På bildet til høgre er det nummerering på personane på bildet til venstre.
På bildet ser vi:
1: Håvard Nikøy, 2: Harald Gjørøy, 3: Målfrid Karlsen, 4: Håvard Halsøy, 5: Ragnhild Gjørøy, 6: Maria Kjempenes, 7: Konstanse Nikøy, 8 :Erna Karlsen, 9: Haldis Halsøy, 10: Marit Nikøy, 11:Aud Kjempenes, 12:  Audhild Karlsen, 13: Else Karlsen, 14: Dagmar Mathisen, 15: Målfrid Gjørøy, 16: Ukjend, 17: Ruth Kjempenes 18: Edvard J. Kjæmpenes, 19: Kolbjørn Sandøy, 20: Arnfinn Halsøy, 21: Herborg Karlsen ( Boggen), 22: Kjellaug Gjørøy, 23: Marit Gjørøy, 24: Edith Kjempenes, 25: Else Halsøy, 26: Jofrid Halsøy, 27: Solfrid Kjempenes, 28: Anders Norstrand.
 

Ett bilde av 6. klasse på Bulandet Skule 1953.
Framme frå venstre står Hildegunn Rogne (Aarseth),
Asta Halsøy (Hestenes), Sigrid Marit Sandøy (Horne), Kirsten Alisøy (Grane). Gutungen som står bakerst er Kristian Kjempenes.

Ett bilde frå Gjørøykletten, som er stadfesta til 1959. Arne husker at dette var det året han blei komfirmert, dessutan var da det den sommaren Dagrunn og Aud jobba på butikken i Bulandet. Om det er komfirmasjonen eller jentene som gjer at Arne husker spesielt 1959 skal være usakt, men årstalet er no i alle fall stadfesta.
Den lokale disc jockey, som da heiter på moderandes språk, var Håvard Halsøy. Da er hendene hans vi ser, når han skal få liv i sveivegrammofonen. Sveivegrammofonen til Håvard var vistnok svært populær og mykje i bruk i dei dager, og den eksisterer fremdeles heime hos Håvard. Litt treg og rusten i ledda er den, mens Håvard er like sprek den dag i dag.
Bak frå venstre ser vi: Leidulf Halsøy, Dagrunn Halsøy, Aud Værøy, truleg Aud Norheim ( Aud i kråkinje), Anders Nikøy, ukjent lugg og Norvald Fedøy.
Framme frå venstre: Arne Fedøy, Atle Halsøy og Jofrid Halsøy.
Den ukjente luggen bakerst påståast å være Trygve Hågøy, men han vil ikkje vedkjenne seg den, så derved er den enno ukjent.
 
   
Eit bilde frå 1920 eller 1930 åra. Det er i alle fall frå ett godt stykke før 2. verdenskrig. Kanskje til og med før det blei butikk i dei buene. Når det var butikk, så blei det fylt ut, og så var det skinner der ein kunne trekke vogn med varer. Er det nokon som veit nærmare tidfesting så er da berre å sei frå.
Bildet er i alle fall frå Nikøy, og viser huset til Konstanse og buene der det var butikk i gamle dager. Bildet til høgre viser korleis det ser ut i dag.

Eit bilde frå Gjørøykletten rett etter krigen. Det var ei eller anna markering dei hadde der, og det var fleire lokale marinegastar tilstades. Er da nokon som veit anledning, årstal og navn på ukjende så må de berre sei frå.
Frå venstre bakerst så er dei fire første ukjende, mannen som står som nummer to kan ligne på ein frå Myrvågen seiast da.
Person numme fem frå venstre er Nille Halsøy og så har vi Elisa Nikøy, Petter Nikøy, Mathias Gjørøy, Richard Abrahamsen, Haugland ( fornavn ukjent), Leonard Gjørøy, Valborg Gjørøy og Petter Gjørøy.
Framme frå venstre har vi Målfrid Gjørøy, Harald Gjørøy, Ragnhild Gjørøy, Ukjend, Marit Gjørøy og Kjellaug Gjørøy.

Eit bilde teke ved skuleveggen på Bulandet Skule eingong på 1950 talet. Bak ved veggen står frå venstre Trygve Norheim, Norvald Fedøy, Magne Gjørøy, Elmer Norheim, Bjørn Norheim og Atle Halsøy. Framme frå venstre står lærar Aarseth, Wilfred Norheim, Jarl Kjøpstad, Leidulf Halsøy og sløydlærar Bjarne Høyvik.
Er da nokon som har meir detalja om årstal og anledning, eller vil krangle om navnsetting , så er da berre å gje beskjed til heimesideskrivarane. :-)
 

Eit bilde teke ved skuleveggen på Bulandet Skule eingong på 1950 talet. Bak ved veggen står frå venstre: Bjørn Norheim, Magne Gjørøy, Sigrun Alden, Kari Kjøpstad, Liv Hågøy, Leidulf Sandøy, Leidulf Halsøy og Ottar Sandøy.

Ragnhild Gjørøy sit og sveiva opp grammofonen for å få litt musikk. For sikkerhets skuld har ho ein batteridreven radio med seg, sikkert ein sånn dar Pioner. Bildet er nok teke frå ein søndagstur eingong på 1950-talet. I dei dager var det vanleg å reise på søndagstur  rundt om i øyane, og ekstra stas var da vist ein hadde grammofon eller radio med musikk på.

Eit skulebilde frå midten av 1960-talet. Gutane framme til venstre er Kjell Rogne, Atle Hillersøy, Einar Magne Hillersøy og Leif Rogne. På neste rekke sit Marion Karlsen fremst, så Marie Kjøpstad og Magni Tysse. Bak til høgre sit Steinar Hillersøy.
 
  
Skulebilde frå midten av 1960-talet. Det er same lærer og elever på begge bilda, og begge bilda er tekne same dagen, så berre første bilde er navnsett.
Bak frå venstre har vi Leif Rogne, Magni Tysse og Steinar Hillersøy. I midten frå venstre har vi lærar Fritz, Einar Magne Hillersøy, Elin Tysse, Lillyn Fedøy, Marie Kjøpstad og Marion Karlsen. Framme frå venstre har vi Atle Hillersøy, Kjell Rogne og Paul Norstrand.
 

Bilde av 2 strame karer på midten av 1960-talet. Einar Magne Hillersøy og søskenbarn Tore Hillersøy har vore hos fotografen.

Her er ett bilde frå tidleg 1950-tal, og bildet er truleg teke i Sandøyna. Oddmund er fødd i 1933, og er vel i begynnelsen av 20-åra her på bildet. Oddmund huska ikkje spesielt dette bildet her, men han var vant med at det kom folk ut i Sandøyna på søndagstur.
I dei dager var det en "gå-ring" rundt tårnet på lykta i Sandøyna, utan stige opp. Når det kom folk på søndagstur, så skulle som regel nåken opp å nyte utsikta frå "gå-ringen". Då pleidde ein gut klatre opp på ringen for å hale opp folk, og ein stod nede å skubba.
Var da fine jenter som ville opp, så var da ekstra rift om å hjelpe til.
Etter memoreringa hans Oddmund å dømme, så tolka heimesideskrivaren det sånn at Oddmund likte best å stå nede å skubbe.
Frå venstre ser vi Oddmund Sandøy, Kjellaug Gjørøy, Reidun Rogne og Sverre Mathisen.
 

Bilder frå Sandøy rett etter krigen. Bilda viser radaren og lyttestasjonen som stod på Sandøyna under krigen. Bilda er frå ei tidsskrift frå 2002, og Sigrid Marit Sandøy Horne har utklyppet i albumen sin.
Bortsett frå feilskriving angåande plassering av Sandøyna, så er det interessante bilder å sjå.
 

Eit bilde frå 1950-talet ein gong. Ein gjeng kosa seg i Sørværet, med sveivegrammafon og greier.
Frå venstre bak ser vi: Arne Kjempenes, Liv Kjempenes, Kjellaug Gjørøy, ein østlenning som var kompis med Edvard og Gunnar Kjempenes. Framme sit Tordis Grepstad og Edvard Kjempenes.

Eit bilde frå 1960-talet. Vi ser Amanda Elisa ( berre kalla Elisa) Nikøy kose med hunden Bamse. Ho med ryggen til er Jorunn Nikøy. Bildet er teke i Nikøyna.
 

Eit bilde frå rundt 1915. Til venstre sit Jørgen Johan Norheim og til høgre Anders Kjempenes. Anders Kjempenes var bror til "Skruen", Edvard Kjempenes, og "Snuskjin" , Mathias Kjempenes og dei søskena. Han var tvillingbror til Margit ( Karlsen) på Skjæra. Anders var fødd i 1900 og døde i 1920, truleg av blindtarmbetendelse. Han blei ikkje så mange år eldre enn på dette bildet, så derfor tidsantagelsen. Jørgen blei fødd 1897.
Er det nokon som veit nøyaktig tidsangivelse så må de sei frå.
 

Eit bilde teke på Hillersøyna, og nordover, rundt 1960. Gutungen på bildet er Einar Magne Hillersøy, og han er fødd i 1954. Huset i bakgrunnen er gamlehuset til Olai og Dagmar, foreldrene til Einar Magne. Huset brant ned i 21. mai 1962.
Hunden heiter Røy, men ellers er alle årstal ukjende.


Den same Einar Magne nokre år seinare. Han studerer dei fine båtane til søskenbarnet Tore Hillersøy. Han sit utfor huset der Tore Hillersøy er oppvaksen.
 


Bilde av bryllupet til Betsy og Konrad Kalvøy. Dei budde opprinneleg i huset der Kristian og Oddhild bur no. Bryllupet fant stad i 1930, og her er link til fleire detaljar.
 

Bilde av bryllupet til Dagmar og Olai Hillersøy, 7. juni 1947. Her er link til eiga side med navnsetting.

Eit bilde frå siste halvdel av 1960-talet. Bildet er teke i staua på Fedøy, der Arne Fedøy bur no. Det er sikkert han som er fotograf her òg. Frå venstre ser vi Norvald, Sigfrid, Ottar, Andreas, Ella; Svein; Lilly; Ølbjørg og Randveig. Alle med Fedøy til etternavn.
 

Werner Vesterås har sendt eit bilde, som faren hans, Øyvind Vesterås, tok i juni 1971. M/K Bulending er på vei heimatt frå pigghåfiske ved Shetland.
Frå venstre ser vi Oddmund Sandøy, Olav Vesterås, Jostein Sandøy, Torbjørn Sandøy, Olav Rogne, Birger Rogne og Sverre Vesterås.
 

Reportasje om Norges eldste registrerte fiskebåt i "FiskarbladetFiskaren" 4. november 2009. Båten er "Fix"en til Håvard Halsøy.

Bilde frå bryllupet til Sina og Magnus Hågøy, august 1937. Her er link til eiga side med navnsetting.

 


Ein smilande og sjarmerande gutunge frå ca 1950. Gutungen er Arne Fedøy, og han er fødd i 1944. Arne er like smilande og sjarmerande den dag i dag, mens tanngarden hans har vorte betraktelig jevnare med åra.
 

Eit bilde frå begynnelsen av 1900-talet. Paret er Andreas E. Fedøy og Sofie ( Nikøy) Fedøy. Dei er foreldre til blant anna Ingolf Fedøy, og besteforeldre til blant anna Arne Fedøy.

Eit bilde frå Egersund 1965. Bildet er av "Fedøy", som var på makrelfiske.

Ein stolt komfirmant  på Fedøy i 1959 eller kanskje 1960. Det er Arne Fedøy som er den stolte komfirmant, og han er fødd i 1944.
 

Fire staselige karar utanfor huset der Arne Fedøy bur no. Bildet er truleg teke i forbindelse med komfirmasjonen til Arne Fedøy i 1959/1960. Frå venstre ser vi Asbjørn Alden, Jarl Alden, Norvald Fedøy og Fredrik Alden.
 

Her ser vi Svein Fedøy i fullt driv med den fyrste båten Arne Fedøy nokon gong har kjøpt. Arne kjøpte denne båten når han var 18 år, så bildet er teke i 1962. Arne er fotograf, mens broren  Svein, testa ut da nykjøpte mirakelet utav ein flott båt.
 

Eit bilde fra heilt i begynnelsen av 1950 åra. Til venstre har vi Asle Fedøy og så Svein Fedøy, travelt opptekne med å lage seg leikebåtar. Bua som står i bakgrunnen, midt imylja karane, er truleg ei av dei eldste eksisterande buene i Bulandet i dag, Rune Rogne kjempa med å restaurere den. Bua til venstre er vekk i dag.
 

Eit bilde frå heilt i begynnelsen av 1950. To driftige karar har vore på sjøen og bjerga middagsmaten. Karen til venstre er Norvald Fedøy, og bak årane sit Arne Fedøy. Arne er fødd i 1944, og er vel 8-10 år på dette bilde. Båten bak, med fiskerimerke, hette "Halsnes" oppkalt etter plassen der den blei bygd.

Eit bilde frå seint 1950, tidleg 1960 talet vil eg tru. Ein gjeng ungdommar er på vei til Svelgen på Skjærgårdsstemne. Frå venstre står Agnar Halsøy, Sigmund Sandøy, Dagrun Halsøy, han bak Dagrun er ukjend, Anders Nikøy, i styrehuset Håvard Halsøy, Sigrun Sandøy, Svein Hågøy (litt usikkert og tek gjerne imot rettelse vist da er feil) og så har vi Karen Sofie Halsøy med gitar.
 

Eit bilde frå rundt 1970. Frå venstre ser vi Edvin Nikøy, Edvard Kjempenes, Mathias Kjempenes, Johnny Kjempenes og Arve Kjempenes. Bildet er teke på Værlandet, i staua der ho Anna Kjempenes bur no. Edvin, Edvard og Mathias er fint pynta, so dei er sikkert på søndagstur for å besøke slekta på Værlandet.
 

Utklypp frå ett bilde, og ein artikkel som stod i Bergens Tidende for lenge sidan. Årstal for artikkelen er ukjent.  Anledning for bildetakning og årstal når bilde vart teke, er og ukjent. Da einaste som er kjent her, er at karen ytterst til høgre er Nikolai Thistel frå Bulandet.

Rune Thistel har forska litt på dette bilde og komme fram til eit teori som høyrast ganske so sannsynlig ut.
Nikolai reiste ikkje til Kristiania for moro skuld, då måtte da være noko viktig, og da som var viktig for Nikolai var fiskeri. I 1914 var da hundreårs utstilling i Kristiania , og fiskeriet var godt representert. Rune har lufta tanken for Oddmund Sandøy, og han kunne fortelje at i alle fall ein Bulenning til hadde vore på den utstillinga, "Olai på Holma", (heimesideskrivaren har ikkje snusa opp etternavnet på Olai enno).
Er da nokon som har synspunkt for å bekrefte eller avkrefte denne gode teorien so må de gje beskjed.
 

Eit bilde frå då "gamle" Vestervon var heilt ny. Her ligg den ved kai i Bulandet i 1969. Framfor Vestervon ligg "Sleipner", båten til Steinar Kjempenes og som Tias kjøpte seinare. Båten heilt til høgre var båten til Nils (i Kråkinje) Norheim. Solrenning ligg innerst til kaia, rett bak Vestervon, mens resten av båtane er ukjende. Enn so lenge.

Ein flott vinterdag på "hågjen" på Vadøyna eingong i begynnelsen av 1950-talet.
Frå venste ser vi Birger Nikøy, Maria Kjempenes (Rutledal), Karl Kjempenes, Ruth Kjempenes (Steinsvik), Mathias Kjempenes (Snuskjin) og Petra Nikøy.
 

Eit bilde frå truleg rundt 1960-talet. Bildet er teke frå Vadøy og innover, og da er sikkert ein sundag, då pleide karane spasere rundt å drøse om alle alt og ingenting. Frå venstre har vi Malvin Hillersøy og så Karl Kjempenes.
 

Eit bilde som er teke i hagen på Vaineset på Vadøy på slutten av 1950-talet. Frå venstre har vi Anna Kjempenes ( Vadøy), Mathias Kjempenes og så har vi barnebarnet Arve Kjempenes og mor Anna Kjempenes ( Værøy).

Eit knakande koseleg bilde at eit nygift og godt fornøgd par. Bildet er teke i august 1970, i staua på Gjelsa, der Bjørn og Anne Marie bur no. Vi ser Håvard Halsøy med si nygifte kone Anbjørg Halsøy på fanget. Heimesideskrivar Kurt måtte nett bortom Håvard og Anbjørg for å spørje om da var grett å legge du dette bilde på heimesida. Dei humra og lo øve bilde, og sa i alle fall ikkje direkte nei, so dermed havna bilde på heimesida. :-) Håvard og Kurten var no i alle fall heilt einig i at ho Anbjørg er like flott, smilande og liljeslank den dag i dag, som ho er på bilde. Bak sit Leif Rogne i all stillheit  og studera eit eller anna, mens han mysa bort på ditta nyforelska paret.
Øverst i bilde, innerst i hjørnet, kan ein sjå ein merkelig detalj som heimesideskrivaren ikkje har klart å nøste opp i, dar heng da ei oppnedsnudd and.

 


Eit bilde frå 17. mai 1967. Det er 17. mai komiteèn som syng velkomstsong. Framme frå venstre ser vi Maria Norstrand, Hjørdis Alisøy Blom, Anbjørg Halsøy og Else Rogne. Ho bak frå venstre likna mistenkelig på Gunlaug Gillesøy, ellers er dei to neste karane ukjende, bak Anbjørg står Anders Nikøy og mylja Anbjørg og Else står Wilfred Norheim. Han helt til høgre bak, er ukjend.
    
Bilder frå midten av 1930-talet. Håvard som er med på bilda, blei fødd 1929. Bilda er sikkert tekne i to forskjellige anledninga, sidan dei same personane har litt forskjellige klær på seg på bilda. Begge bilda er tekne i anledning av at folk frå Nikøyna har rodd på søndagstur og kaffibesøk til Halsøyna. Bilda er tekne i hagen der Agnar Halsøy bur no.
På det første bilde ser vi fra venstre Margit Halsøy (mor til dagens Anbjørg Halsøy), Petra Nikøy, Håvard Nikøy, Ukjend (truleg ei tjenestejente), Lina Halsøy og Dagny Halsøy,
På det andre bilde ser vi, bak frå venstre Berthe Halsøy, Lisa Nikøy ( ho hette opprinnelig Amanda Elise og er mor til Konstanse og Håvard som står framfor), Sofie Halsøy ( bestemor til dagens Anbjørg Halsøy), Dagny Halsøy og Lina Halsøy. Ungane framfor er frå venstre Håvard Nikøy, Konstanse Nikøy og Haldis Halsøy.
 

Eit bilde frå rundt 1970. Frode Kjempenes står på kaien på Vaineset. Ein ser "Hugnad" som Håkon Kjempenes hadde og båten som Kristian Kjempenes hadde på den tida. Eg huska ikkje navnet på båten til Kristian, men det skal eg finne ut.
 

Bilde frå rundt 1970. Det er Heidi og Frode Kjempenes som står utfor huset i Pilestredet.

Bilde frå ein søndagstur i Sørværet på slutten av 1960 talet. Frå venstre ser vi Kristian Kjempenes med dotra Heidi i fanget, Heidi vart fødd april 1966. I midten har vi ei søt snelle som nyt sola, det er Oddhild Kjempenes. Så har vi Mathias Kjempenes (Dullen) med Frode Kjempenes i fanget.

Eit bilde frå midten av 1930-åra. Håvard er fødd i 1929.
Frå venstre ser vi Amanda Elisa Nikøy ( berre kalla Elisa), guten framme er Håvard Nikøy og bak han står Atle Nikøy, så har vi Konstanse Nikøy ( Tysse), Marit Nikøy (Rogne) og Margit Halsøy.
 

Bilde frå Melvær 1947/48, i anledning avdukinga av minnestøtta for brødrene Asbjørn og Vemund Melvær som falt under krigen.
Frå venstre står Jonas Landøy, Magnus Sandøy, Asmund Melvær, ukjend, Einar Hillersøy, Magnus Melvær, ukjend. Han framfor støtte er ukjend. Førstemann til høgre for støtta er òg ukjend, so har vi i bakerste rekke Teodor Myrvåg, Edvard Hillersøy, ukjend, Jonas Leite og Konrad Kjempenes. Dei to framme er frå venstre Sigmund Myrvåg og Petter Nikøy.
 

Eit bilde av Birger Nikøy ein gong på 1960 talet. Er ikkje sikker på kva båt han er ombord i, men da skal eg finne ut.

Eit bilde med halvparten Værlenninger og halvparten Bulenninger. Bildet er truleg teke i 1969, pluss minus ett år.
Den staselige karen til venstre er Johnny Kjempenes, so Frode Kjempenes, Heidi Kjempenes og Wenche Kjempenes.
 

Eit bilde frå sommaren 1965. Den vesle jenta som ligg i armane til faren sin, og myser mot sola, blei fødd 23. april 1965.
Til venstre står Anita Kjempenes ( no Rogne), so står Kristian Kjempenes og held på dotra si Heidi Kjempenes. Bildet er teke "heime i håla" på Vadøy.

Eit bilde frå 1969 eller 1970. Bildet er teke på "gamlekafèen" og det er sikkert teke i forbindelse med eit bursdagselskap. Heidi og Frode budde på kafèen nokre år, så da er sikkert ein av dei som har bursdag.
Frå venstre ser vi Kristin Nikøy, Frode Kjempenes, Heidi Kjempenes, Kari Tysse og Ruth Lillian Kjempenes.
 

Eit bilde som er teke i 1968. Det er tek i skuleskyssen "Ringo" Det er nok mange som vil hugse Alfred Norheim i denne posituren.Han skyssa ungane fram og tilbakers frå skulen i mange, mange år. Han hadde mange historier å fortelje og mange gonger sang han til dei òg, då helst salmar. Han var veldig flink til å synge.


Bilde av dinne søte og fotogene jenta er teken 23. april 1966 vist opplysningane mine er rett. Da er 1-årsdagen til Heidi Kjempenes, og itte so eg veit heilt sikkert er ho like så søt og fotogen den dag i dag.

Dette bildet er truleg teke sommaren 1969, og bildet er teke i staua på Vaineset. Frå venstre ser vi Frode Kjempenes, Heidi Kjempenes og Bill Steinsvik.

Eit knakande kjekt bilde av Fiskarkvinnelaget  i Bulandet 1974.
Bak frå venstre Olivia Karlsen, Liv Turid Gjørøy, Rigmor Norheim, Asbjørg Gillesøy, Jorunn Sandøy, Hildur Gjørøy og Dagmar O. Hillersøy.
Framme frå venstre Astrid B Hillersøy og Petra Rutledal.
 

Kjekke ungar på ferietur i 1967.
På statua frå venstre Jonny Sandøy, Ruth Landøy og Erna Sandøy.
Framme frå venstre Terje, Bente, Gunn, Reidun og Øystein, alle Sandøy.
Fremst Geir Sandøy.

Ett kjekt familiebilde frå slutten av 1960 talet.
Vi ser Reidar og Solfrid Thistel med tre av borna sine.
Frå venstre står Øyvind, Rune og Anne-Berit. Veslesyster Irene er muligens påtenkt, men ikkje fødd enno.

Ei bilde teke frå Stormhåjen på Kjempeneset, mot Hillersøy. Båten på bilde er "Saltskaaren" som Olai Hillersøy leigde. Olai leigde båten før den fekk ny maskin, og i følge Rune Thistel fekk den ny maskin heilt på begynnelsen av 1950-talet. Liv Gjørøy har og forska litt på bildet og ser at da mangla kai med vassfylling sørom bua. Det var sildelaga som stod for kaier med vassfylling, og vårsildavgiftsfondet fekk rett til å bygge kai med vassfylling i Gjørøy 23.07. 1939, og da er truleg dei bygde på Hillersøyna omtrent samstundes. Kaia på Gjørøy var truleg ferdigbygd under krigen, 1942, og på den tid hadde Olai nok med å lure tyskerane, så bilde kan være frå før 1940.  Da kvite huset midt på bilde brant ned i 1962.
 
   
To bilder frå midten av 1950-talet. Ei staselig Italiensk seglskute har rota seg inn i flåten som dreiv styrjefiske. Seglskuta var så flott at heile styrjeflåten glømde styrja, og la seg etter seglbåten, som ein kan sjå på første bilde. Vist styrjeflåten gløyme styrja, so er da heilt sikkert at dette her har vore ein makelaust flott seglbåt. Navn på seglskuta har Werner Vesterås funne utav, den heiter Amerigo Vespucci og er eit skuleskip for den Italienske marine. Her kan ein lese meir om seglskuta. Bildet er truleg teke av eller frå båten som Andreas (Dresen) Norstrand var ombord i.
 

Eit kjekt bilde av to spente jenter som sit å venta på julenissen, jula 1965. Reidun og Gunn Sandøy.

Eit bilde frå midten av 1960- talet. Bildet er teke på Nesahåjin på Kjempeneset.
Frå venstre ser vi ein kar som heiter Kjell Jan Ask, han er son til snekker Kåre Ask som var ute for å restaurere og bygge på Bulandet Kapell.
Dei neste er Einar Magne Hillersøy, Britt Norstrand, Pippi Norstrand, Roald Kjempenes og Olai Hillersøy.
 

Sju strame karar, truleg tideleg på 1950 talet.
Bak frå venstre står Trygve Håstein, Reidar Thistel, Anders Norstrand og Klaus Karlsen.
Framme frå venstre sit Torolf Norheim, Einar Norstrand og Bjørn Thistel.

Eit bilde utanfor gamlehuset på Stormhåjen på Kjempeneset, truleg tidleg 1950 talet.
Frå venstre ser vi Maria Norstrand, Erling Hillersøy, Anna Norstrand, ein ukjend, Berthe Norstrand og Anna Norstrand Steindal.
 

Eit bilde frå høsten 1961. Ho vesle fine jenta til høgre er fødd mars 1961.
Frå venstre ser vi Bjørg Norstrand, så sit Konrad Kjempenes med sonen Henning på fanget, Else (kona til Konrad) og så sit Augusta Norstrand med Oddlaug Norstrand på fanget.
Det var Konrad og Else som bygde huset som står på Nygård no. Huset som stod der opprinnelig blei rive og flytta til Batalden. Else kom opprinneleg frå Danmark, og heile familien flytta til Danmark sånn ca. 1966.
 
   
   
Fire bilder frå eit bursdagselskap i staua på Vainesa i 1964. Da ser ut som da er tre lys på kaka, og då kan da stemme med alderen til Oddlaug.
På da første bilde har vi frå venstre Oddlaug Norstrand som sit i fanget til mor Bjørg Norstrand, så har vi Britt Norstrand, Anita Kjempenes, Pippi (Petra Berit) Norstrand, Elsie Rogne, Arve Norstrand, Maria Norstrand, Tone Rutledal har haue so vidt øve ei kake og så mor til Tone, Petra Rutledal (Nikøy).

Dei neste bilda er frå same anledning, og ungane er dei same. Da siste bilde er teke på sørsida av huset på Vainesa.
 
   
To bilder frå 1966, det er Pippi (Petra Berit) som fyller 7 år. Bilda er tekne i gamlehusa på Stormhåjin.
På det første bilde er dei fire karane bakerst frå venstre: Arne Norstrand, Paul Norstrand, Einar Magne Hillersøy og Arve Norstrand.
Framfor sit frå venstre Maria Norstrand, Augusta Norstrand og helt til høgre Bjørg Norstrand. Framfor Maria sit Pippi Norstrand og så Kjell Håvard Norstrand.
I stolen sit Rigmor Norstrand med Oddlaug Norstrand på fanget. Heilt fremst i rødt sit Britt Norstrand.

På det andre bilde har vi frå venstre bakerst: Kjell Håvard Norstrand, Paul Norstrand, Einar Magne Norstrand og Arve Norstrand.
Framfor sit Pippi Norstrand, Augusta Norstrand med Oddlaug Norstrand i fanget, Anders Norstrand med Torill Norstrand i fanget og Britt Norstrand.
Framfor dei sit to jenter i grønt, som frå venstre er Brynhild Norstrand Moldøen og Adelheid Norstrand .
Heilt fremst sit ein stram liten kar som heiter Magnar Hillersøy.

 

Eit bilde av tre Bulandsbåtar som ligg til kai nord på Shetland. Navnet på plassen er på tunga, men har ikkje komme ut i ord enno. Bildet er truleg frå 1930-talet, eller heilt begynnelsen av 1940-talet. og truleg i forbindelse med håbrandsfiske. Ytterst ligg "Bueland" så "Fedøy" og "Havblink".
Tek gjerne imot hjelp om årstal og plass.
 

"Havblink" kjem ny ut frå verftet den er bygd på.
Rune Thistel har funne fra data for båten.
"Havblink" blei bygd i 1934 hos Gjert Eidsvik på Snilstveiøy. Den var 70x18x9 norske fot. Motoren var ein 60 hk Wickmann og eigarane var Tomas, Andreas og David Fedøy.
   
På første bilde ser ein "Fedøy" som nett er forlengd ved verftet i Gjermundshavn i Hardanger.
På andre bilde ser ein  "Fedøy", nyrigga og klar til å dra på håbrandsfiske.
Harald Leite har funne data for båten.
"Fedøy" blei bygd i Rosendal i 1927 og var då 57x15x7,6 fot. Motor var opprinnelig ein 35 hk. Avanse,som blei byta med ein 40 hk. Wickman i 1933. Båten blei forlengd i 1948 til 69x16x8 fot.
Så disse bilde er då frå 1948.
I 1964 fekk "Fedøy" innsett ein Wickmann på 300 hk.
 

Eit bilde frå truleg seint1930-talet eller begynnelsen 1940-tal. Frå venstre står Bernt Nikøy (far til Birger, Anders og dei søskena), Den neste dama og ungen er ukjende,  Amanda Elise Nikøy (mor til Konstanse og dei søskena), Margit Halsøy ( mor til Anbjørg), ukjend og helt til høgre Anna Rogne ( dotter til lærar Ole Rogne og Maria).
 

Eit bilde frå ca. 1940.
Til venstre står Magnhild Fristad frå Askvoll, ho var fødd i 1924 og døde i 1956. Til høgre står Håvard Nikøy, han blei fødd 28.09 1929 og døde 22.04 2001

Bilde av "likkje" Tomas Nikøy. Han var bror til Birger, Anders og dei søskena. " Likkje" Tomas Nikøy drukna når han var 4 år gamal, ved kaien nedfor huset til Konstanse. Så han blei ikkje så mykje eldre enn på dette bildet stakkaren.

To glade karer ca.1950, kansje slutten 1940-tal. Til venstre Einar Norstrand og til høgre Roald Kjempenes.
 

Eit bilde frå 1950-talet. Amanda Elisa ( berre kalt Elise) Nikøy med barnebarna Harald Tysse og Magni Tysse ( no Rogne)
   
Staute karer i militæret. Bilda er truleg tekne på begynnelsen av 1920 talet.
På første bilde ser vi frå venstre Hans Hillersøy, Kristoffer Gillesøy og sittande Petter Nikøy.
På andre bilde har vi frå venstre Petter Nikøy og Fredrik Alden.
 

Eit bilde frå 1960. Ein søt liten kar som heiter Kurt Rutledal på fanget til onkel Audun Kjempenes.
 

Eit bilde frå tidleg  på 1950-talet. Vi ser Maria Kjempenes (Rutledal) og Bjørn Thistel.
 
   
   
Bilder frå siste halvdel av 1960-talet. Vi ser Frode og Heidi og far Kristian Kjempenes. Alle bilda er teke i det som var hagen på Vaineset.
 
 
 

Nokre bilde av håbrandfiske med "Bueland 1" og "Havblink". Får komme tilbakers med år og navn på personer seinare.
 

Eit bilde frå 1940 talet. Konstanse (Nikøy) Tysse føler seg skikkelig vågal her ho står, ho har fått seg si første buksedrakt. Det var ikkje vanleg å bruke bukse som finkle for jente i dei dager, då var det berre kjole som gjaldt.
 

Eit bilde fra heilt i begynnelsen av 1950 talet. Jenta på bilde er Oddhild Kjempenes. Da var ikkje løye at han Kristian fekk sansen for dinna fine jenta.

Eit bilde frå tidleg på 1950-talet. Ein ungdomsgjeng er på søndagstur i Hovden, det var ein vanleg søndagsaktivitet i dei dager, når det var fint veir. Dei som står, er frå venstre Einar Norstrand, Maria Kjempenes (Rutledal) og Birger Nikøy. Han som ligg og slappa av til høgre, ligna på Karl Kjempenes. Dei to til venstre er ukjende, og tek gjerne imot hjelp.
 

Eit bilde frå 1950-talet. Bildet er teke utanfor huset i "håla" på Vadøy. Mathias Kjempenes og Anna (Vadøy) Kjempenes, koser med eit barnebarn eg ikkje er sikker på kven er. Framme sit Finn Hillersøy.
 

Eit bilde som er teke på hurtigruta eingong på 1950-talet. Frå venstre ser vi Mathias (Dullen) Kjempenes jr., Kristian Kjempenes, Anna (Vadøy) Kjempenes og Sverre Mathisen.

Til venstre Trygve Hågøy og til høgre Magnus Hågøy. Dei var brødre. Magnus er far til dagens Trygve Hågøy. Dette bildet må være frå 1930-talet eingong. Trygve på bildet døde i 1939, berre 35 år gammel.
 
   
 
Bilder av Hågøy slekt og litt utvandringshistorie.
Fyrste bilde viser brødrene Teodor og Magnus Hågøy. Magnus utvandra til Amerika i 1902, så bilde må være frå før den tid.
På andre bilde ser vi Dorthea og Petra Kristine (Stina). Dorthea var dotter til "gamle" Bernt Nikøy, og gift med Teodor. Petra Kristine var søster til Trygve og Magnus, ho utvandra i 1900. Dette bilde er teke før ho utvandra, eller i anledning utvandringa.
På tredje bilde ser vi Magnus og kona Ane. Ane kom frå Leknesund og hette truleg Henriksdotter til etternavn. Ane utvandra saman med Magnus i 1902.
På fjerde bilde ser vi Magnus og Ane nokre år seinare, med dei tre første borna sine. Borna er frå venstre Hilda, Mabel og Tormod. Magnus og Ane fekk 7 barn.
På siste bilde ser vi Elisa Dorthea (Lisa), ho var og søster til Teodor og Magnus. Ho utvandra i 1914, og gifte seg med broren til Ane.
 

Eit bilde fra siste halvdel av 1950-talet. To karer tek seg ein pause i slåtten.
Frå venstre ser vi Birger Nikøy og Atle Nikøy.
   
Eit bilde av "gamle" Dina Hågøy. Ho var søster til "gamle" Bernt Nikøy som ein kan sjå bilde av lenger nede i bildearkivet. Det bilde her er frå slutten av 1800- talet. Det kan kanskje være teke i same anledning som bilde av son hennar, Teodor Hågøy, som ein ser til høgre. Bilde av Teodor er teke i 1893, og her er Teodor 19 år gammel. Teodor er bestefar til dagens Trygve Hågøy.
 

Eit bilde av Sofie Fedøy. Ho blei berre kalla Fia, og ho er mor til dagens Ingolf Fedøy.

Edvard og Borghild Norheim. Borghild hette Hågøy som pikenavn. Edvard og Borghild er foreldre til Trygve, Erling og dei søskena.

Bilde av tre søstre Hågøy. Dette bilde er sikkert teke i 1914, som tidligare bilde av dei. Stina utvandra i 1900, og var heimom i 1914.
Frå venstre Petra Elise (Stina) gift Knutson, Setara gift Færøy og Elisa Dortea ( Lisa), ho utvandra 1914 og blei gift Henriksen.
 
  
Bilde av søstrene Kristina og Judith Prisilla, døtre til "gamle" Bernt Nikøy. Judith Prisilla, som berre blei kalt Silla, kan en lese meir informasjon om lenger ned i bildearkivet. Silla blei fødd i 1898, og seinare gift Landøy. Kristina veit eg lite om enn.
Bilde til høgre er Kristina nokre år tidligare.
 
  
Bilde av Sofie, ho var søster til Kristina og Judith Prisilla på forrige bilde. Sofie blei berre kalla Soffi. Sofie var gift med Teodor Myrvåg.
  
Til venstre sit Håvard Nikøy og til høgre Atle Nikøy. Dei sit oppå hønsehuset dei hadde i hagen. Bilde er frå slutten av 1930 talet, Håvard vart fødd 1929.
På bilde til høgre ser vi Håvard Nikøy sitte på ein palle utanfor gamle butikken.
 

Eit bilde som er teke i 1914. Bilde er teke i anledning Amerikabesøk. Elias og Petra Kristine (Stina) var heime frå Amerika for å besøke slekt, ein kan lese meir om dei lenger nede på bildearkivet, der dei står utanfor gamlehuset i Hågøyna. Elisa Dorthea ( Lisa) blei med dei tilbake til Amerika.
Bak frå venstre står Elias Knutson ( han er onkel til Jorunn Nikøy), han utvandra i 1898 og var gift med Petra Kristine, Vilhelm Færøy gift med Setara, Kristoffer Hillersøy ( far til Jorunn Nikøy) og Petter Nikøy ( far til Konstanse Tysse).
Framme frå venstre Petra Kristine Knutson (berre kalt Stina og hette Hågøy til pikenavn), ho utvandra 1900, Setara Færøy ( Hågøy), Elisa Dorthea Hågøy ( berre kalt Lisa), utvandra 1914, og Teodor Hågøy ( bestefar til dagens Trygve Hågøy).
 

Teodor og Dorthea Hågøy med borna sine, utanom Helga. Bildet er teke sånn cirka 1914. Eg er ikkje sikker på kor tid Helga blei fødd, men ho er truleg ikkje fødd når dette bilde blei teke.
Frå venstre ser vi far Teodor Hågøy, Dina ( gift Midtbøe), Trygve, Magnus ( far til noværande Trygve Hågøy), Anna ( gift Håstein), Borghild ( gift Norheim), Bernt og mor Dorthea Hågøy. Dorthea hetter Berntsdotter til pikenavn, ho var dotter til "gamle" Bernt Nikøy.
   
Bilde av Margit Grane frå 1905. Ho blei seinare gift med Elias Halsøy som ein ser til høgre. Dei er foreldre til Anbjørg Halsøy, g dei bygde da kvite huset som står på austsida av Halsøy.
 

Eit bilde frå 1916. Til venstre ser vi Judith Prisilla Berntsdatter, ho kan ein lese meir om lenger ned i bildearkivet. Judith Prisilla vart gift Landøy, og blei berre kalla for Silla. Ho er 18 år på bilde, og bilde er eit kort ho sende frå Bergen til Kristine Nikø. Ho har signert med Priscilla, så det var nok navnet ho brukte sjølv.
Til høgre ser vi Dorthea Alisøy, seinare gift Hillersøy.
 
   
Bildet til venstre viser, frå venstre Anna Hågøy seinare gift Håstein, Amanda Elisa Nikøy, Atle Nikøy og Judith Prisilla Landøy. Amanda Elisa er mor til Atle, og ho vart berre kalla Elisa eller Lisa. I dei dager så brukte ein stort sett berre myljanavna på folk. Eg er ikkje sikker på når Atle er fødd, men broren Håvard blei fødd 1929, og da er ikkje mange år mylja dei. Så dette bilde er frå slutten av 1920 åra eller heilt begynnelsen 1930. Judith Prisilla hette Landøy til etternavn her, sidan ho gifta seg i 1922.
Bilde til høgre er frå nokre år seinare. Bildet er av Atle Nikøy og Anna Hågøy ( Håstein).
 

Tomas Fedøy og Ragna Alden. Ragna hette vel opprinneleg Ragnhild, men blei berre kalla Ragna. Tomas drukna i laksenota nordom Fedøyna på 1950 talet. Ragna er mor til blant anna Fredrik Alden.
 

Johanna Gjørøy. Ho var søster til Leonard Gjørøy, ellers veit eg ikkje så mykje om ho for øyeblikket.

Tre bilder av Vilhelm og Setara Færøy. Setara hette opprinnelig Hågøy til etternavn, ho levde frå 1883 til 1953. På det siste bilde ser vi Setara og Vilhelm med dottera Dina, som blei fødd 1912 og døde 1994. Dina er mor til Wilfred, Elmer, Dina og dei søskena.

Bilde av "gamle" Bernt Nikøy. Bernt er far til Bernt på dei neste bilda. Bernt var gift med Henrikke som opprinnelig hette Leite til etternavn, og var frå Værlandet. Bernt døde 1928.
 

Tre bilder av Bernt Nikøy ( son til Bernt på forrige bilde). Tredje bilde er brudebilde av Bernt si fyrste kone, Petra Olseth. Dei fekk ei dotter saman, som hette Hildur, i 1918, og kort tid seinare døde Petra i Spanskesjuka.
Bernt vart seinare gift med Agnes Kjempenes. Dei var foreldre til Birger, Edvin, Petra, Marit, Anders og Liv. So hadde dei ein son som hette Tomas, og som drukna i 4 års alderen.
 

Tre bilder, i forskjellige aldre, av Petter Nikøy. Petter var far til Konstanse Tysse. Da er ikkje vanskeleg å sjå at han er bestefar til Vemund, han er omtrent prikk lik.
   
Eit bilde som er teke i anledning barnedåpen til Terje Kjøpstad i 1952. Her har dei samla alle ungane til fotografering. Bilde til høgre viser nummerering av personane. Det starter bakerst til venstre.
1. Jarl Kjøpstad, 2. Einar Hillersøy, 3. Gunnar Støbak, 4. Eli Melvær, 5. Marie Støbak, 6. Kirsten Støbak, 7. Kari Kjøpstad, 8. Olav Støbak jr. 9. Knut Kjøpstad, 10. Turid Støbak, 11. Helge Kjøpstad.
 
   
Dette bilde er og teke i barnedåpen til Terje Kjøpstad i 1952.Bilde til høgre viser nummerering på personane.
1. Jarl Kjøpstad, 2. Einar Hillersøy, 3. Henrik Kjøpstad, 4. Knut Kjøpstad, 5. Kristen Kjøpstad, 6. Gunnar Støbak, 7. Magnhild Kjøpstad, 8. Edvard Hillersøy, 9. Terje Kjøpstad, 10. Kari Kjøpstad, 11. Marie Støbak, 12. Kåre Gjørøy, 13. Dagny Gjørøy, 14. Atle Gjørøy, 15. Eli Melvær, 16. Solveig Hillersøy, 17. Knut Gjørøy, 18. Helge Kjøpstad, 19. Kari Gjørøy, 20. Gudrun Støbak, 21. Olav Støbak, 22. Turid Støbak, 23 Olav Støbak jr.
 

Eit bilde frå slutten av 1960 talet. Einar Hillersøy koser med hunden Dolly på tunet utanfor huset i "hola" på Vadøy.

Eit bilde frå 1902. Bildet er truleg teke i Bergen i anledning av at Magnus skulle utvandre til Amerika. Magnus var ein av fleire søsken som for til Amerika, søstra  Petra Kristine (Stina), for i 1900. Magnus og Ane var ikkje gift når bilde blei teke, men dei hadde nok eit godt auge til kvarandre allerede, sidan Ane er med på bilde, og seinare vart dei gift i Amerika.
Elisa Dortea er 15 år på bildet her, 12 år seinare for ho til Amerika ho og.
Dina ser skikkeleg sorgfull ut på bildet, og da skjønna ein godt. For da første so var da skummelt å være hos fotograf, men da verste var nok å sende ein  unge til Amerika, som ein sikkert aldri meir kom til å sjå igjen.
Petra Kristine (Stina) kom tilbakers på besøk i 1914, mens Dina hadde rett i sitt sorgfulle uttrykk, ho døde i 1912.
Frå venstre bakerst ser vi Setara Hågøy, Teodor Hågøy, Magnus Hågøy og Ane (etternavn usikkert, men kom frå Leknessund). Magnus og Ane blei seinare gift i Amerika.
Framme frå venste sit Tomas Hågøy, Dina Hågøy og Elisa Dortea (Lisa) Hågøy.
 
 
Bilde frå David Fedøy sin barnedåp i 1956.
Bilde til høgre viser nummerering på personane. Det starter bakerst til venstre.
1. John Fedøy, 2. Aslaug Fedøy, 3. Ragnhild Alden, 4. Tora Skarstein, 5. Elisa Nikøy, 6. Anna Fedøy, 7. Fredrik Alden (jr.), 8. Jarl Alden, 9. Gudrun Fedøy ( mor), 10. Ragnhild Merkesvik, 11. Dåpsbarnet David, 12. Fina Karlsen, 13. Fredrik Alden (sr.), 14. Sigrun Alden, 15. David Fedøy (far), 16. Ingolf Fedøy, 17. Arne Fedøy, 18. Asbjørn Ferøy, 19. Nils Hansen, 20. Harald Fedøy, 21. Svein Fedøy, 22. Inge Fedøy, 23. Ragnhild Fedøy, 24. Sofie Karin Fedøy, 25. Asle Fedøy, 26. Grete Fedøy, 27. Torbjørg Fedøy, 28. Ranveig Fedøy, 29. Norvald Fedøy.
   
Fyrste bilde viser komfirmantane i 1954, og det andre bilde viser 5 av dei som har komfirmant mimretreff i 2005. Bilda var i Firda ein eller anna gong i 2005.
Komfirmantane frå 1954 er framme frå venstre: Turid Alden, Hildegunn Rogne og Gudrun Værøy. I midten frå venstre: Asta Halsøy, Kirsten Alisøy, Sigrid Sandøy og Hildur Landøy. Bak frå venstre: Kristian Kjempenes og Atle Kalvøy.
På bilde frå 2005 ser vi kapellan Olav Oma, Kristian Kjempenes og Atle Kalvøy. Framme frå venstre står Hildegunn Aarseth, Sigrid Sandøy Horne og Kirsten Grane.
 
 
Eit bilde som er teke i tuna ved gamlehusa i Hågøy i 1914. Bildet er teke i anledning besøk frå Amerika. Petra Kristine (Stina), dotter til Tomas Hågøy, er heime med familien sin, ho utvandra i 1900.
Når dei for til Amerika igjen, blei søster Elisa Dortea (Lisa) med.
Teodor, Petra Kristine, Elisa Dortea og Setara er søsken.
Bak frå venstre ser ein etter nummer på bilde til høgre:
1.Tomas Hågøy, 1838-1917, han er oldefar til noværande Trygve Hågøy; 2. Teodor Hågøy, 1874-1938, han er bestefar til noværande Trygve Hågøy; 3. Dortea Berntdotter Hågøy, 1876-1958; 4. Elias Knutson, 1878-1964, han utvandra i 1898 og blei gift med Petra Kristine (Stina) Hågøy, han var onkel til noværande Jorunn Nikøy; 5. Petra Kristine (Stina) Knutson, 1880-1964, utvandra 1900 og gift med Elias; 6. Elisa Dortea ( Lisa) Hågøy, 1887-1923, utvandra til Amerika 1914 og blei gift Henriksen; 7. Setara Hågøy, gift Færøy, 1883-1953, bestemor til noværande Wilfred, Elmer, Dina og resten av søskena som eg ikkje huska navn på i farten; 8. Teodor Knutson, fødd 1903 i Amerika; 9. Trygve Hågøy, 1904-1939; 10. Magnus Hågøy, far til noværande Trygve Hågøy; 11. Elmar Knutson, fødd 1905 i Amerika; 12. Dina Hågøy, 1900-1989, gift Midtbøe; 13. Dina Knutson, fødd 1910 i Amerika; 14. Borghild Hågøy, 1902-1993, gift Norheim, mor til noværande Trygve, Bjørn og resten av søskena som eg ikkje huska navn på i farten; 15. Bernt Hågøy, 1911-1986; 16. Dina Færøy, 1912-1994, dotter til Setara og mor til noværande Wilfred, Elmer, Dina og resten av søskena som eg ikkje huska navn på i farten; 17. Anna Hågøy, 1906-1991, gift Håstein. Bilde av Anna frå 1930 åra ,og prolog skreven av Anna i 1958, kan ein lese her.
 

Eit bilde frå 1937 eller 1938. Bildet er teke i tunet sørom gamle kafèen i Nikøyna ( Gamlekafèen er da huset Hilde og Helge og familie bur i dag). Frå venstre ser vi Håvard Nikøy, Konstanse Nikøy, Hildur Nikøy og Dagfinn Hugøy som sliper. Atle Nikøy dreg slipesteinen. Dagfinn Hugøy var dreng hos Petter Nikøy

Ein glad gjeng i ein stige som står oppetter gamle kafèen i Nikøyna. Bildet er frå begynnelsen av 1940 eingong. Nederst har vi Håvard Nikøy, Hildur Nikøy, Bjørg Melvær og øverst sit Odd Melvær. Bjørg er pr. 08.01.10 i full vigør som 91-åring i Florø. Heimesideskrivaren har fått lest julekort ho Bjørg sende til jul 2009, dei er handskrevne med særdeles stødig hand og er trakkande fulle av god Bulandshumor.
 

Eit fartsfylt og knakande kjekt bilde, ikkje så gammelt, er vel frå 1980-talet. Petter Nikøy har teke bildet, sikkert ei morgonstund i 8-tida. Olderøy kjem slepande med ein mèr, trakkande full i pale. Passasjerbåten Landøy er på vei til Værlandet og Askvoll, mens skulebåten Ringo smyg seg forbi på vestsida av Olderøy.
 

Eit bilde som viser båter som leverer sild til ein "isabåt". Dei kalla båtar som kom og tok imot sild, og isa silda i kassar, for "isabåt". Årstal og personar på bilde er ukjende, men bildet er teke i Bulandet. Eine båten har registrering SF-97-A, ein annan SF-216-A . Båten bak mannen med hatt, fremst, ser ut til å ha eit nummer som begynne med SF-17
Det er sikkert nokon som kan hjelpe til med å finne ut kva båtar dette er. :-)
Bildet er teke av Trygve Hågøy, som døde i 1939.
Rune Thistel har forska på båtane.
SF-216-A var eig av Konrad og Leonard Kalvøy. Båten blei bygd i 1929 og kom i registerer 12/12 1931. Så bildet er ikkje eldre enn 1932.
SF-97-A er ein notgavl som er registrert på same nummer som Melværskøyta Ms Juno. Eigarane av dette bruket var Alf Melvær, Magnus Melvær, Andreas Melvær og Synneve Melvær.
 
   
 
Fleire bilder av "isabåt" i Bulandet. Den eine båten som leverer har registreringsnummer SF-122-A (båten ligg lengst til venstre på bilde nummer to). Årstal er og ukjent, og eg tek gjerne imot litt sånn cirka årstal hjelp. Ein kan sjå at mottaksbåten har fullt av kasser både framme og bak, som dei brukte til å ise sild i. Bilda kan være tekne under same seansen som forrige bilde, sjølv om fotografane er forskjellige. Disse bilda er tekne av Sivert Halsøy, mens forrige bilde er teke av Trygve Hågøy som døde i 1939. Da er fleire andre bilder frå sildefiske, som er datert 1929-1930, så det kan hende dette er i same tidsrommet.
Rune Thistel har forska litt.
SF-122-A er Sandøy-Rappen som blei eigd av Anton og Teodor Sandøy. Då er da den gavlen Vidar Nupen ( Veikingkonvoien) har i dag.
 
   
 
Bilete av sildebåtar i Nikøyosen vinteren 1929-30. Bilda har vore på heimesida i fleire år, men har lagt litt usynlig. Sivert Halsøy er fotografen.
Båten fremst har registreringsnummer H-1-SV og den har Rune Thistel forska på. Båten heiter "Hardangerfjord" og er bygd i 1930, den hadde ein 50Hk Wickmann og blei eigd av Wincentz Windenæs Vinnesleiren.
 

Eit bilde frå 1964. Bildet er teke i Rutledal, men inneheld ein del lokale heltar. Frå venstre Steinar Kjempenes, Kristian Kjempenes med Frank Raknes i fanget, Kurt Rutledal, Asbjørn Raknes med Mathias Raknes i fanget.

 

Tre karer har seg ein søndags promenade eingong på tidleg 1950-talet. Dei står ved eit berg på toppen av Vadøy. Berget ligg rett vestom huset til Tias, og er i dag utilgjengelig på grunn av tilgrodd vegetasjon. Frå venstre ser vi Mathias Kjempenes (snuskjen), Bjørn Thistel og Johan Hugøy (huenesen).
 
   
To bilde som truleg er tekne i nærheiten av Gjørøykletten, på 1950-talet. Dei er fint pynta, så da er truleg ein søndagtur dei er på.
På første bilde ser vi frå venstre Milfrid Rogne, Reidar Thistel og Reidun Rogne. På andre bilde er jentene dei same, men her er det Sverre Abrahamsen som sit i midten. Milfrid er eldste dotter til Tormod Rogne, og er søskenbarnet til Reidun, som er dotter til Magnus Rogne.
 
       
   
Bilder som er tekne på slutten av 1940-talet. Dei to første bilda er frå Gjørøykletten og dei tre siste bilda er frå lyttestasjonen tyskerane hadde i Sandøyna. På bilda er det nokre få kjente fjes, resten av karane er frå Bremangertraktene, dette er fritidsbilda av sildemannskapet til MS Havblink, sikkert ein søndagstur. På det første bilde sit Ingolf Fedøy, i kvit genser, heilt til høgre. Framme i midten sit Audhild "på skjera" (Karlsen), og til høgre for henne sit Arne Rogne. Heilt til venstre i midterste rad sit Kolbjørn Sandøy og Kjartan Rogne ved sidan av han. På da andre bilde sit Ingolf Fedøy fremst. På dei tre siste bilda var det sikkert Ingolf sjølv som stod bak kamera. Er det nokon som veit meir om dei som er på bilda so må de gje beskjed til heimesida.
 
   
To bilde av ei fin jente frå begynnelsen av 1900-talet. Jenta heiter Setara Hågøy. Vist nokon ser nyebåten til Wilfred Norheim, så legg merke til at den heiter Setara. Båten er nemlig oppkalla etter Setara på bilde her, ho var bestemor til Wilfred.


 

Eit kjekt bilde, truleg frå 1950-talet. Det er transformatormasta på toppen av Vadøy som er under oppføring. Er det nokon som veit kva årstal den masta vart sett opp, så må de sei frå.
Dei to i masta er Birger Nikøy til venstre og Karl Kjempenes.

Anne Sofie, fødd Kalvøy og Karl Johan Vadøy, saman med dei to eldste borna, Anna og Magnus. Bildet er teke på komfirmasjonsdagen til Anna, ho var fødd 1900 og var den eldste i syskenflokken. Anna vart seinare gift med Mathias Kjempenes. Anne Sofie og Karl hadde 9 born. Utanom Anna og Magnus var det Kristoffer, Klara, Petra, Kristina, Kristofa, Johannes og Sigfred. Den yngste, fødd 1921, Kristoffer drukna 6 år gammal, og Kristofa, som vart fødd året etter, er nok oppkalla etter han. I 1922 flytta huslyden frå "hola" på Vadøy til Smørhamn.
 

Eit bilde frå midten av 1940 åra. Maria Kjempenes (Rutledal) sit på fanget til onkel Edvard (skruen). Maria blei fødd 14. mai 1933 og døde 10.november 2009.
 

To flotte unge jenter, frå venstre Ragnhild Rogne og til høgre Anna Halsøy. Begge disse jentene døde i ung alder, og som unge mødre, av turberkolose eller tæring som det blei kalt i dei dager. Ragnhild var gift med Magnus Rogne og fekk Arnfinn ( "Arnfinn på pynta" ) før ho døde. Anna er mor til Agnar Halsøy og døde på 1940 talet. I same tidsrom som ho døde, så døde og eine son hennars, også av turberkolose. Agnar er fødd 1937 og husker til mor si, men kom ikkje på årstalet ho døde i farten. Eg kjem tilbakers med meir informasjon her, og tek gjerne imot formasjon frå dei som har.
 

Frå venstre Bernhard Nikøy, Jørgen Norheim og Kristoffer Karlsen.
Meir informasjon vil komme seinare.
 
 
Nokre fritidsbilde frå håbrandfiske med MS Havblink, ein gong på slutten av 1940- begynnelsen av 1950 talet.
På første bilde ser vi frå venstre Magnus Karlsen og Harald Hauge. Harald var frå Bremanger og var kokk på Havblink i ca. 20 år.
På andre bilde har vi Elias Halsøy, Harald Hauge og Magnus Karlsen.
På tredje bilde sit Harald Hauge bak på Havblink og slappa av. Eg trudde ved fyrste augekast at da
er Bergen vi ser i bakgrunnen, men eg kjenne meg ikkje att, Kanskje da er Måløy? Treng litt hjelp her. Dei driv med mykje byggevirksamheit i bakgrunnen, kanskje krigsskader.
På siste bilde står Harald Hauge og Paul Kråkenes og putler med håbrandslinene.
 

Frå venstre her ser vi Anna Kjempenes ( kona til Mattern), Herborg Karlsen, Edvard Kjempenes og Johannes Norstrand (Dyrlege Norstrand).
Eg kjem tilbakers med årstal og meir informasjon seinare.
 

Anders Norstrand, Augusta Norstrand og Asle Norstrand.
Eg kjem tilbakers med årstal og meir informasjon seinare.
 

Eit bilde frå begynnelsen av 1950 åra. Da ser ut som karane har da kjekt.
Frå venstre Edvard Kjempenes, Halvor Tysse , Birger Nikøy og ei ukjent beundrerinne.
 

Eit bilde frå slutten av 1940 eller begynnelsen av 1950. Dei to karane på kvar side er ukjente, så her tek eg gjerne imot hjelp.
Nummer to frå venstre er Edvard (Skruen) Kjempenes og ved sidan av han, Andreas (Dresen) Norstrand.

Andreas Kjempenes. Han er far til blant anna Steinar Kjempenes og Anita Rogne.
Eg kjem tilbakers med meir informasjon seinare.
   
Det første bilde viser frå venstre Bernhard Nikøy, Ingolf Fedøy og bestefar til Ingolf, Tomas Nikøy. På det neste bilde ser vi Ingolf Fedøy saman med bestefar Tomas Nikøy. Dei står utfor gamlehuset som stod der Ingolf bur no.
 

Magnus og Ragnhild Rogne gifter seg. Dei var foreldrene til Arnfinn Rogne ( "Arnfinn på pynta").
Ragnhild døde i ung alder, ikkje så lenge etter at ho fekk han Arnfinn. Ho dødde truleg av turberkolose, eller tæring som dei kalte det i dei dager.
Eg tek gjerne imot hjelp for å få meir informasjon om Magnus og Ragnhild.
 

Ragnhild Fedøy Alden. Ragnhild var søster til Ingolf, og blei gift i Alden. Ho er blandt anna mor til Fredrik Alden.

Mathias Gjørøy til venstre. Han til høgre ligner på "Kalvesen" som bygde "Pilestredet", men det er litt usikkert.
Eg tek gjerne imot litt hjelp om det bilde her.

Judith Prisilla Landøy. Ho var søster til Johannes Nikøy (Berntsen), og hette opprinnelig Judith Prisilla Berntsdatter.
Ho blei fødd 28. april 1898 og gifta seg 22.desember 1922 med Johannes Severin Andreassen Landø(y) i Askvoll Kyrkje.
Ho døde 12.juli 1971 på Florø Sykehus. På arkivet som ligg på nett so er ho oppført med Sandøy som etternavn når ho dødde, men da er feilskrift, ho hette Landøy då og.
Judith Prisilla vart berre kalla Silla, og ho er mor til Bjarne Landøy, og bestemor til Rune, Jan Arild, Bjørnar, Geir og Sissel.
 

Desse to søte sjenerte jentene var feilmerka i albumen, og er ikkje Anna og Sollaug.
Jenta til venstre er Borghild Hågøy ( seinare Norheim) fødd 1902, og jenta til høgre er Dina Hågøy, fødd 1900.
 

Jonas Nikøy.  Ham er eldste son til "Gamle Tomas", og dermed og onkel til Ingolf Fedøy. Jonas flytta til Vegsund.

John Fedøy, bror til Ingolf. John budde på Værlandet og var far til Harald Fedøy, og dermed bestefar til Anne Britt og Laila.
 

Bernt Nikøy. Han var gift med Agnes Kjempenes. Dei var foreldre til Birger, Edvin, Petra, Marit, Anders og Liv. So hadde dei ein son som hette Tomas som drukna i 4 års alderen.
 

Vilhelm Gjørøy. Han er far til blant anna Magne Gjørøy og Målfrid Nikøy. Det var han som bygde huset i Gjørøy, der Magne og Liv bur.

Bilde av Konrad Kalvøy. Han var fødd i huset der Kristian og Oddhild bur (Pilestredet). Far til Konrad bygde huset i "Pilestredet".
Tek gjerne imot meir info om Konrad.
 

Bilde av Tomas Fedøy. Han drukna i laksenota på slutten av 50-talet.
Tek gjerne imot meir info om Tomas.

Bilde av Anton August Gillesø. Han var gift med Inga Kamilla Norheim.
Anton August ( muligt dei berre kalte han August, det er det som står på bilde) blei fødd 22. februar 1900 og Inga 9. juni 1905. Dei gifte seg 12. november 1932 i Sandvikskyrkja i Bergen.
Det var dei som bygde det kvite huset som står rett sør for der Gunnlaug Gillesøy bur i dag.
 

Bilde av Elias Halsøy. Han var gift med Margit ( Grane), og dei bygde da kvite huset som står på austsida av Halsøy. Elias og Margit er foreldre til Anbjørg Halsøy.
 
  
Bilde av Kari (Rogne) og Knut Gjørøy. Dei var gift og budde i Gjørøy, det var dei som bygde det vi kalla "Kjøpstad - huset"
  
Bilde av Marie Abrahamsen og mannen Sivert Abrahamsen. Marie hette opprinneleg Marta Marie Nilsdotter Kumle. Det var ho som hadde telegrafstasjonen på Vadøy frå begynnelsen av, før Nancy tok over.
Tek gjerne imot meir info om Marie.
Her kan ein lese om telegrafstasjonen.
 

Bilde av Anna Kjempenes. Ho var gift med "Mattern" og budde på Veineset i huset der den mannlege heimesideskrivaren bur no.
Kjem tilbake med meir info seinare.
 

Bilde av Anna Vadøy. Ho var gift med Karl Vadøy, og dei flytta frå Bulandet til Smørhavn då dei ikkje fekk kjøpe landet dei budde på. I dei dager var folk livredd for å selge land, folk kunne få bu der men ikkje eige grunnen huset stod på. Anna og Karl budde i "Håla" på Vadøy. Anna Vadøy er oldemor til den mannlege heimesideskrivaren.
Kjem tilbake med meir info seinare.
 

Bilde av Elias Fedøy. Elias var bror til Ingolf Fedøy, men døde 15 år gamal i Spanskesjuka.
  
  
På det første bilde sit frå venstre sit Elevine Nikøy, ho døde 33 år gammel 5.august 1911. Dødsårsak er ukjent, men ho var nok sjuk lenge. Frå folkeoppteljinga i 1900 står ho oppført som sengeliggande. Neste er Bernhard Nikøy, han døde i 1944, 53 år gamal. Han falt død om på fiske på Tennegrunnen. Til høgre sit foreldrene,  Rakel Engelsdatter og Tomas Jonasson Nikøy. Dei er besteforeldre til Ingolf Fedøy på morsida, og budde i gamlehuset som stod der huset til Ingolf står no.
På neste bilde står Bernhard Nikøy for seg sjølv, det var han som bygde bua som står hos Ingolf no.
Så ser vi gamlehuset, det stod opprinneleg i Bakerfjæra.
På siste bilde er Bernhard i voksen alder.
Elevine blei fødd 1878, Bernhard blei fødd 1891, Rakel 1849 og Tomas 1851.
 
  

Tre bilder av Johannes Nikøy. Det var han som bygde Mariane-huset.
Johannes hette opprinneleg Johannes Severin Berntsen og var fødd 1879. Han gifte seg 30. april 1906 med Mariane Andreasdotter frå Melvær. Huset dei bygde vert kalla Mariane-huset den dag i dag.
Eg har ikkje bilde av Mariane, så det tek eg gjerne imot hjelp for å få tak i.
 

Bilde av Jørgen Norheim. Han var bror til Alfred, Edvard, Inga og Nils Norheim ( dei var kanskje fleire søsken og). Jørgen utvandra til Amerika alt i 1924/25.
 
   

Bilde av dei seks borna til Ole og Maria Rogne. Maria drukna då ho var gravid med da sjuende barnet, i oktober 1902. Den eldste jenta var då 12 år gamal, så dette bilde må ha vore teke rett før eller rett etter den hendinga, ho er vel i ca. 12 års alderen på dette bildet. Her kan ein lese litt om drukningsulykka.
Bak frå venstre står Kari, Knut, Anna og Olaf. Framme frå venstre sit Tormod og so Magnus.
Kari er oldemor til dei i Melværen, Synnøve, Frida og dei. Knut er "stamfar" til alle Rognane i Bulandet, Anna var ugift, Olaf reiste til Amerika og har mykje slekt der borte, Tormod var lærar på Atløyna og hadde tre ungar, det er enno ei som lever att ( pr. 20.10.09) og bur i Jølster. Magnus var far til Arnfinn " på pynta"  og dei som eig "Mariana-huset"
På bilde til høgre ser vi Anna og Tormod, nokre år seinare.
Det siste bilde viser Tormod Rogne i voksen alder.

Eit bilde frå slutten av 1930 eller begynnelsen av 1940. Håbrandsfiske med MS Havblink. Her har dei fått ein skikkeleg svagg av ein håbrand, og på ryggen av håbranden sit Olai Hillersøy.



Litt familiebilde. Øverst frå venstre Mathias (snuskjen) Kjempenes og kona Anna.
Under er foreldrene til Mathias: Edvard og Maria Kjempenes.
Nederst er foreldrene til Edvard: Mathias Nikøy og Mari.
Mari var fødd på gården Nedrehegg i Lærdal 27.mai 1829 og døde på Kjempenes 20.juli 1909. Ho hette opprinneleg Nedrehegg til etternavn.
Mathias var fødd 20. mars 1832 og døde 15. mars 1916. Mathias og Mari gifta seg 1. oktober 1854.
Det var Mathias Nikøy som opprinneleg hadde kallenavn "Snuskjen". Barnebarnet som hadde same navn, Mathias, arva då kallenavnet.
 

Eit bilde frå slutten av 1930 åra, eller heilt i begynnelsen av 1940 åra.
Fremst står Vemund Melvær, og så har vi Audun Melvær. Dei andre er litt usikre, og heimesideskrivaren tek gjerne imot hjelp. Jenta er truleg Kjellaug Melvær som reiste til Amerika. Han med ryggen til ved rorkulten er truleg Andreas Norstrand ( Dresen).
Vemund rømde til England 12. august 1941 og vart med i flyvåpenet. Under eit tokt på leiting etter ubåtar i Nordsjøen, blei han nedskoten og omkom 4. oktober 1944.
 

Eit bilde frå slutten av 1930 åra, eller heilt i begynnelsen av 1940 åra.
Fremst ser vi Andreas Norstrand ( Dresen) og bak med trekkspelet sit Ingolf Fedøy. Ingolf og Dresen sigla og rodde mykje rundt og kosa seg saman, når dei hadde fri i ungdomsåra.
Dresen var ein raser på trekkspel, og spelte heile tida når han hadde kjangs. Ingolf kunne ikkje ein tone på trekkspel, og viste knapt nok ka som var opp og ned på da, så her har han nok lånt trekkspelet til Dresen sånn for fotograferinga sin del.
 
   
Fritidsbilde frå då karane var på størjefiske og håbrandsfiske med MS Havblink. Bilda er frå slutten av 1930 eller begynnelsen av 1940.
På bilde til venstre hadde dei pause i størjefiske og tok seg eit bad på ein fin sommersdag. Frå venstre er Paul Koksøy, har var frå Solund og hadde nær slekt på Norheim. I midten står Ingolf Fedøy og til høgre sit Olai Hillersøy.
På bilde til høgre er dei i Bergen under ein pause i håbrandsfiske. Frå venstre står Ingolf Fedøy, Martin Hauge frå Bremanger, Olai Hillersøy og Sverre Abrahamsen

Eit bilde teke i staua på Veineset ein gong på slutten av 1940 eller begynnelsen av 1950. Frå venstre sit Johannes Norstrand ( alltid omtala som "dyrlege Norstrand"), Anna Kjempenes( søster til Norstrand og kona til "Mattern", som muligens er fotograf), Margit Karlsen ( Margit på Skjera), Lina (kona til Norstrand) og Herborg Karlsen.
 

Eit bilde som desverre er litt ødelagt. Før scannerane si tid so klypte ein ut bilde som ein trengde til passfoto og lignande, frå bilde ein hadde for hand. Eg håpa nokon har ei kopi av heile dette bilde som eg kan få legge ut på heimesida.
Bilde er av ein ungdomsgjeng frå Bulandet sommaren 1949, dei var på skytterfest i Askvoll. Bak frå venstre sit Torbjørn Sandøy, Petra Nikøy og Arne Rogne. Framfor sit Einar Norstrand og Ruth Kjempenes. Framme frå venstre sit Edvin Nikøy, Erna Karlsen, Kjartan Rogne og halvveis vekklypt Karl Kjempenes. Han som er heilt vekklypt er Audun Kjempenes.
 

Eit familebilde som truleg er teke i 1941, sett ut frå alderen til motiva. Fotograf er Målfrid Karlsen, seinare gift Vadøy.
Bilde er av Mathias og Anna (Vadøy) Kjempenes og elve av borna deiras. Den tolvte er truleg på veg når dette bilde vart teke. Håkon blei fødd i 1942, mens Kristian som sit på fanget til Mathias blei fødd i 1940, derav stadfesting til 1941 men kan og være fyrste halvdel av 1942.
Frå venstre bakerst står Roald, Aud, Audun, Karl og Edvard. I fremste rekke står frå venstre Maria, Mathias (Dollen), på fanget til far Mathias sit Kristian og på fanget til mor Anna sit Edith, så har vi Solfrid og Ruth.
 
       
Bilde frå ein gong i 1960 eller 1961. På bilde til venstre ser vi Anna Kjempenes (fødd Vadøy) og Mathias Kjempenes. På fanget til bestefar Mathias sit den mannlege heimesideskrivaren Kurt Rutledal og strekker seg etter eit eller anna.
På bilde i midten sit Kurt og ei dokke, dokka til venstre. Den mannlege heimesideskrivaren har no vore litt søt ein gong ser da ut som. Kurt er fødd 5. juni 1959.
Bilde til høgre er fra same fotoseansen. Her vert Kurt helden oppe av onkel, Håkon Kjempenes. Seinare med åra so bytast vi no litt på den rolla, av og til.
 

Eit bilde frå begynnelsen av 1960 talet. Motivet på bilde er fødd 5. juni 1959, og er den mannlege heimesideskrivaren Kurt Rutledal. Bilde er teke på vestsida av huset på Vainesa.

Endå eit motiv, om enn noko vågalt, av den mannlege heimesideskrivaren, Kurt Rutledal, på midten av 1960 talet. Han var liten og vesal i dei dager, men har no vokse litt med åra.


Familiebilde frå Gjelsa midt på 1950 talet.
Frå venstre Birger Rogne, Helena Rogne, Knut Rogne, Elisabeth Rogne, Magnhild Rogne, Jorunn Sandøy, Jostein Sandøy, Else Rogne, Olav Rogne med dotra Kjellfrid i armane og sittande Kjartan Rogne.
Knut og Elisabeth er foreldre til Birger, Jorunn, Olav og Kjartan.
 

Kaffikos på 1950 talet. Arnfinn Rogne nyt livet mylja to flotte jente. Helena Rogne til venstre og Else Rogne til høgre.
 
To bilde av nokre flotte Bulandsjente frå slutten av 1960 talet, og jammen er dei like flotte, og vel so da, den dag i dag.
På bilde til venstre ser vi Eli Rogne og Turid Rogne. Jenta i mylja dei heiter Bente Lill og er søskenbarn til Eli. Bente Lill budde i Bygstad i dei dager..
På bilde til høgre sit Gunn og Reidun Sandøy. Dette bildet er teke 29. januar 1968 når dei var i bursdagselskap og feira 80-års dag til bestemor Elisabeth.
 

Dette bilde er frå slutten av 1940 eller begynnelsen av 1950 talet. Han til høgre og han til venstre er ukjende, og vi tek gjerne imot hjelp. Spesielt den fyren til høgre går att på mange bilde. Jenta til venstre er Liv Nikøy og jenta til høgre er søstra, Marit Nikøy. Midt mylja Liv og Marit står Arne Grane. Han er fetteren til Audun Grepstad og jobba ute i Bulandet ei stund, no bur han i Telemark.
  
Eit bilde av skuleungar i Bulandet. Dei som er på bilde er fødde rundt 1916 +/- eit år, så bildet er frå midten/siste halvdel av 1920-talet. På bilde til høgre har Steinar Kjempenes tegna opp flokken, omtrent like naturtru som på bilde, og laga nummer på gjengen. Navnsettinga føl nummereringa på bilde til høgre. Nummer 1 er Ramveig Melvær, nummer 2 er Magnhild Kjøpstad, nummer 3 er truleg Edvard Hillersøy, nummer 4 er Bjarne Nikøy, nummer 5 er Kitty Kjempenes, nummer 6 er lærerinna Gjertrud Halsøy, nummer 7 er truleg Steinar Melvær, nummer 8 er Valborg Gjørøy, nummer 9 er truleg Erdvard Hillersøy, nummer 10 er Hildur Nikøy, nummer 11 er Bergljot Hillersøy, nummer 12 er Andreas Kjempenes, nummer 13 er truleg Bjørg Melvær, nummer 14 er Johannes Thistel og nummer 15 er truleg Helga Hågøy.

Er da nokon som har tilleggsopplysninga eller har bekreftelse på dei da står "truleg" på, eller meiner at noko er feil, så er da berre å gje beskjed til heimesideskrivarane.
Her kan du sende mail om da er noko du vil rette på, eller lurer på ---> webansvarlig@bulandet-grendalag.org
 

   
Eit bilde får 1950 talet og eit frå 1960 talet.
Bilde til venstre er frå 1950 talet og motivet er Audun Grepstad som sit attai eit styrehus. Meir info om båt og årstal kjem seinare, kjenne eg han Audun rett so huska han heilt sikkert dinna anledninga. Bilde til høgre er ungane til Audun, og bilde er teke i 1965 når Astrid Line er nyfødd. Søskenflokken er frå venstre Margrethe, Malvin med Astrid Line i armane og Lars. Mor Marit ser ein bilde av lenger  nede i bildearkivet her.

Eit bilde som eg ikkje er heilt sikker på årstal, truleg slutten av 1940-talet eller begynnelsen av 1950-talet. Tek gjerne imot hjelp.
Motiva er i alle fall kjende. Frå venstre med kaffikverna i handa sit Gusta (Augusta) Norstrand, og ho var viden kjent for den gode kaffien ho laga. Ved sidan av Gusta sit Johan Karlsen ( Johan på Skjera) og Agnes Nikøy, og heilt til høgre sit Margit Karlsen. Gusta, Agnes og Margit var søstre.
Dei sit attmed gamlehuset på Stormhågjen.
 

Eit bilde av alle ungane på Kjempeneset frå slutten av 1910-talet. Frå venstre står Margit, ho blei gift Karlsen og budde på Skjæret. Ved sidan av Margit står tvillingbroren Anders, han dødde 21 år gamal, truleg av blindtarmbetennelse. Bestemor til heimesideskrivaren, Anna Vadøy, var forlova med Anders då han dødde. Seinare gifta ho seg med broren Mathias (Snuskjen) som står ved sidan av Anders. Mathias var fødd 1898, difor må dette bilde være frå slutten av 1910-talet, etter alderen å døme. Til høgre for Mathias står Agnes, ho blei gift Nikøy. Agnes var kalt opp etter ei søster som drukna på Kjempeneset 4 år gamal. Den neste er Edvard (Skruen). Så har vi Gusta ( Ho hette Augusta, men blei berre kalt Gusta), ho blei gift Norstrand. Så har vi Lina, som blei gift Kjempenes og. Neste er Maya som blei gift Hillersøy, og til slutt har vi Anna, som blei gift i Solund og hadde etternavn Færøyvik. Søstrene Margit, Agnes og Gusta ser ein og på forrige bilde, ein god del år seinare.

 


Eit bilde som er teke på 1910-talet eingong. Framme sit Berthe og Olai Hillersøy. Berthe var med å bjerga 7 mann frå "Gunger" i 1885. Det kan ein lese meir om ved å fylje linken. Bak sit borna Einar og Jannice. Den tredje ungen som hette Hans, nekta vistnok å la seg fotografere, så han blei ikkje med på bilde. Eldste barnet til Einar var Olai Hillersøy, som blei fødd i 1915, difor er stadfestinga på dette bilde lagt til 1910-talet. Når Jannice vaks til budde ho i huset som Arve og Bodil bur no. Jannice er blant anna mor til Jorunn Nikøy.

Bilde frå siste halvdel av 1940 talet. Dei er pynta og har norske flagg, så da er sikkert ein 17.mai. Han til høgre blei fødd 1940, så det er rett etter krigen. Bilde et teke sørom huset på Veineset, der den mannlege heimesideskrivaren bur no. Frå venstre ser ein Edit Kjempenes (Breidvik), Karl Kjempenes, Herborg Karlsen og Håkon Kjempenes.
 

Eit bilde frå fyrste halvdel av 1930. Bilde er noko uskarpt men koseleg for da. Bilde er av dei 6 fyrste borna til Anna og Mathias Kjempenes. Da kom 6 born til. Framme frå venstre sit Roald, Ruth og Aud. Bak frå venstre har vi Audun, Edvard og Karl.
 

Eit litt uskarpt, men knakande kjekt bilde frå siste halvdel av 1950 talet. Eit par år seinare enn bildet under her, der motivet er da same. Frå venstre Leif Rogne, Atle Rogne og Kåre Rogne. Atle og Kåre har stilt seg fint opp til fotografering, mens Leif har funne noko anna interessant han vil forske litt på før han er heilt klar til fotografering.
     
Bilde frå slutten av 1940-talet. Bilda er teke på Alden, rett ved vatnet oppe på høgda. Ein ungdomsgjeng var på tur. På fyrste bilde ser ein frå venstre Leonard Gjørøy, Maria Rogne, Maria Gjervik og Johannes Hillersøy. Om Maria Gjervik og Johannes her er gift, er heimesideskrivaren noko usikker på, men dei vart i alle fall gift seinare. På da neste bilde ser ein frå venstre Leonard Gjørøy, Johannes Hillersøy, Maria Gjervik, ei ukjend jente frå Batalden som jobba i Bulandet, Maria Rogne og Ingolf Fedøy.
På da tredje bilde har vi same gjengen, men her ser Ingolf på fotografen og er ikkje fullt so oppteken av jentene.
 

Eit litt uskarpt, men kjekt bilde, truleg frå slutten av 1940 eller heilt på begynnelsen av 1950 talet. Birger Nikøy til venstre og Atle Nikøy til høgre.

Tre kjekke brødre i tidsriktige motekleder, på siste halvdel av 1950 åra. Frå venstre Kåre Rogne, Atle Rogne og Leif Rogne.


Mathias Kjempenes ( Snuskjen) og Agnes Nikøy. Dei står sikkert vestom huset til Edvard Kjempenes. Bilde er nok teke på 1930 eller 1940-talet.
 

Eit kjekt bilde, men lite med navn. Han som sit med paraplyen er Mathias Kjempenes, resten er ukjende. Har som sit nederst kan sjå ut som å ha ein slags uniform på seg. Trappa dei sit i, er og ukjend.

Bilde teke på Kjempeneset på 1940-talet. Det er teke i same anledning som forrige bilde. Frå venstre Ragnhild Gjørøy, Liv Nikøy, Maria Kjempenes (Rutledal), Edvard Kjempenes, Marit Gjørøy (Grepstad) og "Gina på Nesa" Jørgina frå Sakrisøyna.

Bilde frå Kjempeneset på 1940-talet. Edvard Kjempenes (Skruen) var nede på skulen og hanka inn nokre jenter han ville ha bilde av. Skulen var slutt for dagen og læraren reist heim, men da var ikkje hjelp i når Edvard hadde bestemt seg for å ta bilde, han hadde sikkert fått besøk av nokon som hadde kamera. Læraren budde på "Pynten" og blei henta frå middagsluren sin, litt småsur,  for å ta bilde. Frå venstre ser ein Ragnhild Gjørøy, Edvard Kjempenes, Liv Nikøy, Maria Kjempenes (Rutledal) og Marit Gjørøy (Grepstad). Tek gjerne imot hjelp for noværande etternavn på dei andre jentene.
 

Det bilde her er nok frå 1940 talet da og. Trappa der motivet er teke er ukjent for heimesideskrivaren, og han tek gjerne imot hjelp. Jenta er Marit Nikøy (Rogne) og den beskjedne gutungen er Einar Hillersøy.

Edvard Kjempenes og Maria Norstrand ein gong på 1940 talet. Bilde er teke utanfor huset til Edvard på Kjempeneset, og austover. Utbygget på sørsida av kyrkja finnast ikkje i dag, kanskje da var ein utedo eller noko å ha redskap i. Heimesideskrivaren tek gjerne imot informasjon om ditta utbygget.

No har da, etter fleire dagers etterforskning, endeleg løsna med navn på dissa karane, men da er framleis ein som ikkje er identifisert enno. Bilde var eldre enn forventa, og er frå siste halvdel av 1920 åra. Han nederst til venstre er Andreas Kjempenes fødd 1918, til høgre Bjarne Nikøy, fødd 1917. I andre rekke frå venstre sit Edvard Hillersøy (fødd 1916, han er omtrent prikklik barnebarnet Tarje), ein ukjend og til høgre Johannes Thistel. Bak til venstre står Olai Hillersøy (fødd 1915) og til høgre Herman Midtbø.
Karane er sortert på trappa etter årsklasse. Dei yngste laga brødfjøler og runde brett til å ha blomsterpotter eller ha varme kjelar på, neste årskull laga fuglekassar og litt meir avanserte brett til blomstervaser, mens dei eldste laga bord og krakkar. Sløyden gjekk over 3 år.

Begynte alle på skule i same alder, bør den ukjende i midten være fødd 1916, sikkert med eit slingringsmonn på +/- eit år.
 

Eit bilde frå slutten av 40- eller heilt i begynnelsen av 1950-talet. Ein kar vert klypt, til stor moro frå dei andre. Bildet er antageligvis teke i Nikøyna. Han som står til venstre er Trygve Eliasen Norheim, klypparen er Birger Nikøy, og han som vert klypt er Eilif Grepstad, bror til Audun Grepstad. Han til høgre er truleg Georg Olset, han og kona Ardis budde ei tid i Bulandet. Dei andre er ukjende og heimesideskrivaren tek gjerne imot hjelp.

Bilde frå 1940 talet eller før. Motivet er Dyrlege Norstrand, Johannes Norstrand. Han heldt til i Bergen og bilde er nok der.

Edvard Kjempenes og tjenestejenta "Gina på Nesa". Ho Gina hette egentlig Jørgina og var frå Sakrisøyna. Etternavn er litt usikkert, men var truleg Sakrisøy. "Gina på Nesa" kom til Kjempeneset som tjenestejente i ung alder, og var der til ho døydde på 50-talet eingong. Det bilde her er nok frå slutten av 1940-talet.
Er da nokon som har meir detalja så må de gje beskjed til heimesideskrivarane, link til e-post adresse er øverst på sida.

Bilde av ein glad gjeng på Kjempeneset i 1945 eller 46. Framme sit Edit Kjempenes (Breidvik) fødd i 1938. Bak Edit sit, ikkje Pippi, men mor hennars Maria Norstrand. Heimesideskrivaren synes i alle fall Pippi og Maria er like som to dråpa vatn. Bak frå venstre sit Edvin Nikøy, Anders Norstrand og Maria Kjempenes ( Rutledal).
 

Trekkspelmusikk og sikkert litt romantikk på siste del av 1940 talet. Frå venstre Audhild "på Skjera". Ho hette nok Karlsen til etternavn, og blei gift  Ingebrigtsen. Neste er Arne Norstrand, "Dresen" Anders Norstrand med trekkspel, den bak trekkspelet er truleg Birger Rogne., Konstanse Nikøy (Tysse) og Maria Norstrand. "Dresen" og Maria blei seinare gift.
Er da nokon som har meir detalja så må de gje beskjed til heimesideskrivarane, link til e-post adresse er øverst på sida.
 
     
Bilder av ein ungdomsgjeng på tur påskehelga 1949. Bilda er noko uklare, men da er no kjekt å sjå korleis dei kosa seg. Da er litt usikkerheit om navn her og, spesielt da frå Sandøylykta, så eg tek gjerne imot hjelp.
På da fyrste bilde står Håvard Nikøy framme. Bak frå venstre har vi Birger Nikøy, Konstanse Tysse og Atle Nikøy. På da andre bilde har vi og Birger, Konstanse og Atle, bak er da muligens Arne Norstrand som står på ripa og vinka.
På da tredje bilde er gjengen på Sandøylykta, men her er da litt usikkerheit om navn.Frå venstre har vi truleg Trygve Eliasen Norheim, truleg Arne Norstrand i marineuniform, ukjend, Konstanse Tysse, truleg Kjartan Rogne, ukjend jente, Atle Nikøy og Helena Rogne.
 
  
Her er ein ungdomsgjeng på tur, og dei skal til Salbu. Bilde er heilt frå begynnelsen av 50-talet, og ungdomsgjengen skal på 17. mai dans. Bilda er litt uskarpe, men kjekke for da. På fyrste bilde har vi frå venstre Konstanse Tysse, Jorunn Nikøy, Anny Landøy og Marit Grepstad. På da andre bilde står Marit Grepstad og Audun Grepstad bakerst på bilde. Så har vi Konstanse, Anny og Jorunn. Med ryggen til sit Atle Nikøy, og han som har armen rundt Jorunn heiter Endre Hanekamb. Endre Hanekamb var ein del ute i Bulandet i dei åra, og dreiv blant anna med forsøk på slik laksenot der ein sit i eit tårn og passa på, kjem ikkje på navnet i farten. Han hadde rigga seg til med slikt tårn inni Hovden, men da fiska vist ikkje bedre enn kilenot, så forsøket blei skrinlagt  og ein fortsette med vanleg kilenot.
 

Edvard Kjempenes ( Skruen) og Edit Kjempenes, gift Breidvik. Edit blei fødd i september 1938, så det bilde her er nok teke rett etter krigen, 1945 eller 1946.

Ein ungdomsgjeng på tur i Hovden tideleg på 50-talet. Da var før Birger og Helena kom ilag. Det er nokon ukjende og nokon da er litt tvil om, så eg tek gjerne imot hjelp og tips. Frå venstre ser ein Birger Rogne, Anny Landøy. Så truleg Trygve Eliasen Norheim, han var frå Solund og kom til Bulandet som notabøtar, og jobba på Kråka, etternavnet Norheim tok han etter nokre år i Bulandet. Ved sidan av Trygve sit Arne Norstrand og framfor han Konstanse Tysse. Neste bak er Sverre Mathiesen, så Kjartan Rogne, Klaus Karlsen, Arnfinn Halsøy, Marit Grepstad, Einar Norstrand og Helena Rogne.
 

Tre spente jenter står utanfor butikken i Nikøy på slutten av 60-talet. Dei skal på speiderleir og venta på båten, sikkert "Sendingen" som gjekk i dei dagar. Frå venstre Erna Sandøy, Eli Rogne og Turid Rogne.

Tre fine jenter tideleg på 50-talet. Dei står nord på Nikøy og bilde er teke nordvestover. Dei er oppført med pikenavn her, og med konenavn i parantes. Frå venstre Helena Grepstad (Rogne), Konstanse Nikøy (Tysse) og Anny Høylo (Landøy).

Nokre jenter som gjekk på sykurs saman i 1955. Sigrid Marit Sandøy var med på kurset og har vore så snill å sende alle navna. Konenavn står i parantes. Framme frå venstre Randi Thistel (ukjendt konenavn), Sigrid Halsøy (Sandøy) og Sigrun Alden. Neste rekke frå venstre: Liv Hågøy (Hopland), Asta Halsøy (Hestenes), Helena Grepstad (Rogne), Sigrid Marit Sandøy (Horne), Aud Halsøy (Sandøy), Asbjørg Gillesø, Liv Kjempenes (Kjempenes). Heilt bak har vi sylærerinna Johanna Skarstein.

Håvard Nikøy med døtrene til Johannes Hillersøy på armane, til venstre Eirene og til høgre Wenche. Bilde er teke utanfor huset til Anders Nikøy, og er frå tideleg 50-tal.

Båtar på veg til Tviberg når Magnus Karlsen og Liva gifta seg i 1953. Fremst "Midnattsol" og bak "Boggen".
   
To bilde frå Gjørøylykta på slutten av 60-talet. Det er skulen som er på tur. Det er stort dei same personane på begge bilda. På første bilde har vi  framme frå venstre Kjell Rogne, Knut Kjøpstad, Kåre Rogne, Rune Rogne, Atle Rogne og Terje Kjøpstad. Bak dei står frå venstre Bjørn Rogne, den vesle jenta er Bente Lill Kårstad frå Bygstad, Kjellfrid Rogne, Marie Kjøpstad, Leif Rogne og Turid Rogne. Bak står lærar Frits Andersen.
På andre bilde har vi stort sett same motiv. Leif Rogne har byta plass, Bjørn Rogne har fått nok av fotografering og har stukke av, og so har dei byta fotograf. Her er da nok Frits som fotografera mens lærerinna Margreth Torgersen frå Lyngdal har dukka opp bakerst.
 

Bilde frå "Bueland II" på vei til Dale på skuletur i 1966. Det er ikkje lett å kjenne igjen så mange personar her. Oppe til venstre ser vi no i alle fall Olai Hillersøy, den andre voksne personen heiter Vilhelm Systad. Guten som står saman med dei, og ser framover er truleg Petter Nikøy. Ho som sit framme og nyt sola er alle einig om er Marit Grepstad. Da er delte meininga om ho som sit nede til høgre er Helena Rogne eller kona til Olai, ho Dagmar. Han i styrehuset med cowboyhatt er truleg Rune Rogne og den andre ligna på Finn Hillersøy. Eg håper nokon som var med på turen kan bekrefte eller avkrefte dette, slik av vi får da heilt rett.

"Gullungen" stod da under da bilde her i albumen, og gullungen er Per Arild Tysse. Per Arild er fødd på slutten av 1963, så dette bilde er frå 1966 eller 1967.

Konfirmasjonsbilde frå 1969.
I fyrste rekke frå venstre står Tore Landøy, Dagfinn Kalvøy, Åge Værøy, Agnar Værøy, Reidar Værøy og Atle Hillersøy. I andre rekke frå venstre står Leif Rogne, Torill Værøy ( skjult), Marion Karlsen, prest Anders Myklebust, Magni Tysse, Kjell Rogne og Einar Magne Hillersøy.
 

Bilde som var teken i forbindelse med konfirmasjonen til Kjellfrid Rogne og Kåre Rogne i 1966. Dei to fyrste bilda er like, berre tekne frå to forskjellige vinkla. Bak fra venstre ser ein Eli Rogne, Elin Tysse, kjellfrid Rogne, Lilly Fedøy, Leif Rogne, Kåre Rogne og Einar Magne Hillersøy. I midten Anne Magrethe Grepstad. Framme frå venstre har vi Malvin Grepstad, Atle Rogne og Lars Grepstad.
På siste bilde ser ein konfirmantane Kjellfrid Rogne og Kåre Rogne.
 

Frå Elisabeth Rogne sin 80-årsdag 29. januar 1968, her har ho ein del av barnebarna rundt seg. Bak frå venstre Kjell Rogne, Leif Rogne og Rune Rogne. I midten frå venstre Eli Rogne, Atle Rogne, Bjørn Rogne og Turid Rogne. Framme frå venstre sit Reidun Sandøy, på fanget til Elisabeth sit Gunn Sandøy og så har vi Arild Rogne.

Konfirmasjon i Bulandet Kapell 1963.
På trappa framme frå venstre står Åse Værøy, Hjørdis Alesøy ( Blom) og Elsa Neverdal. I andre rekke står frå venstre Mathilde Kalvøy, Eli Værøy, Reidun Hittun. I tredje rekke frå venstre står Jarle Kjempenes, Tore Hillersøy og Gunn Leite ( skjult). I fjerde rekke står Bodvar Værøy, Harald Landøy , Helge Kjøpstad ( skjult) og presten Hervik.
 

Tur til Førde med "Bulending". Da ser ut som ein skuletur, og årstalet må være 1968 eller 69. På bilde til venstre er da Berit Nikøy som sit fremst. Så står Kari Tysse framme til venstre, bak Kari står Turid Rogne, så Bente Norheim og Ruth Sandøy. Så har vi på rekke og rad bak frå venstre Magni Tysse, Malvin Grepstad, Rune Rogne, David Fedøy, Anita Kjempenes, Lars Grepstad, Vemund Nikøy og Harald Tysse.
På bilde nummer to har vi ei lita jente som og var med på turen, ho heiter Reidun Sandøy.
På da tredje bilde har da dukka opp ein gut til, da må være Arild Rogne. Ellers er frå venstre Vemund Nikøy, Lars Grepstad, David Fedøy, Rune Rogne, Malvin Grepstad. Framfor Malvin står Harald Tysse.
 

Ombord i "Sjøvær" 1975, dei skal til Ørsta i bryllup. På første bilde ser ein frå venstre Bjørn Rogne, Bernt Rogne, Atle Rogne, Øyvind Landøy (skjult), Leif Rogne, Rune Rogne og Paul Norstrand.
Guten på dei to andre bilda er Trond Kjempenes.

Spente unga skal til å feire jul i 1965. Jenta framme til venstre er Magrethe Grepstad, så Eli Rogne og Bjørn Rogne. Så står frå venstre Malvin Grepstad, Kåre Rogne, Lars Grepstad, Leif Rogne og Atle Rogne.
 
  
På bilde til venstre er det klart for kranselag på huset som Bjørn Rogne bur i. Bildet er frå 14. juni 1968 og er teke frå nordvestsida av huset. På bildet til høgre har dei komme litt lenger ser da ut som
  
Komfirmasjon i Bulandet Kapell 1966.
Bilde til venstre: Ho som står for seg sjølv heilt til venstre er Marit Værøy, Kjellfrid Rogne, Britt Neverdal, Dagfrid Værøy, Målfrid Hittun og Kjellaug Værøy.
Bilde til høgre: Frå venstre Øyvind Landøy, Terje Kjøpstad og Egil Per Halsøy.
 

Birger og Helena Rogne med alle borna sine. Framme frå venstre sit Bjørn, Eli og Atle. Bak står frå venstre Kåre og Leif. Bjørn fylte 50 år i år, og her er han vel ca. 7 år, så bilde er teke midt på 60-talet eingong.
 

Her er ein stram gjeng samla for å feire 8 års dagen til Bjørn Rogne. Framme frå venstre sit Vemund Nikøy og Bjørn Rogne. I andre rekke har vi frå venstre Jonny Sandøy, Kurt Rutledal, Knut Rogne, Øystein Sandøy, Eli Rogne, Turid Rogne og Atle Rogne. Bak står Leif Rogne, han heilt bakerst er da litt usikkerheit om enno, men da er truleg Einar Magne Hillersøy eller Lars Grepstad, forskning pågår.
 

Bilde av 1.-2. og 3.klasse i Bulandet, skuleåret 1966-67. Framme frå venstre sit Ruth Sandøy, Bente Norheim, Eli Rogne, Anne Magrethe Grepstad, Pippi Norstrand, Anne Lise Nikøy og Berit Nikøy. Bak frå venstre sit Jonny Sandøy, Øystein Sandøy, Bjørn Rogne, Jan Thomas Fedøy, Kurt Rutledal og Petter Nikøy. Framfor Petter sit Vemund Nikøy, Bernt Rogne, Martin Karlsen og Knut Rogne. Framfor Martin sit Harald Tysse.

Bilde av "Solrenning" , som blei eigd av AS Nikøy, på tur. Anledninga for turen er ukjend, da same er årstalet, Men da var sikkert på 70-talet eingong. Er da nokon som veit meir detalja så må de berre sei frå. Frå venstre ser ein Marit Grepstad, Helena Rogne og Steinar Hillersøy. I styrehuset har vi frå venste Malvin Grepstad og Håvard Nikøy.
 

Bilde frå Skjæret. Huset til Klaus og Jorunn er under bygging, da forrige huset brant ned. Ein ser at dei flagda, og da er for dette er bryllupsdagen til Magnus og Liva ( Oliva) Karlsen. Dei gifta seg i 1953, nøyaktig dato har ikkje heimesideskrivaren klart på oppdrive enno, tek gjerne imot hjelp.

Anbjørg Halsøy i ungdommen. Bilde er antagelig teke i Jølster. Jenta ved sidan av heiter Kjellaug og er truleg i nær slekt med Helena Rogne. Nærmare detalja om bilde er under utforskning av heimesideskrivaren, men han ser no at Anbjørg var knakande fin i ungdommen og.
 
    
Ein skikkelig sildefangst med garn. Årstal er ukjent, men mannskapet og båten er kjent. Frå venstre Arne Norstrand, Karl Furnes, Anders Norstrand ( Gamle Anders), Hans Sørbø som kom frå Kaupanger og var dreng på Stormhågen, Anders Norstrand og Einar Norstrand. Båten hette "Einar" og på sildebilde er den gavl og med kravelt skrog. På bilde til høgre ser ein same båten, men før ombygging, då var den skøyte med klinka skrog. Ombygginga skjedde vist på gamle Leirvik verft i Ytre Sogn, og i dei dager var det vanleg å bygge om båtane slik. Det var berre nokre spant frå den opprinnelige båten som var att frå orginalen etter ombygginga. Seinare vart "Einar" seld til Sandøyna og fekk navn "Sandøyvåg".
Tredje bilde er av "Einar"/ "Sandøyvåg" slik den ser ut i dag. Den låg ved flytebrygga til Joker Bulandet 13. juli 2009.
 
  
2 bilder frå skulen i Bulandet frå skuleåret 1966/67.
På bilde ute ser ein frå venstre Petter Nikøy, Knut Rogne, Bernt Rogne, Harald Tysse, Johnny Sandøy, Jan Thomas Fedøy, Anne Margrethe Grepstad, Martin Karlsen og Ruth Sandøy. Takk til Øystein Sandøy  og Berit Nikøy for navnsetting.
På bilde inne, så er den strame karen ved vindauga, den mannlege heimesideskrivar Kurt. Bak Kurt sit Pippi Norstrand, truleg Knut Rogne og så Anne Magrete Grepstad. Ved sidan av Kurt sit Anne-Lise Nikøy og bak henne Berit Nikøy. Takk til Anne-Lise for navnsetting. Bilde er av 1.klasse, og da rare er at av dei 8 elevane i 1.klasse det året, så var 3 fødd same dag og 5 av dei i juni.

 

Gamle Berthe og gamle Olai Hillersøy på rotur. Berthe var ein av to kvinner, som var dei første som fekk redningsmedalje her i landet. Ho var med å bjerga 7 mann frå "Gunger" i 1885. Det kan ein lese meir om ved å fylje linken. Berthe og Olai var gift. Når bilde er teke er ukjent, men Berthe døde i 1928. Olai var los og ansatt i Alden Losstasjon frå 1896 til 1928. Han døde i 1942.

Eit bilde frå 1950 talet, antagelig rundt 1956-57. Mathias Kjempenes ( Dollen) kjøyrer postruta ein del av da året.. Bilde er teke i Nikøyna, da er trulig Atle Nikøy eller Halvard Tysse som er fotograf. Båten er ein livbåt med ein 8 hk Saab diesel, og ein kan sjå bak Tias att den hadde eit overbygg med ei kalesje. Er da nokon som har meir informasjon om båten so berre gje beskjed til heimesideskrivarane.

Jan Gunnar Halsøy har sendt mykje god informasjon om båten:
Kjekt å sjå ”Diligensen” igjen etter gammalt, båten som blei brukt i postruta i Bulandet på slutten av 50 og fyrstninga av 60 åra blei nemlig kalt for ”Diligensen”, og det var Håvard Nikøy som fekk den gamle livbåten ombygd til motorbåt får å betjene postruta med den.
Eg meinar det var Bernt Hågøy, onkel til Trygve Hågøy som ”rigga” den til med maskin og ”overbygg / vindskjerm”. Hadde faktisk gløymt at det var kalesje på den dei første åra, for etter ei tid blei det lagt tak over vindskjermen, da det sikkert blei for tungvindt med kalesje når mann skulde oppunder alle brygger og kaier i Bulandet med post.
Dette var sjølsagt før det kom bruer og veger i Bulandet, og dei fleste som tjenestegjorde som ”dreng” på butikken i Nikøy, dei åra ”Diligensen” var i tjeneste som postrute, inklusiv underteikna, hadde seg nok ein del turar med denne båten.
Båten blei utsjalta som postrute i 1963, då det blei investert i ein meir hurtiggåande båt, ein 16 fots Peto, produsert av Per Nybø og Tor Leite på Værlandet, derav benevninga PETO, og båtfabrikken hette for øvrig LeNy Plast.
Den gamle postruta ”diligensen” kom for salg, og underteikna fekk gleden av å overta skuta for nokre tusenlappa, og det var ein utruleg artig båt å kjøyre, hadde mykje glede av den.
Etter et par år blei den solgt til Tore Hillersøy, han var då på jakt etter ein motor til ei snekke han hadde, og tok kontakt med meg om å få kjøpa den, sidan eg då gjekk på skule i Bergen, og ikkje brukte den.
På den tida var båten til oppbevaring i naustet på Hågøy, truleg der Bernt Hågøy rigga den til i si tid.
Er ikkje sikker på kvar det var av båten etter det, men har eit minne til at Roald Kjempenes overtok båten uten maskin, men dette veit nok andre meir om


Eit bilde frå Gjørøy Kletten 1956. På dei tider stod det eit lite hus oppå Gjørøy Kletten. Bildet er teke ei veke etter at Håkon Kjempenes vart komfirmert. Han var fødd i 1942, og difor anslaget på 1956. Frå venstre ser ein Ingvald Abrahamsen, bak Rolf Hillersøy, i kvit skjorte Sverre Mathisen (Ingvald og Sverre er søskenbarn), Annemor Karlsen ( Annemor på Skjera), Edit Kjempenes, bak ved veggen Edvin Nikøy, Maria Kjempenes og ståande Håkon Kjempenes. ( Edit, Maria og Håkon var søsken). Sjølve fotografen er da ingen som hugsa, so der tek heimesideskrivarane gjerne imot hjelp.
 

Eit bilde som ikkje er så særlig gamalt, men ganske så koselig og litt spesielt. Bilde er teke 17. mai 1996 og viser fire av bygdas kjente og kjære menn, som alle har gått bort. Dei sit tydeligvis og drøser over gamle og nye dager, vi halvgamlingane som kjente karane skulle so gjerne vore tilbake i tid for å ha delteke i drøsen. Frå venstre Anders Norstrand, Birger Nikøy, Audun Kjempenes og Leonard Gjørøy.
 

Eit bilde frå dei gode sildeåra, antageligvis ein gong på 1950 talet. Her er ein sildesaltegjeng på austsida av bua som stod på holmen der Fiskeindustrien er i dag. Den einaste kjende på bilde er Kristian Bortheim som står som nummer to frå høgre. Han var frå Dale og jobba mykje ute i Bulandet nokre år. Blant anna var han med "Gleaner" frå Halsøyna. Er da nokon som kjenner andre på bilde må de gje beskjed til heimesideskrivarane.
 

Mannskap på MS "Sjøvær" leverer pigghå hos "Skåren" i Måløy. Nøyaktig årstal er for øyeblikket ukjent, men det var nok på midten av 1970-talet. Dei strame karane frå midten av 1970-talet er frå venstre: Bjørnvald Sandøy, Steinar Kjempenes, Bernt Rogne, Jonny Sandøy, Arve Norstrand, Finn Hillersøy, Reidar Thistel og Jarl Landøy.

Bilete av MS "Havblink" på sildefiske, truleg vest av Florø, i 1955. Er da nokon som har meir informasjon om bileta so må de gje beskjed. Takk til Arne Fedøy for lån av bilete.
 

Eit bilde frå seinhøsten 1945. Gjengen her er nett ferdig med kystskipparskulen i Bergen. Dei fleste på bilete er frå Bergensområdet, men vi har 3 lokale kjendisar her. Framme til venstre Olav Rogne, bak til venstre Johannes Hillersøy og midt bak Magnus Karlsen. Andreas Norstrand ( Dresen) gjekk i same klasse og var ferdig kystskippar til same tid, men han vart  ikkje med på bilde. Magnus og Dresen budde saman på hybel i byn, da gjorde Johannes og Olav og. Johannes og Olav budde hos ei kjekk gamal dame som var veldig tunghørt. Dei budde der under den store eksplosjonen i Bergen april 1944. Eksplosjonen maltrakterte heile huset og sprengte omtrent trommehinnene deira. Då kom husfrua inn på rommet til dei forskremde gutane, via døra som hadde falt av hengslene, og sa att no fekk dei jammen sjå til å roe seg ned og ikkje bråke slik.
Karen bak Olav Rogne heiter Johannes Hevrøy og er frå Austevoll. Sonen til Johannes, Oddvar, er i dag skipper på snurparen Talbor. Oddvar og Øystein Sandøy gjekk i same klasse på Fiskarfagskulen i Austevoll i 1980.
 

Svein Odd ved kai i Farsund under makrelldorginga i 1959 eller -61

Ein del av Halsøyna sett vestover, ein gong før 1958

MS "Midnattsol" fiskar etter sild med botngarn. Utanfor Bremanger ca. 1958.

MS "Campella", sleper dory'n, på utkikk etter styrje ca. 1960.

MS "Havblink" rigga for snurping, ca. 1960.

Drivgarnfiske etter sild med MS Fedøy 1958. Mesteparten av mannskapet var frå Askrova.

Drivgarnfiske etter sild med MS Fedøy 1958. Mesteparten av mannskapet var frå Askrova.

Drivgarnfiske etter sild med MS Fedøy 1958. Mesteparten av mannskapet var frå Askrova.

Her er det middag på dekk ombord i Fedøy 1964. Ein dreg kjensel på Håvard Halsøy fremst i baugen på lettbåten. Fotografen er Svein Fedøy.

Her har mannskapet pynta seg og ser ut til å være klar til ein tur på land. 1958

Her ligg Fix, heilt ny i 1964,

MS "Bueland 1" med 161 styrjer ombord. 14. september 1962

MS "Bueland 1" med 161 styrjer ombord. 14. september 1962

MS "Bueland 1" med 161 styrjer ombord. 14. september 1962

Kopi av korrespondanse rundt båten "Gleaner", eigd av Sivert, Elias og Andreas Halsøy i tidsrommet 1923 til 1939.

Kopi av orginal kjøpekontrakt fra 1923.

Kopi av orginal salskontrakt frå 1939.

Bilde frå 1963. Doktorskyssen "Svanen". Ein ser fru Stormarken og dei to yngste ungane, Ketil og Anne-Grete. Herr Stormarken var då doktoren som sikkert tok bildet. Mannen her er Kistrup som kjørte doktorskyssen.

Bilde av Doktorskyssen "Svanen". Bildet er nok teken ved ein seinare anledning, då navnet Svanen ikkje er på styrehusfronten på forrige bilde. Kistrup styrer og ein ser refleksen av fotografen i styrehusglaset, trulig hr. Stormarken.

Aslaug og Maria Thistel. Bilde er teke 1938

Bjørn og Reidar Thistel, saman med Magnild som var tjenestejente på Thistelen. Bilde er teke 1937

Bakstedamer på Hillersøyna. Frå venstre Jørgina ( Gina på Nesa), Janikke Gillesøy og Kari Gjørøy. Bilde er teke vesta i huset til Bodil og Arve. Det var Janikke sitt hus den gongen, ho var gift med Kristoffer Gillesøy. Damene steikte løpser i kjellaren. Her baker dei til bryllupet til Solveig og Edden ( Edvard) Hillersøy i 1940.

Sørfor gamlehuset på Hillersøyna, huset brann ned i 1962. Eldhuset til venstre. Frå venstre Gamle Olai, Janikke, Maya, Gamle Einar, Gamle Berthe og ein ukjend (trulig dreng).

"Svein Odd" på veg til land, fullasta med makrel. 1959  eller 1961. Knut Hillersøy i styrehuset

Henrik Leite med "Maria" SF212A  dorgar makrel ved sidan av" Svein Odd", bilde er teke frå "Svein-Odd" 1959 eller 1961.

Her ligg "Svein Odd" ved kai i Bergen i 1963. Enten på vei til eller frå makrelfisket på sørlandet.

Makrelbåtane ved kai i Farsund i 1961. Ein ser "Svein Odd" og Aldeskjøyta.  Aldeskjøyta hette "Turid", var 37 fot og hadde ein 20 hk Union. Eigar var Mattias Alden m/fleire. Ein ser Jan Alden og ein møring frå Sandshavn, navn ukjent.

Her kokar ein middag på dekk ombord i "Svein Odd" ved kai i Farsund. 1959 eller 1961. Knut Hillersøy sit avslappa og ventar på att Ole Kvalsund frå Ørsta skal verte ferdig med maten

Da er helg og karane slapper og nyt livet i sola. Da er ellers lange og tunge arbeidsdagar heile veka til endes. Ombord i "Svein Odd" ved kai i Farsund antageligvis i 1961. Frå venstre Ole Kvalsund frå Ørsta, Jan Alden og Håvard Halsøy. Framme med hatt sit Knut Hillersøy. Dei andre er møringar med ukjent navn.

Her er karane på sightseeing tur i 1961 på Lista Fyr. Ein ser Håvard Halsøy midt under fyret.
 

1961. Jan Alden spelar trekkspel på dekk. Ole Kvalsund frå Ørsta og ein ukjent frå Sandshavn på møre koser seg med fin musikk.

1961. Kvar sommar i dei tider var da karneval i Farsund. Her har karane rigga seg til framme i lugaren på "Svein Odd", klar til karneval og ein kjekk kveld. Frå venstre Ole Kvalsund frå Ørsta, Håvard Halsøy og Jan Alden

Håvard Halsøy hadde seg ein tur sørover for å friske opp gamle minne, i 1985, med båten han har no; Fix. Her er Fix på vei forbi Lista

Harald Leite skriv:
I fyrstninga av 1960- talet starta eit nytt fiske ute i øyane, det var drivgarnsfiske etter laks.
Her var Atle Nikøy frå Bulandet fyrst ute, og det var på båten "Fei" som her ligg ved kai på Nikøy.





 

Harald Leite skriv:
Ein av dei fyrste båtane som kom til på drivgarnsfiske etter laks var "Svein Odd" frå Bulandet med Knut Hillersøy og Håvard Halsøy.
Desse to karane fekk verkeleg til dette fisket og fekk maksimalt ut av det dei femten tjue åra dei dreiv dette fisket.
Det som var viktig skulle ein få laks var å fylgje med straumar og straumvendingar, og det kunne dei. Tolmod var også noko som måtte til, det veit alle som har fiska laks.
Etter at fisket vart forbode innenfor grunnlingja vart dette fisket umogeleg og drive, ein kunne ikkje i natta vite kor henne ein var i forhold til denne usynlege linja som gjekk gjennom sjøen.
Fisket slutta seg sjølv og vart på 1980-talet forbode.
 

Rune Thistel skriv:
Her er eit bilete av Buøy eller Idun som navnet var før 1962

M/s "BUØY"
Bygd på Lista 1910
I 1920 M/s "Garvik" H-7-AM Olai Gullaksen Fondenes, Fonnes
40 x 16 x 7 fot.
22 Hk Rap. 1918.
Omb. 1922 og skifta navn til "Idun"
Seld ca 1925 til Karl og August Gjelsa Bulandet.
SF-145-A M/s "Idun"
Omb. og forlengd på Svanøy 1943.
47 x 16.7 x 8.5 fot.
50 Hk Wichmann AB. 1946
Sett i kryssarhekk i 1953, på NordHugla.
56.9 x 16.7 x 8.5 fot.
Og skøyta vart reparert i 1962.
1962 overtatt av Arvid Gillesøy og skifta navn til M/s "Buøy"

I 1980 har den Fiskerinr SF-147-A
Ca 1975 Ny motor 120 Hk. Normo T3. 1966

Seld til Bergen
 
    
Rune Thistel har sendt nokre kjekke bilde med tekst frå sildefisket i 1955.
Knut Hillersøy, Olav Værøy og Karl Værøy leigde skøyta "BRU" .
Her er data på skøyta.
M/S "BRU" SF-10-BU.   42.3 x 14.7 x 6.4fot
Bygd i 1948 Bolinder 40Hk år 1931. Eigar: Njørd Helland,  Litle Høydal.
På fyrste bilde ser ein Øyvind Sandøy og Olav Værøy.

På andre bilde ser ein ukjend, Kristoffer Gillesø, Øyvind Sandøy og Knut Hillersøy i styrehuset.
På tredje bilde er ho Solfrid, mor til Rune, som lempar sild. Ho var med på drevet den vinteren og her er ho 18 år.

Her ser ein tre rabbagaster som er syskenborn og heiter Trygve alle tre. Bilete i svart-kvitt er teke sånn rundt 1950. Rabbagastane er frå venste Trygve Eikerol, Trygve Hågøy og Trygve Norheim.
På fargebilete ser ein dei same rabbagastane over 50 år seinare. Litt rundare om livet kansje, men ellers med da same glimt i auga og sikkert omtrent like rabbagastete. Her har Trygve Eikerol og Trygve Norheim skifta plass, mens rabbagasten Trygve Hågøy fremdeles står i midten.

Her er bilete av ungar frå Bulandet som er på sundagsskuletur til Alden ca. 1942. På bilete med tal er plasseringa til kvar enkelt merka av. Talet har eg skreve føre kvart navn, slik at det skal være lett å kjenne att folk. Framme frå venstre ser vi 1 Johan J.Kjempenes,2 Steinar Espeseth, 3 Anders Norstrand jr.,4 Ruth Kjempenes, 5 Jorunn Rogne, 6 Liv Nikøy, 7 Magda Sandøy. Han eldre som sit helt til venstre var søndagsskulelærar og jobba for havnevesenet med moloen i Sandøyna, navnet var 8 Risøy. Guten som står litt for seg sjølv framme er 9 Håvard Halsøy. Bak fra venstre står 10 Kolbjørn Sandøy, 11 Jostein Sandøy ( i kule solbriller), 12 Anna Norstrand, 13 Edvard J. Kjempenes, 14 Håvard Nikøy, 15 Torbjørn Sandøy, 16 Oddmund Sandøy, 17 Gunvor Thistel, 18 Arne Rogne, 19 Einar Norstrand, 20 Jørgina Sandøy, 21 Erna Karlsen, 22 Anders Nikøy, 23 Teodor Sandøy, 24 Roald Kjempenes, 25 Øyvind Sandøy, 26 Marit Nikøy og 27 Aud Halsøy.

Bilete frå ei 17.mai feiring ved gamleskulen (når bilete blei teke var det nyeskulen). Bilete er teke ca. 1953. Her foregår føremiddagsaktivitetar med konkurranse i kapproing, sekkeløp og mykje meir.

Bilete av alle skuleborna i Bulandet 1950. På bilete med tal er plasseringa til kvar enkelt merka av. Talet har eg skreve føre kvart navn, slik at det skal være lett å kjenne folk att. Framme frå venstre sit 1 Einar E. Hillersøy, 2 Håkon Kjempenes, 3 Ottar Sandøy, 4 Bjørn Norheim, 5 Magne Gjørøy, 6 Leidulf Halsøy. Den voksne som sit til venstre er lærar 7 Hjalmar Årseth. So står dei frå venstre og bortetter 8 Hildegunn Rogne, 9 Agnar Halsøy, 10 Annemor Karlsen, 11 Asta Halsøy, 12 Sigmund Sandøy, 13 Anbjørg Halsøy, 14 Jan Tore Sandøy, 15 Leif Thistel, 16 Kari Kjøpstad, 17 Sigrun Håstein,18 Liv Hågøy, 19 Magnhild Rogne ( Malli), 20 Mathias M.Kjempenes, 21 Asbjørg Gillesøy, 22 Inger Rogne, 23 Kjell Sandøy, 24 Turid Norheim, 25 Gunvor Kjempenes, 26 Sigrid Marit Sandøy, 27 Leif Halsøy ( eksamensvakt), 28 Torunn Hågøy, 29 Kristian Kjempenes, 30 Herborg Karlsen ( Bogga), 31 Kirsten Alisøy, 32 Leidulf Sandøy, 33 Solfrid Sandøy, 34 Mathias E.Kjempenes ( eksamensvakt), 35 Sigrid Halsøy,36 Jofrid Halsøy og 37 Magnhild Grane (lærar).

Her er vi i sundet på Halsøyna ca. 1950. I båten ser vi frå venstre Jofrid Halsøy, Anbjørg Halsøy og Sigrid Halsøy. Han som set i fjøresteinane og myser på damene er Leidulf Halsøy, men da var no broren Håvard som stakk av med jenta i midten.

Bilete av sildesaltarar ved Gjørøynesbua ca.1928. Framme frå venstre har vi Marta Helgheim, Ole Nåren, Anna Gjervik, Sivert Abrahamsen og Anna Mjømen. I andre rekke frå venstre ser vi Petter Gjørøy, Karl Fursund, Sofie Gjørøy, Johanne Gjørøy, Leonard Gjørøy, Henrikk Fursund og Thomas Vadøy. Dei to karane bak er frå venstre Nils Helgheim og Bernhard Nikøy.

M/K "Buestein, tidlegare "Idler". Båten vart forlatt i Bergen då første verdenskrig braut ut og hadde til då tilhørt universiteta i Oxford. Hans Hillersøy og Kristoffer Gillesøy kjøpte den som seglbåt i 1914, og sette motor i året etter. I 1936 kjøpte Konrad Kjempenes og Leif Hillersøy båten og ga den navnet "Buestein". I 1941 tok dei han over til Shetland med 10 personar, og båten enda sine dager på ein sandbanke ved Alexandria i Egypt etter krigen.

Bilete frå avdukinga av minnesteinen over Asbjørn og Vemund Melvær, som døydde under krigen. Bilete er teke i mai 1947. I framgrunnen frå venstre ser vi Sigmund Myrvåg, Jonas Leite, Petter Nikøy, Einar Hillersøy og Asmund Melvær.

Bilete teke ca. 1936.Ekspedisjonsbåten "Korkjen" er på veg til Båtmannsskjæret    (der Fiskeindustrien er i dag).Lasta er Martens brødkasser og dei skal bort til rutebåten D/S "Gula". Roarane er Hildur og Hjalmar, etternavn er ukjent for meg.

Her ligg D/S "Gula" ved kai ved Båtmannsskjæret, der Fiskeindustrien er i dag. Året er 1932 og personane på bilete er på vei heim etter å ha vært i bryllupet til Anna og Bernt Thistel

Her ligg båtane "Havblink", "Fedøy" og "Campella" side om side på Fedøyna.

4 staselige karer frå Bulandet. Framme til venstre Audun Kjempenes og ved siden av broren Roald Kjempenes. Bak til venstre Andreas Thistel og ved siden av står Arnfinn Rogne. Bilete er antageligvis teke i Askvoll på slutten av 2. verdenskrig. Andreas Thistel drukna saman med bror sin i 1945 rett etter at krigen var slutt. Andreas vart 26 år og broren Norvald vart 13 år, dette bilete er teke ikkje så lenge før den tragiske hendelsen.

Huset som stod på Nygård og som blei flytta til Likje-Batalden tidlig i 1920 åra. Her er før flyttinga. Fremst frå høgre står Anna Steindal, Sissi og Mathias.Med hatt står Mattern, kona Anna, Bernt Norstrand, Herman, ukjent, Madam Norstrand, Berte Norstrand og Andreas Norstrand.

Gamlehuset på Nygård før flytting til Likje-Batalden. Frå venstre Petra med Dresen på armen, Bernt Norstrand med hatt, Berte med Berte på armen, ukjent, Augusta, Andreas Norstrand, Mathias og Anders Norstrand.

På Nygård tidlig på 1920-talet. Bak frå venstre Herman, Madam Norstrand, Andreas, Auguste, Sissi og Bernt. Framme frå venstre Marie og Kjempenesen, Anna Steindal, Berte, Mathias, Mattern og Anna.

Bak frå venstre Einar Hillersøy, Augusta med Berte, Anders Norstrand. Framme frå venstre Anna Steindal, Mathias og Sissi.

Herman, Sissi, Mathias Kjempenes ( snusken) og Anna Steindal.

Rolf Hillersøy og Anders Norstrand. Bilete er truligt teke i Askvoll.

Line og Johannes Norstrand ( dyrlege Norstrand)

Mattern og Mathias ved bua på Vadøyneset rundt 1920. Da var vist kveite som stod på menyen den dagen.

I stua på Vadøyneset. Frå venstre Anna, Sissi, Mattern og Madam Norstrand.

Einar Hillersøy og Andreas Norstrand sit og drøser over kvardagens gleder og sorger.