Statuene av Berte og Hansine er kommen på plass på Hillersøyna.

Statuene av Berthe og Hansine er laga av Ingun Dahlin, og om kvelden 7.juni 2007 kom dei på plass på Nordavindshågen på Hillersøyna.
No står dei og ser bort på Sengskjeret og mimra øve gamle dager.

For dei som ikkje kjenne til Berthe og Hansine so utførte dei ein stor redningsdåd i 1885 og var dei fyrste kvinnene her i landet som fekk redningsmedalje.
Redningsdåden kan ein lese om i prosjektoppgava til Pernille Rutledal Olsen som ein finn under "Historie". Ein må gå eit stykke ned i oppgava og redningsdåden er beskreve blant båtforlis. Mannskapet dei redda kom frå båten "Gunger".

Da var ein nydelig kveld med flott solnedgong. Mange var med og hjalp til, og etterpå var da kaffi og kaker som da pleier være itte hardt arbeid.

Bente Sandøy har tipsa om tildragelsen, beskreve tildragelsen og fotografert tildragelsen. Takk til ho for da.

Her kan ein sjå bilete frå den offisielle markeringa av redningsdåden til Berte og Hansine.


Du må klikke ein gong på bileta for å få dei større.

Damene er behørlig sikra når dei er ute på tur.

Ska vi sjå, er ditta opp eller ned?

Statueoppsettarane Dag Ove og Fred tek seg ein pust i bakken

En nydelig sommarkveld

Her er da mykje fintenking og finjustering

Damene har komt opp og da ser ut som dei trivast godt.

Her er alle fotografane fotografert

Dagmar og Liv

Dagmar, Einar Magne og Rune kosar seg med velfortjent kaffi og kaker.

Heile statueoppsettar gjengen