Referat frå styremøte i
Værlandet Vel
Tid og stad: Værlandet Bygdetun,
10.10.04 kl 16:30 – 18:15
Oppmøte: Astri Landøy, Laila
Kråkenes, Per Vidar Nybø, Linda Landøy
Vara: Audun Oddekalv, Ingebjørg
Vesterås
Forfall: Roar Landøy, Signe Marie
Landøy
|
Sak 1 |
Referat frå møte 28.08.04 |
|
Sak 2 |
Det årlige møtet grendalaga har med
kommunen vert 19.oktober -04 Bulandet Grendalag og Værlandet
Vel møtast 18.oktober kl 20:00 for å drøfte kva felles interesser vi har til
dette møtet. |
|
Sak 3 |
Værlandet idrettslag har ein finansieringsplan for Nordsjøløypa på 80 000,- Vi har fått 15000i SMIL midlar frå Askvoll kommune, kr. 39000 i spelemidlar frå fylkeskommunen. Kr. 10000 er eigenandel og kr 15000 er dugnadsinnsatsen. Sluttføringa av rekneskapen vert no gjort. |
|
Sak 4 |
Vi tar kontakt med
Statens vegvesen for å klargjere kva for informasjonsplakater/kart vi kan
henge på veggane på kaihuset. |
|
Sak 5 |
Værlandet-namnet har i år
100-års-jubileum. Korleis markerer vi dette? Slå i saman med markeringa av 1.
søndag i advent? Vil høyre med Harald Leite om han kan tenke seg å ha ansvar
for markeringa av jubileumet.. |
|
Sak 6 |
Innsamling til hjartestartar:
Værlandet og Bulandet har fått tildelt ein hjertestartar frå Norsk
Luftanbulanse. Både Værlandet og Bulandet har folk som vert kursa i bruken av
denne. Ein har komme fram til at det beste hadde vore å ha hjartestartar på
begge plasser. Grendalaga går derfor i gang med å prøve og samle inn pengar
til ein hjartestartar til. Til no er det sendt ut brev til bedrifter i Værlandet
og Bulandet, og til tidlegare fiskarlag i Værlandet og Bulandet. |
|
Sak 7 |
Nettsida: Bulandet Grendalag si
nettside vert no ei felles nettside for Værlandet Vel og Bulandet Grendalag. Adressa
er bulandet.grendalag.org. Arbeidet med denne sida er nett begynt, men ein
kan allerede finne mange innslag og bilder frå Værlandet på sida. |
|
Sak 8 |
Laila Kråkenes har termin i
november og går ut i permisjon 1.november -04. Ynskjer permisjon frå
sekretær/kasserer-jobben i Vel’et og. Astri Landøy tek på seg å skrive
referat og kalle inn til møter, Audun Oddekalv tek over som kasserer. Gjeld
til nytt styre vert valt over nyttår. |
|
Sak 9 |
Toaletter ved ferjekaia: Vi har
fått svar frå Statens Vegvesen at dei meiner det er for liten trafikk til å
stette eit behov for toalett. Vi sender tilbake svar der vi viser til den
store auka vi har hatt i trafikken ved ferjekaia siste året, og ber dei om å
vurdere saken på nytt. |
Ref.: Laila M. Kråkenes