Barnas Turlag

Barnas turlag i Værlandet og Bulandet har mange kjekke tura rundt omkring i da flotte landskapet vårt.
Her vil ein sjå diverse bilete frå turane.

Da er lite tekst på bilda, men dei som har vore med på tur veit no kva dei ser.
Alle dei andre ser att da har vore ein kjekk tur og får ta å slå seg med på neste tur.

Du må klikke ein gong på bileta for å få dei større.

Barnas Turlag hadde ein flott tur til Bjørnøyna på søndag 21. mars 2010
Stor takk til Anne Marit og Arin som let oss få trakke rundt på øyana :)
 

I samband med folkeaukeseminaret arrangerte Barnas turlag tur i
Myrevågen/Brimneset 3. mai 2009. 25 små og store var med på turen. Vi gjekk ei
rundløype, før grilling på den kommande nudiststranda. Takk for turen alle
saman!


Barnas turlag har vore i farta igjen! ( 15.03.09) Denne gangen gjekk turen i
Nordsjøløypa med start på Nybø. 26 små og store var med på turen. Masse
skryt til ungene (og dei vaksne), de er kjempeflinke til å ta dykk fram i
terrenget :) Turen gjekk til Mannsvatnet ved Høgkletten, der var det bål og
pølsegrilling.



Her er bilete frå tur i Melværen 8. februar 2009. Da var strålande veir og mange deltakarar på turen, 56 stykker
om ikkje meir. Frida var eminent omvisar, og losa gjengen trygt rundt i Rånane og jettegrytene.
So vidt vi veit kom alle som starta turen seg trygt tilbakers og.
Takk til Astri Thorsen Landøy og Dag Leite for bilda.


Her ser ein bilete frå tur i Kvitløypa og Blåløypa 25. januar 2009.