Vil du vere med på
EIN dag DUGNAD?
Saka:
Som dei fleste kjenner til, har bassengnemda lagt ned eit enormt arbeid siste åra for å få finansiere symjehallen i Bulandet. Dei er no nesten i mål, og har no ei ganske knapp tidsfrist, 5. mars, for ikkje å misse midlar som er løyvde til prosjektet. Dette er difor siste sjans for bassenget vårt!
Vi fiskarane har diskutert dette eindel, og synest det er forferdeleg trist om vi ikkje skal få til dette prosjektet no når løysinga er så nær.
Ein dag dugnad:
Som fiskarar kan vi derfor tenkje oss å gje ein dags arbeid, dvs ein dagslut for 2008. Slik vert det likt for alle. Ein får sjølv gje opp sin eigen dagsats. Vi vil med dette oppfordre alle fiskarane i Bulandet og Værlandet til å gjere det same! Vi ser på dette som ein enkel måte å jobbe ein dag dugnad for å få realisert eit slikt anlegg i bygda.
Vi skal ikkje rekne opp alle fordelane med eit symjebasseng, men vi meinar det er spesielt i fiskarane si interesse at folk får god symjeopplæring, øving i livredding, og mogeligheit for rehabilitering i basseng.
Skattefrådrag:
Vi treng no berre eit tilsagn om at ein vil gje pengar, og så betalar ein inn pengane når prosjektet kjem i gong. Det er og verdt å tenkje på at ein får skattefrådrag for slike gåver, opp til kr 12.000,-
JA eller NEI:
Fyll ut
skjemaet på baksida og returner til Ruben Fedøy.
Kontakt:
Ruben mob 950 67 285
ruben@granasa.no
Daniel mob 476 68 066
daniel@granasa.no
Vi håpar fiskarane kan stå saman om ei
siste kronerulling for bassenget!
Tilsagn om gåve til Bulandet Symjehall
Eg ………………………………………….... vil gje ein dags arbeid, altså kroner………………… i gåve til Bulandet Symjehall, dersom prosjektet vert realisert. Det vil ikkje koste meg noko og dette tilsagnet vert makulert dersom finansieringa ikkje vert innvilga.
________________________________
Underskrift
________________________________
Stad/Dato