Alfred Bamse reiser offshore.

Her er ei side med bilder som viser korleis det går med Alfred Bamse sitt bokprosjekt, skreven med Alfred Bamse sine "eigne ord".

Alfred Bamse har vorte skikkelig moderne, og lage ei eiga side på Facebook. Der skriv han oppdateringa etter kvart som da er noko endring i bokprosjektet hans. Du skal kunne lese da sjølv om du ikkje er medlem på Facebook.

Han Alfred Bamse skal komme ut i bokform i oktober eingong.

Her kan du forhandsbestille boka vist du vil: alfred@bulandet-grendalag.org

Alfred har fått fin oppmerksomheit i Firda, her kan ein lese.


Alfred er assisterande vakt i Temaparken sommaren 2008 dersom nokon ønsker å treffe han.

1.-3. klasse på Bulandet Skule har ein bamse som heiter Alfred. Denne bamsen er med elevane heim, og so fortel dei kva bamsen har opplevd når han har vore på heimebesøk.

Den mannlege heimesideskrivaren har teke på seg eit oppdrag med å ha bamsen Alfred med meg ut i havet, og så fortelje kva han oppleve underveis. Eg skal fortelje meir detaljert når eg og Alfred har komme heim, i myljatida so kan ein sjå litt av Alfred si reise her.

Alfred si reise består i bilkjøyring til Flesland, fly til Kristiansund og helikopter ut i havet til eit stort oljeproduksjonsskip som heiter Åsgard A. Etter 14 dager skal han reise same rute heimatt.
Han skal få oppleve da meste vi putler med ombord.
So kan ungane kanskje få litt inspirasjon til framtidig yrkesval, og sjå att da er fullt mogeligt å ha ein jobb andre stader utan å måtte flytte frå bygdene våre.

Reisa starta om morningen 17.mars. Då gjekk turen til Bergen, og overnatting på hotell. Så var det fly til Kristiansund morgonen etter. I Kristiansund var det så tett snødrev att ingen helikopter kunne ta av, so vi kom oss ikkje ut i havet før om kvelden den 20. mars.
Reisa vart avslutta 2.april, då vi kom oss heim ein dag forsinka.

Har da vore ein kjekk tur saman med Alfred so skriv gjerne nokre ord i gjesteboka.

For dei som klikker seg rett inn på Alfred Bamse si side, so finn du hovedsida her.

Du må klikke ein gong på bileta for å få dei større.
 

1.-3.klasse med Alfred før dei overlet han til den mannlege heimesideskrivaren.

17.mars. Alfred sit spent i bilen, klar til å kjøyre til Bergen. Han har fått låne smokingsløyfa til heimesideskrivaren for å pynte seg litt når han reiser på tur.

På hotellet var da badebasseng, men Alfred ville heller ligge å slappe av og kikke på damene som bada.

Alfred i badstua på hotellet, ein skimta han inne i all dampen.

18 mars.So sjekka Alfred inn bagasjen på flyet frå Flesland til Kristiansund

Før ein går ombord i flyet vert da sjekka om ein har bilett og om ein er den ein utgjer seg for. Alfred kom seg vidare utan problem.

Alfred på vei ombord i flyet, han har bra dametekke og den karen.

Alfred trygt fastspent i flysetet på vei til Kristiansund.

Alfred var so fornøgd med flyturen att han måtte fram i cocpiten å snakke med flygarane etter att vi hadde landa.

So kom vi oss ikkje vidare på grunn av snøkave. Vi sat på flyplassen i øve 5 timar og venta. Alfred er ein sosial kar, so han fekk tida til å gå ved å konversere med alle som var i nærheita.

Vi måtte overnatte på hotell i Kristiansund den natta, og om kvelden var vi ute og åt middag ein heil gjeng. Alfred like sosial som vanlig.

19.mars.Dagen etter kom vi heller ikkje ut i havet. Vi fordreiv tida med å gå på kino for å sjå "Lange flate ballær 2".

20.mars.So har endelig veiret vorte sånn att vi kan reise ut i havet. Her sjekka Alfred inn på helikopteret.

So vert vi sjekka før vi kan gå inn i avgansgrommet for helikopteret. Her vert vi sjekka att vi er den vi seier vi er, og so sjekka dei om vi har med oss nokre skumle ting. Alfred her i munter passiar med vekterane.

Alfred har vorte gjennomlyst og grundig sjekka. Han inneheldt ikkje skumle ting, og er klar for å reise ut i havet.

Her får ein utlevert overlevningsdrakter. Den mannlege heimesideskrivaren fekk si drakt, mens Alfred stolt viste fram veska si med medbrakt spesialsydd drakt

So må ein sjå sikkerhetsvideo før vi kan gå ombord i helikopteret. Alfred har rigga seg til og venta spent på å sjå film.

So er vi på vei ombord i helikopteret. Alfred er ikkje med her, då han befant seg bak kamera.

Alfred kikka ut glaset på helikopteret og ser kysten forsvinne bak seg

Fyrst landa vi på ein plattform som heiter Kristin

So landa vi på Åsgard A

Alfred har komme seg trygt fram på kontoret til den mannlege heimesideskrivaren. Her sit han å slappe av etter ei lang reise.

21 mars. I og med att Alfred ikkje har fått seg helseattest på forhånd, so må han gå igjennom ein helsesjekk ombord. Her vert blodtrykket sjekka.

Høgda må registrerast

Og vekta må registrerast.

Her er da hørselen som vert sjekka.

So er da blodprøve for å sjekke blodprosent og diverse.

Urinprøven ville Alfred helst ta i fred og ro.

22. mars. Her posera Alfred i døra til lugaren han har fått tildelt.

Alfred har fått same lugar som den mannlege heimesideskrivar. Vanligvis ligg vi åleine på lugarane, men da vart gjort eit unntak i dette tilfelle.

Alfred fekk nyss i att da kunne finnast kanala som sende filma som ikkje egna seg for truskyldige bamser, difor måtte han berre prøve å finne fram til dei kanalane.

Alfred vart stoppa i kanalsøkinga før han fant fram til kanala han ikkje burde vite om. Her er han plassert i si eiga køy, utan fjernkontroll.

Her er Alfred klar til å være med på inspeksjon av livbåtar

Alfred skal få være med inn og gjere seg kjent med livbåten. Hjelm og vernebriller har han sjølvsagt på seg.

Alfred utfører radiosjekk og prøver ut setet til livbåtførareren

Alfred prøver ut seta passasjerane skal sitte i når livbåten vert sluppen gjønna lause lukta og ned på havet. Da er trangt, mørkt og skummelt, men Alfred er ikkje nokon lettskremd herremann.

Så var Alfred med på brua for å ta radiosjekk der og. Brua har vore brukt ein gong, og det var når Åsgard A reiste ut til feltet for eiga maskin. Ellers er den brukt som reserve beredskapsrom.

Alfred på brua. Bak ser ein plattforma Åsgard B. Ein skimta og tankbåten "Åsgard C" som ligg her ute fast, og tankbåten "Sallie Knutsen" som ligg og fyller olje. Etter att "Sallie Knutsen" er ferdig der, kjem den bort til oss for å få meir olje.

I morgon er da påske golfturnering ombord. Alfred må sjølvsagt være med på den, og her held Morten på å lage golfkølle til Alfred. Da vert ikkje noko amatørkølle heller, Morten er nemlig norgesmester i bedriftsgolf og veit kva han putlar på med i so måte. Her inne på verksted treng han ikkje hjelm, men vernebriller er viktige her og.

Her har Alfred fått golfutstyret iorden. Ein "driver" og eit "mellomjern", heiter køllene visst. Alfred gav uttrykk overfor Morten att han syntes lengde var viktig når han fyrst skulle svinge kølla, desse to køllene skal vistnok være særdeles velegna til da formålet.

Den mannlege heimesideskrivaren held på med møtereferat i dag, og da er noko av da verste han veit. Alfred hjelper til så godt han kan, mens heimesideskrivaren er på veg inn i djup møtereferatkoma.

Alfred er på laboratoriet, eller labben som vi seier, for å drøse litt med Anita som han blei kjend med i Kristiansund. Ho Anita viser velvillig han Alfred korleis han skal mikse ihop skumle kjemikalia på ein trygg måte.

Her har Alfred miksa ihop ei blande med kjemikalia som egna seg til alt frå svigermødre til oljeanalyse. Da er viktig med vernebriller når ein jobba med kjemikalia, og Alfred er nøyen på verneutstyr.

23. mars.Alfred er med Håkon for å sjekke om signala som går over til tankbåten, som driv å tømme oss for olje, virka som dei skal. Håkon var skikkelig fornøgd med signala og det var Alfred og.

"Sallie Knutsen" ligg og tømme oss for olje. Tankeren er ein 140 tusen tonnar, men ser litt liten ut her. Oljen går gjennom da raude røyret som går inn i baugen. Alfred var synlig imponert over att tankbåten låg so nær oss.

Da er skikkelig snøkave på Åsgard A i dag. Dei fleste er opptekne med å måke snø som tetter igjen diverse detektorar, mens Atle og heimesideskrivaren bygge snømann saman med Alfred. Ein må stelle godt med gjestane sine, nye moderne vernebriller har han fått og.

Her er Alfred på vei opp i ein av dei 4 kranane vi har ombord.

Nils Harry og Alfred har komme nesten heilt opp i kranhuset

Alfred prøver kranstolen og styrestikka.

Da er beinkaldt her oppe i høgda i dag, so vi gjekk nedigjen før Alfred forfraus labbane sine. Eit siste bilde bakover frå kranen blei da tid til. Vi får ta ein tur oppatt ein dag veiret er litt bedre.

Heimesideskrivaren og Alfred rykke ut på oppdrag, med sparkesykkel, gjennom rømningstunellen Rømningstunellen er over 200 meter lang og går langs alle uteområda på skipet. Er da skumle ting på gong so kan ein springe inn i tunellen og komme seg framover til trygt område.

Alfred har komme fram til utrykkings-objektet sitt, ein frustrert oljearbeider som ikkje får fylle ut nokre skjema på PC'n fordi ingenting virka. Alfred spurde forsiktig om han hadde prøvd å trykke "Enter"- knappen, men skjønte fort på brumminga att da var best å teie heilt stillt.

Heimesideskrivaren, med god hjelp frå Alfred, prøver å få liv i programmet med alle dissa viktige skjema'ene. Her er vi i eit utstyrsrom heilt bak på skipet.

Sånn ser ein fornøgd oljearbeider ut, Kjell berre dirra av iver til å begynne å fylle ut skjema'ene sine.

Kjell blei so fornøgd med datahjelpa frå Alfred att han tok han med seg inn i eine hovedkraft turbinen for å vise korleis da ser ut dar inne. Alfred blei skikkelig imponert øve alt da rare og innfløkte han såg her.

Heimesideskrivaren og Alfred er ferdig med oppdraget og vender tilbake kontoret i andre enden av rømnings tunellen. Kjell vinker glad og fornøgd etter oss, før han går opp til utstyrsrommet for å fylle ut skjema.

Alfred er med elektrikarane Vebjørn og Olav for å finne kvifor da ikkje er noko varme i ventilasjonen her.

Alfred har fått ei rask innføring i korleis måleinstrumentet virka, og her hjelpe han Olav med å måle om da er noko straum i ledningane hans.

Alfred er på besøk i kontrollrommet og Lars viser Alfred korleis korleis ting fungera.

Lars og Ola i kontrollrommet fortel Alfred masse tekniske detalja om korleis vi produsera olje og gass

1.påskedag er da konkurranse i å kaste ball i bøtte, slå i spiker, dart og minigolf. Her er Alfred klar til å delta i konkurransen

Alfred viser stolt fram dei nye golfkøllene sine, som Morten har laga

Alfred treng litt næring før konkurransen og har her plassert seg midt i marsipan skåla

Fyrste konkurranse Alfred skal være med på er å kaste ball i bøtte. Her viser Marianne Alfred korleis ting skal foregå

Her er Alfred i full sving med ballkasting, ein ser ballen i lufta på vei mot bøtta. Alfred klarte å få 3 av 5 balla i bøtta, mens heimesideskrivaren berre klarte ein.

Så er da å slå spiker i ein planke som står for tur. Alfred vil sitte og studere litt på kva dei andre gjere før han set i gong. Han er nok ein ekte taktikar han Alfred.

Her er da Ronald som sler i spiker, mens Alfred er mest oppteken av fotografen

Så er da Anita som sler i spiker, då vart Alfred'n straks meir interessert i å fylje med. Han har eit ekstra godt auge til jentene han der Alfred har ein lagt merke til.

Alfred har lagt opp taktikk og sler i spiker so hammaren nesten går varm. Han klarte fint denne konkurransen og, da blei 5 poeng her

Neste konkurranse er dart. Alfred sit og legg opp taktikk her og, før han vil kaste.

Bernt hjelper Alfred å kaste piler. Alfred sit på skuldra og kviskrer Bernt inn i øyra kor han skal sikte. Da gjekk so bra att da blei 2 poeng her og.

Så er da minigolf som står på programmet. Marianne hjelper Alfred litt.

Her har Marianne teke eit godt grep rundt kølla til Alfred for å hjelpe til, noko Alfred ikkje har da minste imot. Anita står i bakgrunnen og føl spent med.

Alfred har komme gjennom minigolf løypa på berre 10 slag, da vart 5 poeng. Han ser skikkelig kry ut.

No er konkurransen over og poenga vert telt opp. Alfred venta i spenning på resultatet.

Alfred kom på delt fyrsteplass saman med 4 andre. Her kasta han piler for å sjå kven som skal få velje premie fyrst av vinnerane.

Alfred er klar til å gå fram å velge seg premie.

Alfred valgte seg ein sekk med verneutstyr og ein pose med bamsemums. Og so let han føre att han er veldig fornøgd med den hjelpande handa han fekk frå Marianne

Alfred posera stolt ved sidan av gevinsten sin. Han gleda seg veldig til å komme tilbake på skulen og vise kva som er inni sekken, og å spandere litt bamsemums

24. mars. I kveld skal Alfred få være med på trim, og han gleda seg masse. Han kledde seg opp i trimklær tidlig på ettermiddagen

Første trimøkta er noko som kallast "Body Pump" og foregår i kinosalen.Som mannfolk flest starta Alfred knallhardt for å vise kor tøff han er

Da var ikkje måte på kor han Alfred skulle tøffe seg til å begynne med

Da var ikkje so lenge tøffheita varte, og Alfred vart temmelig fort slakk i buksebaken og mo i knærne

Her har Alfred lasta så tungt på att han måtte bergast mens da endå var pust i han.

Endelig tok Alfred til vet og fant seg ei vekt som passa bedre til hans kroppsstørrelse.

Armhevinga klarte Alfred fint

Alfred var heilt einig i att da er veldig viktig å strekke godt ut etter ei hard trimøkt.

Etter "Body Pump" var Alfred med på noko som kallast "Spinning" på dekk 4.

Etter "Spinning" var da opp på dekk 5 i trimsalen der. Alfred fekk god hjelp og instruksjon frå Vebjørn

Men straks Alfred skulle trene på eiga hand so gjekk da litt i surr for han, og han følte seg skikkelig opphengt på slutten

Alfred har fått nok av trim. Han fekk sansen for sauna på begynnelsen av turen vår, då vi var i Bergen, no vil han slappe av litt i varmen

Alfred prøver massasje senga for å kna opp ømme muskla. Her vert ein massert ved hjelp av vatnstråla som spyla hardt mot ein gummiduk ein ligg på. Vanskelig å forklare men da virka fint. Alfred var litt for liten og lett fant han ut, so han låg ikkje her lenge.

Alfred prøvde massasjestolen og, men han var for liten og lett til att da blei nokon effekt av da.

Endelig fant Alfred eit trim instrument han meinte passa midt i blinken til kroppen og formen hans, nemlig solariumet. Han Alfred ba heimesideskrivaren på ein høflig men bestemt måte om å slå på sola og komme seg ut so han kunne få litt fred når han sola seg. Han Alfred ville ikkje ha noko bikinistripe etter solinga og då ville han ikkje ha nokon fotograf i nærheita mens solinga pågjekk.

Etter so masse trim slappa Alfred av og gjekk på kino med nokon av vennane sine, Morten og Ronald. Dei såg vist siste Varg Veum filmen.

25.mars. Alfred hjelper til å kaste boss, og får ei innføring i kjeldesortering. Her hjelper han til å kaste noko elektrisk matriale i ein eigen kontainer som er beregna kun for da

Alfred skulle til å kaste ei metallflaske i kontaineren for restavfall. Håkon fekk stoppa han og fortel på ein vennlig måte att denne flaska skal i kontaineren for metall. Da er eigne søppelkontainera for tre, metall,elektrisk avfall, kjemikalier, papp, papir og restavfall. Matavfall vert kverna opp, og so får fiskane da.

Alfred skal være med Inge for å sjå på noko som kallast turret. Da er ein sirkelforma innretning midt i båten som skipet dreia rundt. Sidan turret'en og skipet kan bevege seg i kvar sin retning er da sperra av. Inge må prate med kontrollrommet i radione han har på seg, for å høyre om da er trygt å gå inn på turreten.

No har Alfred komme inn på turret'en og han kikka på ein av ankervinsjane våre, han blei veldig imponert av størrelsen på kjettingen. Vi har 12 sånne ankervinsjar, som ankrar opp turreten med 12 anker som er spredd i kvar sin retning. Sjølve skipet kan svinge seg fritt rundt turreten.

Alfred kikka med store auge ned i noko vi kalla "Moonpool", her ser han rett ned i sjøen midt inne i båten. Da er netting øve slik att ein kan verte fanga opp i tilfelle ein skulle dette utfor. Da er "veggen" i dette holet som er festa med anker, og der alle røyra som går ned til botnen er festa.

Alfred ser med undring på ein stor sylinder som heng fast mellom skip og turret. Han har aldri sett så stor sylinder før, når han tenker seg om so er han ikkje sikker på om han har sett ein sylinder i da heile tatt før. Vi har 4 sånne sylinderar som er festa med ei "gripeklo" i turret. Vi kalla da ein "Gripper".

Her er "gripperane" frå ein anna vinkel. Her er da Ronald som fortel Alfred korleis dette virka. Når skipet skal snuast, og da skjer ofte sidan baugen skal ligge nesten rett mot vinden, so grip desse "gripperane" tak i turret og dreg skipet rundt eit stykke.So slepp gripperane taket, og strekker seg ut på nytt, før dei knip seg fast at og dreg skipet ein gong til.Sånn held dei på til skipet har komme i rett posisjon.

Her er Alfred på "taket" over turret. Dette kalla vi gantry-dekk, og det heng fast i skipet. Bak ser ein noko vi kalla svivel, og det heng fast i turret. Det er gjennom svivelen oljen kjem opp og vi sende gass tilbakers. Noko gass trykker vi ned i havbotnen igjen, og resten sender vi i røyr heilt ned til Kårstø ved Haugesund

Vi har 2 kommunikasjonskabla som tvinna seg innpå turret etter kvart som skipet snur seg rundt, omtrent som ei trådsnelle. Kablane kan surre seg rundt turret ein 5-6 gonger før da er fare for at vi kan slite den av. Her sjekka Alfred kor mange tørn som ligg rundt turret. Da var berre eit tørn so her er da ingen problem.

På veg frå turreten traff vi Tormod som skulle sjekke om da var noko gasslekkasje frå ein tank. Dette ville Alfred være med på, og her sjekka dei om da er farlig gass ved hjelp av ein gassmålar.

Så var det so fint veir att Alfred ville ha seg ein tur i kranen att. Her sit Alfred i kranhuset mens heimesideskrivaren har tusla ut på kranbommen for å ta bilde.

Alfred ville ut på kranbommen og, men her var da so langt ned og sopass skummelt att han ville ikkje være her so lenge.

Her ein del stilas matriale som står å venta på å verte frakte med kranen. Alfred ligg å kikka opp i lufta for å sjå om kranen er på vei. Han i gul hjelm heiter Kåre og bur i nærheiten av Førde.

Her ser Alfred med store auge på kranen som skal hente stilas matriale. Da vise fotspor i snøen oppe på kranen, etter att heimesideskrivaren og Alfred nett har spasert der.

Her har dei begynt å bygge opp stilas frå matrialet dei frakta i krana. Dei er effektive dei karane her. Alfred var so nysgjerrig att han klatra rett til topps for å inspisere stilaset. Da har han ikkje lov til utan å ha klatresele på seg og ikkje har han lov før stilaset er ferdig og godkjent. Da kan ikkje ein truskyldig bamse frå Bulandet Skule vite sånn utan vidare, dessutan blei da so høgt att Alfred har nok med å klamre seg fast.

Stilasbyggar Pål har vore og bjerga Alfred og fortel han litt om lovar og reglar når da gjeld stilas. So berga han Alfred trygt inn på fast grunn att.

Alfred er i trygge hender hos Ronald.Her ser ein kranbommen og kranhuset med Nils Harry inni, og flammebommen som er heilt bakerst på skipet.

På toppen av styrehuset står eit stort utandørs boblebad som ein kan kose seg i på fritida. Alfred ville gjerne være med Ronald å rense og vedlikehalde dette boblebadet.

Da er høytalarar rundt kantane på boblebadet. Her står Alfred og digga musikk mens Ronald justera volumet. Alfred lika da litt høgt når han skal digge musikk utandørs i boblebad.

Her ser ein turreten på litt avstand. Da på toppen er gantry-dekk som vi har skrive om tidligare. Alfred var so oppteken med å hjelpe Ronald med boblebadet att han hadde ikkje tid til å være med på bilde.

So var Alfred med i kaffikroken til elektrikarane og instrumentfolket, da er kaffipause klokka 09:00. Alfred rekna med att han skulle få høyre masse ramsalte historie om damer og rare ting dissa karane gjorde på i fritida. Men dei prata berre fag, so Alfred sovna etter 5 minutt. Han var nok litt trøtt etter trimmen i går og all spaseringa på morgonkvisten og då.

Alfred har ein kjærast heime på Bulandet Skule som heiter Mary. Han har begynt å sakne ho litt, og så har han flørta sopass med alle damene han har treft att han har fått litt dårlig samvet. Difor har han bestemt seg for å lage eit glassmykke til Mary. Her fortel han Anita om ideen, og ho meiner at eit rødt hjerte må være midt i blinken.

Alfred har klipt og skjært ut noko som kan verte eit fint hjerte. Han har vore på internett og funne eit hjerte som han har printa ut og bruka som mal.

For att hjarte skal få fine runde kanta så må da slipast litt i kantane, her er Alfred klar til å slipe.

Alfred viser stolt fram resultatet til Anita, og ho skryter fælt av kor flink han er.

So må smykket i ovnen for å smeltast. Anita har laga mange smykke som skal smeltast og, så held ho Alfred litt i foten so han ikkje skal ramle oppi ovnen

So er da å finne ut korleis ein skal slå på ovnen slik att glaset vert smelta med rett temperatur. Ovnen skal stå på i 15 timar, så ein må vente til i morgon for å sjå resultatet.

26. mars Alfred tok seg ein tur for å sjå kva malarane putla med. Dei skulle til å sprøytemale eit lagerrom

Her fylle dei på noko som heiter tynner, Alfred held seg litt unna sidan da kjem skumle gassa frå sånn tynner, difor brukar og malarane maske

Malarane er klar til å begynne å sprøytemale. Dei bruka maske og drakter, for ikkje å verte tilsølt av maling eller få i seg farlige gassar. Alfred og heimesidekrivaren var snar å komme seg ut, så vi ikkje blei sprøytemalte vi og

Så besøkte Alfred han Emil som er noko som heiter isolatør. Da er ein slags blanding av snekker og blikkenslager, litt vanskelig å forklare. Vi vart einige om å besøke han seinare for å ta nokre bilde som viser litt bedre kva han jobba med

Alfred fekk no sjå ei koparhette som Emil har laga, og han vart skikkelig imponert over godt handverk.

Så var Alfred ute i solskinet for å hjelpe Trond Otto og Marianne med å montere ein sokalla PSV. PSV er ein engelsk forkortelse for "Pressure Safety Valve". Vert da for høgt trykk i røyret so slepp PSV'en ut trykket før da vert so høgt att røyret sprekk. Her forklarer Trond Otto alt om PSV'ar til Alfred

Alfred har vorte eit skikkelig ivrigt arbeidsjern sidan han kom ut på Åsgard A, her gir han ei hjelpande hand med å skru fast PSV'n.

Alfred ville vite litt meir om mekanisk arbeid, so han tok seg ein tur i sveiseverkstaden og. Her held Stig på med å slipe kantane på ei ståldør som dei lagar. Da kjem mykje støv og partiklar frå sånn sliping, så det er viktig med vernebriller og støvmaske.

Hans held på med å sveise saman ståldøra. For å studere sveisinga må Alfred ha på seg nokre spesielle sveisebrille. Lyset frå sveisinga er så skarpt att ein kan verte blind av å sjå rett på sveiselyset for lenge.

Så var da ei runde for å verte kjent med brannslokkings utstyr i dag, da ville sjølvsagt Alfred være med på. Her viser Terje ein brannhydrant, og han fortel Alfred korleis han skal starte brannslokning med vatn og skum dersom da automatiske ikkje virka. Virka ikkje da automatiske so er da godt trulig att da er heimesideskrivaren som har programmert noko feil, so da er ei sjelden affære

Her sit Alfred på røyret som inneheld vatn ein skal slokke brann med, røyret går rundt heile skipet og er skikkelig stort. Alle brannhydrantane er kopla til dette røyret og alt vatn til brannslangar og overrislingsanlegg kjem frå dette røyret

Her er noko som heiter Inergen bank. Da er mange flasker med ein gass som heiter Inergen, og det er ein gass som kveler ein brann men utan å ta livet av folka i nærheita. Inergen vert brukt innandørs i tette rom. Anita fortel Alfred alt om Inergen og han lytta med store øyre og store auge. Augene er ikkje so gode å sjå for no brukar han berre dei kule mørke vernebrillene han vant i konkurransen i påska

Da er ikkje få flasker med Inergen som skal til for å sløkke ein brann. Alfred som knapt nok har sett ei gassflaske frå før blei heilt mållaus av synet.

So sit Alfred og lyttar og ser mens røykdykkarutstyret til brannfolka vert inspisert

Heimesideskrivaren er ein av brannfolka og røykdykkarane ombord. Her vert utstyret prøvd. Da Alfred har i mylja beina er eit strålerøyr som er fremst på brannslangen når ein skal sløkke brann

Her har heimesideskrivaren teke på seg maska som ein bruka når ein skal røykdykke. Da kjem frisk luft inn i maska frå luftflaska ein har med seg, og som heng på ryggen. Alfred syntes heimesideskrivaren såg litt skummel ut, men samstundes syntes han no att da er ein skikkelig tøffing han har til reisekamerat.

27.mars. I dag har Alfred mykje å gjere. Han starta tidelig med å hente smykket som han har laga til Mary , da låg i ovnen og såg passelig smelta ut. Han limte på anheng slik att da skal være klart til kvelden.

Så var han inne i turbinen til noko som heiter Reinjeksjonsmaskin. Det er ei maskin som pressa gass langt ned i bakken, og da er kraftige greier. Alfred lurer fælt på kva Per Arve held på med.

Da er noko som heiter boroskop Per Arve ser i. Alfred må kikke og. Boroskop er ein bøyelig kabel med fiber og lys inni, so kan ein sjå akkurat som i ein kikkert rundt hjørner og svinga.

Ein anna kar som heiter Jakup held på med noko som heiter ultralyd undersøkelse, da må Alfred blande seg opp i og.

På andre sida av turbinen ligg Ole og skrur for harde livet. Alfred må bort for å sjå om da er noko han kan hjelpe til med, men da gjekk no vist bra utan hjelp.

Tony og Bernt fortel Alfred om da som finnast inne i denne boksen. Da er er noko som styrer ein spesiell type ventilar som skal åpne veldigt fort dersom da vert høgt trykk ein plass. Ventilen kallast HIPPS-ventil. Da står for High Integrity Pressure Protection System, men no begynne da vel å verte vel tekninsk her :-)

Tony må reparere ein høytalar før han skal opp i ei høg mast på styrehustaket for å sjekke ei antenne. Alfred spør fint om han får lov å være med, og da får han.

På vei opp til antenna i masta so går vi forbi eit stilas som er ferdig bygd, og da må Alfred sjølvsagt teste. Stilaset er so høgt oppe att Alfred må heisast opp.

Av alle ting i verden so hadde antenna jammen ramla ned. Alfred og Tony ser med stor undring på antenna.

Tony og Alfred inspiserer toppen av masta der antenna skulle stått. Antenna har stått ytterst på den pinnen som er framfor Alfred.

Alfred nyt sola i høgda. Han står ved sidan av eit apparat som viser kor sterk vind da er og i kva retning vinden kjem frå.

Vist ein ser ein liten prikk i toppen av masta so er da Alfred, ser ein to små prikka so er den andre prikken Tony

Her er bildet zooma inn litt, so her ser ein både Alfred og Tony litt bedre. Høgt heng dei og blide er dei begge. Ja ja, Tony er vel ikkje fullt so blid for han tenkje på rapporten han må skrive om antenna som har falle ned.

Då skal Alfred være med å ta imot ein tankbåt som kjem for å laste olje frå oss. Her viser Rune fram geværet som brukast til å skyte ei line over til tankbåten. Rune er foresten frå Askvoll men bur i Bergen, og han er godt kjent på heimtraktene til Alfred. So dissa to karane har mykje å snakke saman om

Geværet ladast med ein liten rakett som er feste i eit tynt sterkt tau som er 150 meter langt. Alfred hjelper Rune med å feste tauet til Åsgard A, slik at raketten ikkje forsvinn for oss når den vert skoten ut.

Dette var spanande greier og Alfred må studere alle detalja. Da er lufttrykk som gjer att raketten fyk avgårde, og lufta er i den blå boksen i enden av geværet.

Alfred er med på alle detalja når da gjeld klargjering av geværet, her er da avfyringsmekanismen som vert sjekka. Alfred klarer heldigvis å halde fingrane vekk frå den mekanismen

Alfred får i oppdrag å sei frå når tankbåten er nær nok til å skyte. Den skal være ca. 70 meter frå oss når vi skyt, men enno er den sikkert 1 kilometer vekk

Da var tid til å kikke på lossing av supplybåten "Viking Queen" mens vi venta på att tankbåten skulle komme nær nok. Alfred trygt plassert på skuldra til Rune mens dei diskutera felles kjente i Bulandet og Værlandet.

Da vart kaldt å vente på tankbåten, so Alfred slappa av litt i ly for vinden mens han kikka fram av og til

So ropa Alfred til om att tankbåten er nær nok. Vel, han ropte ikkje so høgt, berre brumma akkurat passelig høgt.

Sånn ser da ut framme i baugen på tankbåten. Da blanke er der oljeslangen frå oss skal festast. So er da masse videokamera der, så dei kan fylje med alt frå brua på tankbåten. Dei lurte nok fælt på kva slags bamse som for å tusla ombord på Åsgard A

Så har Rune montert geværet på rekka, Anders har komme til for å passe på Alfred. Da er lett å dette på havet her bak for små bamsa, men Alfred var trygg i hendene til Anders.

Geværet er fyrt av og ein ser raketten i lufta på vei mot tankbåten. Alfred kvapp skikkelig, men Anders hadde eit godt tak i han so da gjekk bra

Raketten traff der han skulle og her står dei stolte skyterane. Frå venstre Alfred, Anders og Rune

Alfred føl med når Rune festa det tynne tauet som vart skote over, til eit litt tjukkare tau som er festa i ein vinsj.

Alfred må fylje med når Anders kjøyrer vinsjen. Da er langt ned til havet so Alfred klamra seg fast, mens Andres for sikkerhets skuld held ei hand på han.

Vi slakka ut tau, mens tankbåten " Karen Knutsen" dreg tauet til seg. Alfred klamra seg fast enno.

Her ser ein att tauet vert tjukkare og tjukkare desto lenger vi slakka ut

Til slutt kjem ein kjetting og ei skikkelig kraftig trosse. Rune må feste eit nytt tau til kjettingen, i da tauet er slangen som skal føre over olje festa. Alfred har byta plass for å sjå bedre.

So må Rune slakke ut da andre tauet med ein anna vinsj, Alfred syntes da var litt skummelt borte ved rekka so han har plassert seg i armane til Rune.

Tankbåten har drege til seg heile trossa og er klar til å ta imot losseslangen frå oss

No har vi gått inn i noko som heiter lossebu. Rune styrer ein vinsj herfrå, i taket har han hengande ein TV som viser vinsjen. Vinsjen står nemlig mykje lenger framme på båten. I vindauga kan ein sjå den røde losseslangen som ligg langs heile skipet. Den ligg oppå rømningstunellen som Alfred viste for nokre dagar sidan

Her ser ein losseslangen på veg over til "Karen Knutsen"

Alfred og Anders føl med losseslangen som sakte vert dregen over til tankbåten

Alfred syntes dette var skikkelig spennande saker å fylje med på. Anders passa godt på han so han føle seg trygg og tøff

Her er losseslangen kommen nesten fram til der den skal koplast til på tankbåten

No er losseslangen vår heilt ute, ein kan sjå enden på den. No skal slangen koplast til kloa ein ser over han. Per Arve held Alfred so han får sjå godt.

So er slangen kople til, og vi kan begynne å levere olje over til tankbåten. Da går eit døgn cirka for å fylle ein sånn tankbåt heilt opp.

So er Alfred med heimesidekrivaren på medarbeidarsamtale med plattformsjefa Elisabeth. Kva ein snakka om i sånne samtala er strengt hemmelige, so Alfred har lovd å ikkje sei eit ord. Heimesideskrivaren er redd for att Elisabeth skal spørje han om han får tid til å gjere noko anna arbeid enn å vise Alfred rundt omkring, so han er litt nervøs

Medarbeidarsamtala er over. Elisabeth syntes heimesideskrivaren er snill og grei, og da syntes heimesideskrivaren om Elisabeth og, so begge er smilande og blide. Elisabeth spurde ikkje nokon ekle spørsmål og Alfred hadde fått beskjed om å ikkje sei eit ord, so da gjekk fint

So gjekk Alfred direkte til eit kurs om eit skummelt stoff som heiter Benzen, og som finnast i olje. Dei som held kurset sat på land og såg på oss på ein stor skjerm, og vi såg dei. Dette er ein vanlig måte å halde møte og kurs på no for tida.

Bjørn Erik presenterar Alfred for dei som skal halde kurs, og han vart ført opp på deltakarlista. So no kan Alfred bevise att han veit da meste om Benzen

Alfred ville helse litt meir på malarane han traff i går. No held dei på å male nede i ein tank som vanligvis inneheld ferskvatn. Drakt må til so ein ikkje får maling på klærne

Alfred har nett vore på kurs og lært om skumle stoff, so han var nøyen med å ha maske på seg. Han syntes han måtte hjelpe til med å male litt når han først var her nede. Litt maling klarte han å få på drakta si og, men da tek han med godt humør og rekna da som ein souvenir

So må Alfred og Tony skrive noko vi kalla RUH. Da er ein forkortelse for Rapport om Uønska Hendelse, og da gjeld antenna som dei fant tidligare på dagen. Her diskutera dei kva som skal stå i dei forskjellige rubrikkane

Alfred har enno litt dårlig samvet overfor Mary, sidan han har flørta so mykje med damene ombord og ellers alle andre damer han har komme øve på turen. Klem har han vist fått og. Han har difor bestemt seg for å skrive postkort til Mary i tillegg til att han skal lage smykke. Her sit han i kø framfor kiosken for å kjøpe eit kort.

Sverre har funne fram eit fint kort med bilde av Åsgard A. Alfred syntes i grunn ikkje da såg so romantisk ut, men da får han ordne i teksten. Bilde av Åsgard A var no i alle fall fint

Alfred er ikkje ferdig med dagen enno, endå da er blitt sein kveld. Han må være med på møte med Automasjonsgjengen før han kan begynne på postkortet.

Heimesideskrivaren fekk ikkje lov å hjelpe Alfred med å skrive postkort, da blei for flaut sa han. Alfred følte seg ikkje so trygg på korleis ein skal formulere romantiske postkort, so han fekk god hjelp frå nokre drevne kara i so måte. Reidar og Lars i kontrollromet stillte velvillig opp for å hjelpe Alfred med å skrive kort til Mary

So var Alfred der å la postkortet opp i postveska, før heimesideskrivaren skulle få lov å snoke i kva han har skreve. Postveska vert sendt til land med helikopter i morgon. Heimesideskrivaren lurer fælt på kva Alfred har skreve på kortet sidan han ikkje får sjå, men han vil no ikkje blande seg opp i privatlivet til Alfred

Til slutt gjorde Alfred ferdig smykket han har laga til Mary. Han er litt stolt av smykket og håpa Mary vil like da.

28. mars Rundt lunsjbordet var da ein kar som kom ut av skapet og innrømma att han hadde ein kosebamse med seg i bagasjen kvar gong reiste på tur. Kona hadde strikka ein til han. Da var litt flaut so han vil helst være anonym, men han ville gjerne att Alfred skulle få helse kosebamsen hans. Nå fyrst ein kom ut av skapet so dukka da opp ein til med kosedyr. Plutselig hadde Alfred masse selskap, og dei hadde mykje å prate om saman.

So kom Rune inn og gav Alfred lina og ein del av raketten som blei skoten over på tankbåten i går. Ei sånn line vert brukt berre ein gong, og raketten vert som regel knust når den landa. Den er laga av plastikk. Alfred vart heilt stum av takknemlighet, og han gleda seg til å komme heim til skulen for å vise fram lina og rakettdelen. So lovde han å skryte masse utav Rune på skulen.

So tok Alfred seg ein tur opp i noko vi kalla rek rom. Det er eit rom der ein kan sitte å lese aviser, drikke kaffi,sjå på fjernsyn eller berre slappe av. Her såg han og mykje fin kunst på veggane, og so traff han ei fin jente som han måtte helse på, ho Lillian frå Jørpeland

Alfred ville gjerne sjå til att veska med postkortet han har skreve til Mary kjem seg trygt avgårde. Her har han teke seg ein tur i noko vi kaller Helibu. Dei som tek imot helikopter sit her, dei snakka med helikopteret og passa på att alt går rett for seg. Alfred slappa av med ei cola mens han drøser med Jon og Lillian

Alfred har fått øyretelefonar på seg for å høyre om pilotane i helikopteret har noko dei vil fortelje.På skjermen kan ein sjå alt om vind og vær og kor mykje båten bevega seg. All viktig informasjon som gjer att helikopteret kan lande finn ein her.

Her får Alfred litt forklaring om kva dette panelet er for noko. Svein Arne fortel att dette er eit panel der ein kan styre brannkanonene på helikopterdekk. Da er fleire brannkanoner som kan fylle helikopterdekket med skum og vatn dersom det skulle skje noko gale. Svein Arne bur i Førde men kjem frå Dalsfjorden.

Her gir Alfred beskjed til pilotane på helikopteret att da er trygt å lande. " Hallllå halllllå, LA8PV, hallå hallå, dekket er klart". Alfred var ikkje sikker på om han sa rett, men helikopteret kom no inn for landing

Da er ikkje lov å være nær helikopterdekket, for andre enn dei i helibua, når helikopteret landa eller letta. Difor gjekk vi opp på brua (eller styrehuset) for å sjå gjennom vindauga. Her landa helikopteret.

Her er Svein Arne på vei inn i bagasjerommet på helikopteret for å hente bagasjen til passasjerane som kjem.

So kjem Lillian med ting som skal være med til land. I den blå bagen er postkortet til Mary. Alfred pusta letta ut for no veit han att postkortet er på vei heim til Mary.

Da er skikkelig skummelt å fare å vase rundt eit helikopter vist ein ikkje er oppmerksom, spesielt rotoren bak er skummel. Derfor får ingen lov å gå ut frå helikopteret før all bagasjen er sett fram og alt er klart. Her er alt klart og passasjerane er på vei ut.

Alfred tusla då ned i resepsjonen. Plattformsjefen held alltid eit lite foredrag til passasjerane som kjem. Her fortel Elisabeth om sikkerheit og korleis folk skal oppføre seg, og so fortel ho om da har skjedd noko spesielt i da siste som passasjerane må vite om. Alfred syntes da var interessant å høyre på so han sette seg ned for å lytte og lære

No har helikopteret dratt sin vei, så då kan vi gå ut på helikopterdekk for å kikke litt. Her er ein kunstig Hubro som skal skremme vekk måker og andre fuglar som kan rote seg bort i helikopteret når det skal lande. Hubroen til høgre

Jon viser Alfred ei brannkanon og korleis Alfred kan utløyse den manuelt. Heimesideskrivaren var snar til å komme seg vekk då da såg ut som Alfred var klar til å dra i spaken og starte kanona

Alfred var so med Tony for å skifte ein TV, som ikkje virka lenger, i resepsjonen. Alfred prøver å slå på den nye TV'n, mens Tony driv ein intens studie i korleis den gamle ser ut på baksida.

Her er Alfred i byssa for å helse på kokken. Øyvind let Alfred få lov å hjelpe til litt. Her har Alfred kutta opp noko persille, og han lurer fælt på om Øyvind er fornøgd med resultatet

Her gir Alfred ei hjelpande hand med å røre i ei gryte med grønsaker. Han er litt redd for att da skal brenne i botnen, so han rører for harde livet

Grønsakene har kokt opp utan att so mykje som ein vegetarisk fiber har brent i botn. Øyvind skryt av kor flink Alfred er.

So ser han Alfred att ho Lillian står i noko vi kalla Skrubben. Der er oppvaskmaskina og her set folk frå seg tallerka og sånt når dei har ete. Alfred har alltid vore ein gentleman, så han ville sjølvsagt hjelpe Lillian. Her spyla dei rein ei skål.

Her viser Øyvind korleis ein kan sjekke om eit brød er ferdig stekt. Ein dunka på undersida og so høyre ein på lyden om da er ferdig. Ditta syntes Alfred hørtes veldig lurt ut, og han skal fortelje om metoden på skulekjøkkenet når han kjem heim

Alfred tek eit lite overblikk over koldtbordet, og han er godt fornøgd med da han ser.

I morgon er da lørdag og Alfred skal være med i messa for å ete middag. I den anledning vil han gjerne være fin og har bestemt seg for å få genseren sin vaska. Her sit han i vaskeriet og føl med på vaskeprosessen

So er nok ein dag omme og Alfred er trøtt. På vei gjennom kontrollrommet og inn til dei nye kosedyrvennane sine, såg han noko mjukt og koseligt borte i massasjestolen. Her har Alfred plassert seg godt i fanget til Reidar, og dei nyt livet begge to

29.mars Alfred starta dagen med å innhente informasjon om korleis Åsgard A klara å halde baugen i den retning ein vil. Helge og Erik i kontrollrommet fortel om noko som heiter Thruster. Vi har 5 sånne, 2 framme og 3 bak, og da er propella som heng under båten og kan svingast i alle retninga. Her er panelet som styrer desse propellane, og Alfred får love å prøve hendelen som svinga og kjøyre ein propellen bak

Atle tok med seg Alfred for å kjøyre litt truck. Her kopla dei til ein slange med luft. Dei bruka trykkluft til å starte trucken, men ellers går den på diesel.

Alfred kikka øve brillekanten. Her var da jammen mange hendla, best eg ikkje rører nokon av dei før Atle kjem tenkjer Alfred

Alfred syntes da var skikkelig tøft å kjøyre truck, her rygger dei ut frå garasjen. So var da berre å finne den hendelen som gjer att trucken går framover.

Atle har gitt Alfred eit lite hint om kor framover hendelen er, og her kjem dei putrande

Her kikker Alfred på Terje som bruker ei sokalla Lyngstad maskin.Når ein skal åpne eller stenge ein stor ventil manuelt, so må ein ofte skru rundt eit hjul fleire hundre gonger før ventilen er der ein vil. Hjulet ser ein over Terje. Med Lyngstadmaskina slepp ein skru for hand, då bruka ein trykkluft for å skru hjulet

Av alle ventila som Alfred aldri har sett før, so er dette den største. Her hadde da jammen vorte mykje skruing vist ein ikkje hadde hatt ei sånn lur Lyngstadmaskin

Her er Alfred, heimesideskrivaren og Ole Martin framfor ein separator. Olja som kjem opp frå havbotnen vert ført inn i ein slik separator, og her vert gass og vatn skilt ut frå olja.Oljen går gjennom 3 sånne separatorar før den vert lagra. Ditta syntes Alfred hørtes interessant ut, so da her må vi studere meir i morgon eller måndag

So er da lørdagskveld og biffmiddag, Alfred har funne seg ein god porsjon

Kokken Øyvind, som Alfred blei venn med i går, fortel Alfred litt om ingrediensane i sausen

Alfred vil ha seg ein liten smakebit frå koldtbordet også, da vil Tony og. Tony har foresten vore i Bulandet på besøk hos heimesideskrivaren fleire gonger

So nyt Alfred middagen, og da smakte skikkelig godt

Etter middag er da tid for dessert. Alfred har fått smaken på ostekake, og her hjelper heimesideskrivaren han med å legge ein stor porsjon på tallerkenen

Alfred nyt ostekaka mens han drøser med dei andre rundt bordet. Berre so da er nevnt så er alt i glas og flasker alkoholfritt

Etter mat så leverer ein inn tallerka og bestikk ein har brukt i "skrubben", så vert da vaska og er klart til bruk for neste måltid

Alfred er god og mett og slapper av litt i rek rommet med å sjå på fjernsyn og drøse litt med Kai Roger og Vebjørn

No vil Alfred tilbakers til kontoret, til dei andre nye kosedyr vennane han har fått. Han vil ha med seg litt godterier sidan da er lørdagskveld, og her får han ei hjelpande hand frå Tony

So sit Alfred og dei andre kosedyra og nyt livet med snop, og so litt frukt for å oppretthalde eit balansert og næringsrikt kosthald

30.mars I dag er det søndag og øvelse. Alfred skal være noko ein kalla markør, han skal ligge ute ein stad og liksom være skada. So skal vi andre øve på å bjerge han. Her er Alfred sminka og klar til å være markør

Sverre skal være markør og, Alfred skal være saman med han som trøst og støtte. Da heng ein lapp på Sverre der det står "bevistløs", da er berre noko som heng dar for anledninga og er ikkje ein generell beskrivelse av Sverre altso. Alfred har alt starta simuleringa av å være bevistlaus

Sverre og Alfred har lagt seg på dekk 2 og spela bevistlause begge to. Hardt arbeid, men alt går berre ein konsentrera seg godt.

Alarmen har gått og brannmennene gjer seg klar

Heimesideskrivaren er klar til uttrykning. I handa har han ein koffert med varmesøkande kamera. Med det kan ein sjå folk sjølv om rommet er heilt mørkt og fullt av røyk

Brannmennene har stoppa på dekk 6 for å få nærmare orientering om situasjonen. Anita fortel om kva som har skjedd og kva ho veit, så rykke vi vidare nedover for å bjerge Sverre og Alfred

Sånn ser da ut når ein brannmann har funne deg. Alfred og Sverre kikka opp i dei trygge brannmannsauga til Ole, sjølv om dei er bevistlause .

Ole, heimesideskrivaren og Kyrre har bjerga ut Sverre, og så er da Alfred som vert bjerga ut i trygt område

Tor har fått overlevert Alfred og passa på han til dei kjem med ei båre

Alfred er lagt på båre og Per Arve er klar til å begynne å bære han opp på sykestua

Her er Alfred på vei opp trappa i sykebåre

Heimesideskrivaren, Ole og Kyrre søker vidare i rommet der det har vore liksom-brann. Her ser ein heimesideskrivaren bruka det varmesøkande kameraet

Her har Alfred komme fram til sykestua, Øyvind kjenner etter om det er noko puls å finne på armen til Alfred. Da var ikkje mykje å finne.

Her sjekka Øyvind om da er puls i halsen på Alfred. Sånn generellt sett er da normalt att da ikkje er so mykje puls på sånne bamsa, så Alfred var heilt normal

For sikkerhets skuld så fekk Alfred oksygen. Her steller Lillian og Jon med han. Bak kan ein sjå att Sverre har kvikna til att han og

Jon passa på att Alfred får rikelig med oksygen

Her er Alfred plassert i stabilt sideleie, ein viktig til å lære. Finn ein nokon som er bevistlaus so må ein legge dei i stabilt sideleie, passe på att dei pusta og passe på dei til da kjem hjelp. Men aller først må ein få tak i hjelp.

Øvelsen er ferdig og Alfred hjelper heimesideskrivaren med å skifte luftflaske. Når ein har vore på øvelse og pusta luft frå luftflaska er da viktig å byte til ei heilt full flaske når ein er ferdig med øvelsen. Ellers kan flaska være tom vist ein må rykke ut og bruke den når da er alvor.

So er Alfred tilbake hos vennane sine. Markørsminken er teken av og Alfred er like fin att. Her sit han å skryt litt av kva han har vore med på.

Etter øvelsen er Alfred med Tony og operasjonsleder Jan på sikkerhetsinspeksjon. Da er og noko som vert gjort kvar søndag, i ulike områder. Jan lurer på kva dette rotet gjer oppå dette skåpet. Tony har ikkje noko heilt godt svar på lur, og Alfred er heilt einig med Jan i att dette må ryddast vekk

Søndag er det og test av brannkanoner på helidekk. Alfred har plassert seg på eine brannkanona for å få skikkelig overblikk

Alfred er skikkelig fornøgd med stråla som kjem ut.

Alfred vrir og vender litt på spakane for å sjekke om har får noko spredning på stråla, og han føle seg heilt betrygga. Her virka alt som det skal.

Om kvelden er Alfred med Per Gaute i snekkerbua. Her får han demonstrert korleis saga virka, og masse advarsla om å passe på fingrane sine.

Her prøver Alfred dreiebenken og, før han tek kvelden.

31.mars. I dag starta Alfred dagen med å være med Terje for å teste brannpumpe i akterskipet. Vi har 4 sånne pumper, 2 bak og 2 framme.

Alfred studerer panelet der ein kan styre brannpumpene frå. Dei starta automatisk, men ein må stoppe dei manuelt her

Per Arve viser Alfred ein manuell brannvarslings knapp, den er raud. Det er mange slike manuelle knappa rundt omkring, og dei har forskjellige funksjon, alt etter kva farge dei er markert med

Her er Alfred ved ein grøn knapp, den utløyser Inergen. Inergen er ein gass som kveler brann, utan å kvele folk. Den egna seg godt i tette rom.

Her viser Tony Alfred fleire knappa. Ein svart knapp kalla vi MEI-knapp, som står for Manuell Elektrisk Isolering. Den sler av all elektrisitet i rommet den står på utsida av. Ein gul knapp kallast NAS-knapp, som står for NødAvStengning. Den stenger ned heile oljeproduksjonen. Ein blå knapp løyser ut overrislings anlegget, da vil sei att da kjem til å sprute vatn frå taket over alt i området her. Den raude knappen er som nevnt før, brannalarm

Her er Alfred med Terje heilt nederst og bakerst i båten. Her er eit av inntaka for kjølevatn, da er bra dimensjona på røyret.

Her studerer Alfred ei av pumpene som lyfter kjølevatnet lenger opp i båten, der det vert brukt til nedkjøling av masse forskjelligt maskineri.

So har Alfred teke seg ein tur inn i hydraulikk rommet. Her er pumper som pumper hydraulikk rundt på båten. Stopper desse pumpene så er da ikkje lenge før all produksjon vert stengt ned. Alle store viktige ventila vert styrt av hydraulikk, og dei vil stenge vist desse pumpene stoppa.

Her sit Alfred oppå ei av Metanolpumpene våre. Metanol har ein vel kanskje hørt om i andre samanhenger, men vi bruka mykje av det, av og til. Skal vi stenge ein brønn må vi pumpe ned Metanol i røyret, ellers vil alt i røyret fryse til is og vi får store problem. Metanol er skummelt fordi da er giftigt og veldig skummelt vist da begynne å brenne. Ein ser ikkje flamma og so er da vanskelig å sløkke med vatn, difor har vi ein spesiell sort skum til sånt. Men heldigvis har vi aldri vore borti noko problem sånn sett.

Alfred og Terje er inne i ein kompressor som trykker saman gass til høgt trykk, og presser gassen nedatt i havbotnen. Trykket frå gassen nede i havbotnen gjere då sånn att oljen vert pressa opp. Når all oljen har komme opp, så kjem gassen oppatt etterpå, og då vil vi sende den i røyr nedover til resten av Europa.

Her er eksosrøyret til kompressorane. Alfreden er veldig imponert. Da største eksosrøyr han har sett frå før er eksosrøyret på Hiace'n til heimesideskrivaren

Her er Alfred framfor skiltet som fortel att her er Åsgard A, og so fortel skiltet kor vi ligg

Vi får ikke akkurat smørolje i literflasker, her er Alfred ved ein slik smørolje dunk som vi bruka

Alfred slappa av på ein stor ventil han fant, den står på eit gassrøyr.

So må Alfred studere eine Mob-båten vår, vi har 2 slike. Mob-båt står for mobiliserings båt. Den vert sett på havet dersom da er nokon som fell på sjøen hos oss, eller frå andre fartøy i nærheita. Heldigvis har den berre vore brukt i øvelse hittil

Her er Alfred på turret att. Anita viser han kor olja kjem opp. Inne i røyret ved sidan av dei kjem da olje opp, rett frå havbotnen. Vi har fleire slike røyr. Herfrå går oljen til ein slik separator vi viste i forgårs

Her er Alfred framfor flammebommen vår. Den er vanligvis heilt sløkt. Men må vi stenge ned oljeproduksjonen, so må vi verte kvitt gassen på ein eller anna måte, og då vert gassen ført opp i flammebommen og kjem ut på toppen. For att gassen ikkje skal falle ned på oss, so må vi sette fyr på den slik att den brenn opp der oppe i toppen.

Sånn ser Terje ut når han skal fotografere Alfred og flammebommen, vanligvis so ligg han ikkje sånn og sleng rundt omkring på båten

Her er Alfred heilt bak ved flammebommen og kikka opp på toppen

Alfred og heimesideskrivaren har teke seg ein tur eit stykke opp i flammebommen. Da er ein liten avsats her, der det står ein radar.

Alfred og heimesideskrivaren ved radaren i flammebommen. Vi har tankbåt i dag og, da er "Elisabeth Knutsen" som ligg her no. Da er ikkje mange daga mylja kvar gong vi har tankbåt som tømme oss for olje.Bak kan ein skimte plattforma Åsgard B

Her er eksosrøyret til eine hovedkraft generatoret. Da er endå større enn alle eksosrøyr Alfred har sett hittil.

Alfred ville gjerne sjekke korleis losseslangen ser ut frå dinna vinkelen. Tony er med og held han fast, da bles litt i dag.

Alfred har teke seg ein tur opp i kranen til Nils Harry, for å sjå når han skal losse ein supplybåt. Her held Kåre på å kople til ein sokalla forløper. Da er ein wire'er som ein kopla i kroken, og so kopla ein kontainera og last i denne forløperen.

Fyrst skal Nils Harry hive 2 slanga ombord i supplybåten. Vi skal ha eit kjemisk stoff vi kalla MEG ombord og so skal vi ha ferskvatn. MEG står for noko so vanskeligt som Monoetylenglycol, og da bruka vi i brønnane våre. Ein kan skimte slangen gjennom vindauga

Her har MEG slangen komme ned på dekk. Alfred er veldig imponert over kor flink Nils Harry er til å kjøyre kran

Dei kontainerane som står på babord side skal ombord til oss. Alfred og Nils Harry diskurerer kva slags kontainer som kan være lurast å ta fyrst.

"Viking Queen" er ein uvanlig supplybåt, den har styrehus bak i motsetning til dei vanlige med styrehus framme. Alfred kikker ned på styrehuset, skal tru om dei har bamse dar ombord.

Mannskapet på supplybåten har festa forløparen i fyrste kontaineren. Ein kan og sjå att begge slangane har komme ombord.

Her er fyrste kontainer på vei ombord til oss

Alfred studerer skjermen som viser alt informasjon om krana. Vekta på kontaineren er på 2,2 tonn, og bommen på krana er nesten 28 meter ut i lufta.

So vert kontaineren sett ned hos oss, og no er da Atle som huka av.

Her er ein stor kontainer på vei ombord i supplybåten, Alfred syntes da var spennande å fylje med på dette her.

Den store kontaineren er no plassert heilt inne ved rekka. Alfred og Nils Harry diskuterer løst og fast. Da er Nils Harry som har levert alle hønene som heimesideskrivaren har i hønsehuset sitt. Både Nils Harry og Alfred interessera seg i høne, so diskusjonen går mykje rundt da tema.

Alfred har forlatt krana og teke seg ein tur opp i høgda i framskipet, for å studere lossinga av supplybåten frå ein annan vinkel.

Her er dei samla alle som kjem frå same fylke som Alfred. Frå venstre er Kai Roger frå Naustdal, Rune frå Askvoll, Kåre frå Holsen ved Førde og Svein Arne frå Sunde i Dalsfjorden. Heimesideskrivaren er no frå same fylke og då, men han tek bilde.

Alfred skal reise på land i morgon, og då må han ha med noko som heiter medbringertillatelse. Han har fått og vunne litt av kvart, og da må han ha underskrift frå plattformsjefen om att han har lov å ha da med seg i land. Her underskriv Elisabeth medbringertillatelsen og ein diplom som viser at Alfred har vore her ute.

Dei nye kosevennane som Alfred har fått måtte heim til eigarane sine, sidan Alfred skal reise på land i morgon. Her får Kai Roger bamsen sin tilbakers. Han Kai Roger vil helst være anonym, so vennligst ikkje ert han på nokon måte.

So får Per Gaute tilbakers kosedyret sitt, og gjensynsgleden var stor. Per Gaute må på land i kveld for å gå til tannlegen, men kjem ombord att i morgon.

1. april. I dag skal Alfred reise på land. Her driv han på med morgonstellet, da er best å være ekstra finpussa når han skal heime til kjærasten Mary

Alfred har vore i kiosken og kjøpt seg skikkelig eksklusiv godlukt, som han smør både her og der. Sverre anbefalte denne godlukta, og den skulle vist virke veldig tiltrekkande på da motsatte kjønn, så Alfred smør på i tjukke lag

Alfred er litt usikker på om da er godlukta eller den sjarmerande personligheita hans som er avgjerande, men han er no veldig fornøgd med resultatet uansett. Her kosa han seg saman med Solrunn, mens han sende ein vennlig tanke til Sverre som anbefalte godlukta

Alfred har vore på da siste morgonmøte før han skal heim. Her samla alle som var på morgonmøte seg, heilt uoppfordra, for å ta avskjed med Alfred

Bak eit tøft og maskulint ytre, skjula da seg eit sart og følsomt hjerte i Alfred. Han måtte gråte ein skvett når han har teke farvel til alle dei nye vennane sine. Her sit han med reisebagen pakka og er litt irritert på heimesideskrivaren som tek bilde av han i eit sopass sårbart øyeblikk.

Alfred har sett veska si på vekta før han skal sjekke inn på helikopteret. Ei veske har ikkje lov å være meir enn 10 kilo

Alfred sjekka vekta saman med Sverre, og vekta held seg godt innanfor da som er lov. Her skriv Sverre ut bagasjelapp og gir Alfred innsjekkings kort

Alfred er heilt klar til å reise heim, i god tid før helikopteret skal gå. Innsjekkingskortet har han i handa, og veska er godt merka

Så viser det seg att han som skal avløyse heimesideskrivaren ikkje kom til Kristiansund tidlig nok til å rekke helikopteret, det var vist skodde på flyplassen han skulle komme frå. Dermed får vi ikkje reise på land før i morgon. Alfred står og ser på att passasjerane går inn i helikopteret, og sukka tungt.

Her flyg helikopteret avgårde utan Alfred og heimesideskrivaren. Alfred er skikkelig slakk i buksebaken, han som hadde gleda seg so til å komme heim til Mary og til alle vennane på skulen heime. Underleppa hans dirra godt, men han ville ikkje ha noko snakk om da.

Alfred fekk litt av humøret og livsmotet tilbakers når han fekk skikkelig god trøstekos frå Lillian.Når Lillian skrytte av kor fin han er og kor godt han lukta, so kom resten av humøret tilbakers og.

Om kvelden tek Alfred og Per Gaute seg ein tur i golfsimulatoren. Alfred studerer dinne merkelige innretninga. Ein prosjektor viser ei golfbane på eit lerret. Når ein sler ballen så er det følera som ser retningen og farten på ballen, og ballen dukka opp på lerretet og landa dar ein ville treft på ei vanlig golfbane.

Alfred må prøve ei runde golf med PerGaute. Dei får berre spele mens heimesideskrivaren går og pakka og gjer klar til ny avreise, vi skal sjekke inn klokka 6 i morgon tidelig.

2. april. Tidelig på morgonen klokka 6 er da innsjekk til helikopter. Alfred har gjort seg klar og håper da går fint med heimreisa i dag. Her sit han i luka i resepsjonen og drøser med ein av dei nye vennane sine, Sverre. Alfred syntes da var veldig kjekt å være markør saman med Sverre, og er gjerne bevistlaus saman med han fleire gonger

Her er Alfred og ein av dei som redda han når han var markør, Tor. Dei ser på sikkerhetsvideo som ein må sjå på kvar gong ein skal reise med helikopter. Tor byr Alfred på ei banan, men da er altfor tidelig på morningen til att han har matlyst. Dessutan er han litt urolig i magen av spenning før heimreisa.

Alfred har komme seg trygt til Kvernberget som flyplassen i Kristiansund heiter. Han har teke seg ein snartur fram for å helse på pilotane, men han har ikkje so god tid til å prate for da er kort tid før flyet til Bergen skal gå

Alfred har komme seg trygt fram til Flesland. Her sit han i bilen til heimesideskrivaren. Han gleda seg å komme heim til Mary og alle vennane på skulen, samtidig som han savna alle dei nye vennane ute i havet.

Da var ein nydelig fin vårdag å komme i land på. Her sola han seg på ferja som går frå Leirvåg, rett ved sidan av Mongstad. Alfred kikka bort på Mongstad der mykje av oljen frå Åsgard A vert ført i land, men han ser ikkje nokon av tankbåtane som har fått olje frå Åsgard A mens han har vore dar ute. Da kan no hende tankbåtane har gått andre plassa, då dei går til sånne oljeraffeneri i heile Europa og verden ellers.

Vi stoppa i Rutledal og åt middag hos Maria, mor til heimesideskrivaren. Alfred hadde so mykje å fortelje at da var so vidt han hadde tid til å få i seg mat. Maria var kry av å få ein sopass prominent gjest på besøk

No har Alfred komme til Askvoll, og her ser han fornøgd på att ferja til Værlandet legg til kai

Alfred er sopass vant med båta no att han måtte ha seg ein tur i styrehuset på ferja for å sjå når vi nærma oss Værlandet. Han vart storlig forundra over att Rune viste om alt han hadde opplevd dei siste par vekene, jammen er ditta internett ein flott oppfinnelse.

Alfred har komme heim til heimesideskrivaren. Her kikka han bort på skulen der han høyrer heime sjølv. Han gleda seg til måndag då han skal treffe att alle dei kjekke elevane i 1.- 3. klasse og alle andre eleva han kjenne og alle lærarane. Og so ho Mary sjølvsagt. Dermed er Alfred sin offshoretur over. Da vert sikkert nokre bilde på måndag og, når han kjem heilt heim til skulen. Har da vore ein kjekk tur å oppleve so oppfordra Alfred folk til å skrive om da i gjesteboka, sånn att han har noko å lese på i helga

Alfred og heimesideskrivaren har komme seg heim etter nokre veker på havet. Då kosa dei seg med brus og mimra over reisa til seine kvelden

Her har Alfred endelig komme seg heilt heim til skulen og ho Mary. Mary har fått smykke sitt, og Alfred spandera bamsemums på alle. Han Alfred er litt slapp i skrotten og foretrekke å ha på seg dei kule vernebrillene sine i dag. Da tek på å reise så mykje.

So må alle få lov å kose litt med Alfred som har vore vekke så lenge.

Eva og Alfred deler ut bamsemums, før Alfred og heimesideskrivaren skal fortelje om turen sin.

Bamsemums er populært stoff, og på tavla ser ein litt av Åsgard A.

Berre so da er nevnt så er da heimesideskrivaren som har tegna Åsgard A på tavla, elevane tegna mykje finare enn ditta her. På veggane heng da bilde frå reisa til Alfred.

Både Alfred og Mary får mykje god kos, gjensynsgleda er stor.

1. -3. klasse ville gje noko tilbakers til alle på Åsgard A som har vore så snill med Alfred. Her har dei laga tegningar og tekstar som dei har limt på plakata. Lærarinne Eva har no og vore involvert i den jobben.

Her i kaffikroken på Åsgard A kan ein sjå att den eine tegninga har komme opp.

På storlagskontoret heng da 2 plakatar, her står Jon Atle og Kjetil og studera den eine plakaten

I kontrollrommet har dei fått plakat som Lars og Ola her står og beundrar.

Hotellsjefen Kjell studerer ein plakat som er hengt opp i resepsjonen.

Plattformsjef Lars har fått seg eigen plakat på kontoret sitt.